Forlana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forlana, òg skrive furlana, friulana og forlane, er ein gammal italiensk folkedans frå Friuli i Nord-Italia, med hurtige, kraftige og lystige rørsler i 6/8 eller 6/4 takt. Ein kjenner til dansen tilbake til 1609 og han vart populær i midten av 1780-åra.

Johann Sebastian Bach nytta ein forlana i den første orkestersuiten sin. Maurice Ravel nytta den barokke forlanaen i pianosuiten Le Tombeau de Couperin. Ein annan forlana finst på slutten av pianosuiten til Ernest Chausson Quelques Danses.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]