Skip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderne passasjerskip for turistar.
Eit moderne skip.
Seglskuta USS «Constitution» saman med mindre seglbåtar.
Foto: Todd Stevens
Hangarskip.
Moderne militærskip på ei sams øving.
Foto: I. Cutler

Skip (av norrønt skip) er eit større fartøy som vanlegvis blir brukt på vatn. Det finst ingen fast grense mellom båt og skip, men Godal[1] reknar farkostar større enn ei jekt som skip. Ordet har også blitt brukt om fargreier som har oppstått i nyare tid, som luftskip og romskip.

Skip er ofte havgåande farkostar med plass til mykje last eller passasjerar. Dei har mogleggjort globaliseringa av verda gjennom å tillata lange reiser og handel over hav.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Den første hovudmåten å segla på var ved hjelp av segl, tidvis med støtte frå årer. Egyptiske seglskip blei brukte på Nilen og Raudehavet frå 2000-talet f.Kr. Det første skipsnamnet me kjenner til er «Lovprising for dei to landa», om eit skip som høyrde til farao Sneferu, på ei innskrift frå 2613 f.Kr. Seinare utvikla ulike folkeslag samband og herredøme over delar av Middelhavet, Arabiahavet og Indiahavet.

Ein brukte astronomisk navigasjon fram til eit magnetisk kompass blei utvikla, først i Kina rundt 1100, seinare i ein tørr europeisk versjon før 1300. Dette, og utviklinga av stabile og manøvrerbare skipstypar som kinesisk skatteskip og europeisk karavell, gjorde det mogleg å ta sjøvegen mellom alle verdsdelar under oppdagingstida. Dette opna for både jordomseglingar, utvandring og kolonisering.

Fram mot 1800-talet blei det bygd stadig større og raskare seglskip, som klipperar og linjeskip. Desse blei i stor grad erstatta av dampskip, skip bygde av metall og drivne med nyvinninga dampmaskina. Seinare er det utvikla store skip, til dømes tankskip, kontainerskip og ulike militærskip, med ulike slag olje som drivstoff.

Annan bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjeskip, ein del av ei kyrkje, er også avleidd av ordet «skip».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J.B. Godal, Tre til båtar, Landbruksforlaget, 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skip
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.