Fordson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fordson F.

Fordson var eit dotterselskap til Ford Motor Company som produserte traktorar. Den fyrste Fordson-traktoren var Fordson F, som vart produsert frå 1917 til 1928 i Dearborn i USA og i Corke i Irland frå 1919 til 1922. Fordson F skilde seg frå andre traktorar i samtida ved at motoren, girkassen og bakakselen var bolta saman til eit berande stykke og alle tannhjula i girkassen og bakakselen gjekk i oljebad.

Ein noko modifisert versjon, Fordson N, vart produsert i Cork frå 1929 til 1932 og i Dagenheim Storbritannia frå 1929 til 1945. Fordson E27N Major var ein modifisert versjon av Fordson N, som vart produsert frå 1946 til 1952. Han hadde mellom anna forbetra bakaksel og større frigångshøgd, men motoren var ikkje fornya og var utdatert i høve til mange andre traktorar.

Frå 1939 til 1947 produserte Ford traktorar for Ferguson, som stod for salet. Desse hadde trepunktsoppheng med hydraulisk djupnregulering og var svært moderne. Dei vart produserte i Dearborn i USA samstundes som den noko utdaterte Fordson E27N vart produsert i England.