Tysdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Veka

Tysdag (eller tirsdag) blir gjerne rekna som den andre dagen i veka. Han er oppkalla etter den norrøne krigsguden Ty i dei fleste germansk-språklege land, medan den romerske guden Mars har namngjeve han i dei romanske. Dagen heiter Martis dieslatin, martedíitaliensk og mardifransk.

Somme stader blir tysdagen sett på som uheppen. For grekarane er han mellom anna dagen Konstantinopel fall til tyrkarane. I den spansktalande verda seier eit ordtak at på tysdagar bør ein korkje gifta seg eller leggja ut på reis - En martes, ni te cases ni te embarques. Dagen er også rekna som uheppen soome stader i India på grunn av tilknyttinga til planeten Mars, og ein del hinduar dreg til tempel denne dagen for å motverka den vonde innverknaden hans.

Spesielle tysdagar[endre | endre wikiteksten]