Alternativ rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Alternativ rock
Stilmessig opphav: Pønkrock
Post-pønk
Hardcore punk
Kulturelt opphav: Tidleg på 1980-talet i Storbritannia og USA
Typiske instrument: Elektrisk gitar, bassgitar, trommer
Populær periode: Avgrensa før suksessen til britpop og grunge på 1990-talet. Utbreidd sidan då.
Undersjangrar
Britpopcollegerockdreampop - geekrockgotisk rockgrungemusikkindiepopindierocknoisepopnoiserockPaisley Undergroundpost-rockshoegazingtweepop
Musikalske scener
MassachusettsSeattleIllinoisManchester
Andre emne
Alternativ rock-bandCollegeradioSjølvstendig musikkLollapalooza

Alternativ rock (òg kalla alternativ musikk, alt-rock eller berre alternativ, i Storbritannia kjend som indie) er ein sjanger under rockemusikken som vart starta i 1980-åra og vart svært populær i 1990-åra. Alternativ rock inneheld ulike undersjangrar som har kome fram som sjølvstendig musikk, som til dømes grunge, britpop, gotisk rock og indiepop. Det desse sjangrane har til felles er at alle har med element frå pønken, som la grunnlaget for den alternative musikken i 1970-åra.[1] Somme tider har alternativ rock vorte brukt som eit samleomgrep for all rockemusikk frå undergrunnsartistar i 1980-åra og all musikk som stammar frå pønkrock (altså pønken i seg sjølv, New Wave og post-punk).

Medan nokre få artistar, som R.E.M. og The Cure oppnådde kommersiell suksess og generell anerkjenning, hadde mange av alternativ rock-artistane i 1980-åra berre sjølvstendige små plateselskap og fekk vist seg fram berre gjennom speletid på collegeradio og jungeltelegrafen. Med gjennombrotet til Nirvana og populariteten til grunge- og britpoprørslene i 1990-åra, kom alternativ rock med blant dei vanlege musikksjangrane og mange alternativband fekk kommersiell suksess.

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. di Perna, Alan. «Brave Noise—The History of Alternative Rock Guitar». Guitar World. Desember 1995.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]