For Whom the Bell Tolls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg songen For Whom the Bell Tolls og filmen For Whom the Bell Tolls

For Whom the Bell Tolls, kalla Klokkene ringer for deg på norsk, er ein roman av Ernest Hemingway, utgjeven i 1940.

Boka handlar om den unge amerikanaren Robert Jordan, som møter ei geriljagruppe i ei fjellhòle. Det er under den spanske borgarkrigen og Robert, eller Roberto som han kallar seg i Spania, elskar landet og ynskjer å bidra for Republikken Spania, derfor arbeider han for kommunistane som kjemper mot fascistane. Hans oppgåve er å sprengje ei bru, noko som er viktig for ein offensiv kommunistane skal gjere. Det er utruleg mykje som skjer på tida frå laurdag til tysdag, han må få alle på si side, og planleggje alt. I tillegg møter han den store kjærleiken i hòla, Maria.

Boka er både ein trist kjærleiksroman og ei bok som omhandlar den spanske borgarkrigen, korleis mange arbeidde for Republikken Spania.