Fly-by-wire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Airbus A380 vert styrt etter fly-by-wire-metoden

Fly-by-wire er ei engelsk nemning som tydar at eit fly er konstruert slik flygaren flyr flyet ved å instruere ein datamaskin, og datamaskinen manøvrerer flyet ved å stille inn roret og dei andre innretningane i samsvar med instruksane datamaskinen tek i mot frå flygaren. Flyet vert såleis ikkje manøvrert ved at flygaren (piloten) har beinveges mekanisk eller hydraulisk kontakt med roret og andre innretningar på flyet, men at dette går føre seg indirekte ved flyet vert styrt via ein datamaskin ved hjelp av elektriske signal gjennom leidningar, kablar, som på engelsk heiter wires.

I og med at flygaren ikkje har beinveges kontroll over dei innretningane som avgjer korleis flyet vert manøvrert, kan datamaskinen verte programmert til ikkje å utføre eventuelle manøvrer som flyet ikkje er bygd for å greie. Datamaskinen overvakar heile tida farta, motorane, hellinga på flyet og anna, og stabiliserer flyet til å halde seg innafor dei grensene for trygg flyging som er programmert inn i datamaskinen. Då eit stort tal alvorlege flyulukker skuldast at flygaren har manøvrert flyet feil, har tryggleiken i luftfarten auka monaleg med denne teknikken.

Metoden vart først teken i bruk i F-16 jagarfly, men verta no òg brukt i nyare passasjerfly som Airbus A380 og Boeing 777.

Tilsvarande metode vert brukt for ror og stabilisatorar på større skip. Fly-by-wire-teknologien er òg teken i bruk i bilar, og den engelske nemninga er då drive-by-wire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]