Fortune Teller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Fortune Teller» er ein song skriven av Allen Toussaint under pseudonymet Naomi Neville og vart først spelt inn av Benny Spellman som ei B-sideMinit Records i 1962.

The Rolling Stones spelte inn ei studioutgåve av songen på det første konsertalbumet deira, Got Live if You Want It!, med lyden av skrikande jenter lagt oppå. Ei utgåve utan dei skrikande jentene finst på samleplata More Hot Rocks (Big Hits & Fazed Cookies). Andre artistar som har spelt songen er The Hollies, The Who (på konsertalbumet Live at Leeds), The Merseybeats, Tony Jackson, the Hardtimes, the Stellas og fleire andre. I 2007 gav Robert Plant og Alison Krauss ut songen på det kritikarroste albumet Raising Sand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]