Foo Fighters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foo Fighters
Dave grohl.jpg
Dave Grohl frå Foo Fighters.
Sjanger Alternativ rock, post-grunge,
Aktive år 1994 -
Plateselskap RCA Records, Capitol Records
Nettstad www.foofighters.com
Medlemmer
Dave Grohl (vokal, gitar)
Nate Mendel (bass)
Taylor Hawkins (slagverk)
Chris Shiflett (gitar)
Pat Smear (rytmegitar)
Tidlegare medlemmer
William Goldsmith (slagverk)
Franz Stahl (gitar)

Foo Fighters er eit amerikansk rockeband som blei starta i 1995 med tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl som frontfigur. Det vart danna etter at Kurt Cobain tok livet sitt og Nirvana braut saman. Dei andre medlemmene var Pat Smear (som hadde spelt gitar den siste turnéen til Nirvana), Nate Mendel på bass og William Goldsmith på trommer. Etter ein del utskifting av bandmedlem består Foo Fighters i dag av Dave Grohl (vokal og gitar), Taylor Hawkins (trommer), Chris Shiflett (gitar) og Nate Mendel (bass).

Namnet på gruppa kjem frå eit omgrep frå andre verdskrigen, brukt av allierte pilotar for å skildra uforklarlege luftfenomen som kunne vera nye fiendtlege våpen.

Foo Fighters fekk mange av Nirvanas tilhengarar, men har ein eigen karakteristisk stil.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]