For en neve dollar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per un pugno di dollari
Norsk tittel: For en neve dollar
Opphavsland Italia
Språk Italiensk
Sjanger Western

Produsent Arrigo Colombo
Giorgio Papi
Manus A. Bonzzoni
Víctor Andrés Catena
Sergio Leone

Medverkande Clint Eastwood
Marianne Koch
Gian Maria Volontè
Wolfgang Lukschy
Sieghardt Rupp
Antonio Prieto

Musikk Ennio Morricone
Sjeffotograf Jack Dalmas
Federico G. Larraya
Klipp Bob Quintle
Alfonso Santacana

Filmformat technicolor i format 2.35 : 1
Budsjett $200 000 (estimat)
Aldersgrense 16 år (1966)
Oppfølgjar For et par dollar mer

IMDb-profil
Medietilsynet

For en neve dollar (originaltittel: Per un pugno di dollari) er ein italiensk westernfilm frå 1964 regissert av Sergio Leone. Dette var hans andre sjølvstendige spelefilm, og blir rekna som den første spaghetti western-filmen. Hovudrolla blir spelt av Clint Eastwood.

Den valdelege og biletsterke filmen byggjer på Akira Kurosawa sin japanske samuraifilm Yojimbo frå 1961 og utgjer den første filmen i ein trilogi som elles består av For noen få dollar mer frå 1965 og Den gode, den onde og den grusomme frå 1966.

For ein neve dollar vart det kommersielle gjennombrotet til Leone, og gjorde samstundes den unge amerikanaren Clint Eastwood, som spelte hovudrolla som den tøffe, lakoniske, namlause antihelten, til verdsstjerne.[1] På tilsvarande måte fekk filmkomponisten Ennio Morricone den første internasjonale suksessen sin med slåande og stilskapande musikk.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Ein einsam namnlaus ryttar (spelt av Clint Eastwood) kjem fram til den vesle meksikanske byen San Miguel nær grensa til Arizona i 1872. Det er dødsstille i byen, men eit barn spring tvers over gata og ropar på mora si. Det er ei spent og mystisk stemning, og snart blir det klårt at dette skuldast to brutale bandar som held byen i eit jerngrep. Rolla til Eastwood blir snart innblanda i rivaliseringa og vel å ta opp kampen ved å spele bandane ut mot kvarandre.

Om filmen[endre | endre wikiteksten]

Filmen representerte på mange måtar eit vegskilje for western-sjangeren. Han skilde seg først og fram ut med brutaliteten sin, og hensiktane og moralen til helten var ikkje eigna å etterfølgje. Det var ikkje lenger så tydeleg kven dei gode og dei vonde var, slik som i tradisjonelle amerikanske westernfilmar.[2]

Det meste av filmen vart spelt inn i Andalucía i Spania.

Kritikarane

Filmen vart særs godt motteke av kritikarane, noko som blir gjenspegla i at han har fått 98% på Rotten Tomatoes.[3]

Aftenposten sin kritikar skreiv: «Det er lenge sidan vi har sett ein western som er ladd med så fortetta dramatikk». Han gav òg ros til rolletolkinga til Eastwood.[4] Kritikaren på nettstaden CINERAMA gav han terningkast seks i 2005 og skreiv: «Alt i alt, så må ein berre gje seg ende over og nyte denne flotte filmen frå ende til annan».[5]

Publikum

Filmen har i alt spelt inn $11 millionar på kino i USA, ca $14 millionar i Italia (1964–71) og ca $7 millionar i Spania. Han vart sett av 3,3 millionar i Spania.[6]

I Noreg

Filmen vart i første omgangen forbode i Noreg, men etter ein del klipp vart han tillate. Først vart ca. 200 meter klipte vekk av distributøren, sidan vart ytterlegare 80-90 meter klipt vekk av Statens Filmkontroll.[7]

Rollebesetning[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hughes, Howard (2009). Aim for the Heart. London: I.B. Tauris. ISBN 9781845119027. 
  • Munn, Michael (1992). Clint Eastwood: Hollywood's Loner. London: Robson Books. ISBN 086051790x. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagbladet Film
  2. Aftenposten morgon – Guttedrømmene oppfyllast når helten ryddar opp (5.5.1969, s.4)
  3. Rotten Tomatoes
  4. Aftenposten morgon – God western (11.4.1967, s.8)
  5. sine-more CINERAMA (20.4.2005)
  6. IMDb Business
  7. Aftenposten aften – USA er bekymret for de økende voldstendenser i film (9.9.1967, s.7)

{

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]