Robert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seglet til ein tempelriddar, Frater Robert frå Retz.

Robert er eit mannsnamn som kjem frå det germanske namnet Hrodebert, danna av gammelsaksisk hrôt, 'prising, vidkjend'», og gammalhøgtyske beraht, 'lys, skinnande'. Robert har namnedag den 7. juni.

Namnet har kortformer som Rob, Rab, Bob, Bobby, Robi og Robin. På ulike språk er det blitt til Raibeart, Rigoberto, Robart, Robertas, Robertino, Robertus, Roparzh og Rupert. Avleidde namn er Roberts og Robinson. Roberta og Robertine er kvinnelege former.

Robert er det tredje mest brukte mannsnamnet i USA, og er blant dei mest brukte namna i Polen, Slovenia, Sverige og Ungarn.

Namnet er kjend i Noreg frå 1300-talet i forma (H)róðbjartr. I nyare tid har namnet vore brukt mest i Noreg i 1970-åra.

Skodespelaren Robert Wagner.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]