The Rolling Stones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Rolling Stones

OpphavLondon i England
Aktiv1962–
SjangerRock and roll, rhythm and blues, blues, rock
PlateselskapDecca, Rolling Stones, Virgin, ABKCO, Interscope, Polydor
MedlemmerMick Jagger
Keith Richards
Charlie Watts
Ronnie Wood
Tidlegare medlemmerBrian Jones
Ian Stewart
Dick Taylor
Mick Taylor
Bill Wyman
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, Juno Award for International Entertainer of the Year, Michael Jackson Video Vanguard Award, Grammy Award for Best Rock Album, Grammy Award for Best Music Video, MTV Video Music Award for Best Visual Effects, MTV Video Music Award for Best Cinematography, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award

The Rolling Stones er eit engelsk rockeband som vart danna i 1962 i London då multiinstrumentalisten Brian Jones og pianisten Ian Stewart slo seg saman med vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards. Bassisten Bill Wyman og trommeslagaren Charlie Watts var dei andre medlemmane i den første utgåva av gruppa. Stewart, som ikkje vart rekna som passande som tenåringsidol, vart offisielt fjerna frå bandet i 1963, men heldt fram å jobbe for bandet som turnemanager og keyboardist fram til han døydde i 1985.

Dei tidlege innspelingane til bandet var hovudsakleg amerikanske blues- og R&B-songar. Dei oppnådde tidleg suksess i Storbritannia og vart så populære i USA under «den britiske invasjonen» tidleg i 1960-åra. Jagger og Richards danna tidleg eit låtskrivarpartnarskap og tok gradvis over leiinga i bandet frå den stadig meir urolege og ureknelege Jones. Singelen deira «(I Can't Get No) Satisfaction» i 1965 etablerte The Rolling Stones som eit av dei fremste rock and roll-gruppene i verda. Frå og med albumet Aftermath frå 1966, starta Jagger og Richards, med hjelp av dei instrumentale eksperimenta til Jones, å skape meir varierte songar innanfor fleire stilartar. Jones døydde i 1969, kort tid etter han vart sparka frå bandet, og vart erstatta av Mick Taylor. Taylor spelte inn fem studioalbum med The Rolling Stones før han gav seg i 1974. Tidlegare Faces-gitarist Ronnie Wood kom så inn i bandet, og har vore med sidan. Wyman forlét the Rolling Stones i 1993 og bassisten Darryl Jones, som ikkje er eit offisielt medlem av gruppa, har teke over for han sidan 1994.

The Rolling Stones har gjeve ut 22 studioalbum i Storbritannia (24 i USA), åtte konsertalbum og mange samlingar. Totalt har dei seld over 200 millionar plater over heile verda.[1] Det siste albumet deira, A Bigger Bang, kom i 2005. Sticky Fingers (1971) starta ei rekkje på åtte påfølgjande album som nådde toppen av albumlista i USA. I 1989 vart The Rolling Stones innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone dei på 4. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene. Det lurvete og ungdommelege imaget deira er noko mange musikarar framleis prøve å ta etter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1950-åra var Keith Richards og Mick Jagger klassekameratar ved Wentworth Primary School i Dartford i Kent.[2] Dei møtte kvarandre igjen i 1960 medan Richards gjekk på Sidcup Art College.[3] Richard minnest dette: «Eg var framleis på skulen og han skulle gå på London School of Economics... Så eg tok eit tog ein morgon, og der var Jagger. Under armen sin hadde han fire eller fem album. Han hadde Chuck Berry og Muddy Waters».[4] Med den felles venen deira Dick Taylor (seinare i Pretty Things), danna dei bandet Little Boy Blue and the Blue Boys.[3] Samstundes var Brian Jones og pianist Ian Stewart aktive i R&B-miljøet i London og spelte med Cyril Davies og Alexis Korner. Jagger og Richards møtte Jones då han spelte slidegitar i Korner-bandet Blues Incorporated. Korner leigde stundom òg Jagger og den framtidige Stones-trommisen Charlie Watts.[5] Den første øvinga deira vart organisert av Jones og inkluderte Stewart, Jagger og Richards. Richards hadde vorte invitert av Jagger. I juni 1962 var bandmedlemmane Jagger, Richards, Stewart, Jones, Taylor og trommeslagar Tony Chapman. Taylor forlet gruppa. Jones kalla bandet The Rollin' Stones, etter songen «Rollin' Stone» av Muddy Waters.[6][7]

1962–1964[endre | endre wikiteksten]

Den 12. juli 1962 spelte gruppa sin første formelle konsert ved Marquee Club og stod oppført på plakaten som «The Rollin' Stones».[8] Bandmedlmemmane var Jagger, Richards, Jones, Stewart på piano, Taylor på bass og Tony Chapman på trommer. Jones ønskte av bandet hovudsakleg skulle spele Chicagoblues, men Jagger og Richards førte rock & roll-stilen til Chuck Berry og Bo Diddley inn i bandet.[9] Bassist Bill Wyman kom inn i desember og trommeslagar Charlie Watts månaden etter. Denne rytmeseksjonen skulle vare om lag tretti år.[10][3]

Den første manageren til The Rolling Stones var Giorgio Gomelsky, og han ordna ein konsert for bandet på hans eigen Crawdaddy Club[3] der bandet vart verande dei neste åtte månadane. Ein ung, og tidlegare publisist for The Beatles, Andrew Loog Oldham signerte bandet til eit managerpartnarskap mellom han og Eric Easton tidleg i mai 1963.[11] (Gomelsky, som ikkje hadde skriftlege avtalar med bandet vart ikkje konferert). George Harrison, anbefalte samstundes Dick Rowe i Decca Records, som er mest kjend for å ha avvist the Beatles, at han burde gje The Rolling Stones ein platekontrakt. Bandet la ut på den første turneen deira i Storbritannia i juli 1963 og spelte dei første konsertane utanfor London den 13. juli på Outlook Club i Middlesbrough.[12] For dette fekk dei £40 og delte programmet med The Hollies.[13][14]

Etter å ha signert The Rolling Stones til ein avtale om å leige lydband hos Decca,[15] fekk Oldham og Easton bandet ut på deira første større britiske turne hausten 1963. Dei stod på programmet som oppvarmarar for amerikanske stjerner som Bo Diddley, Little Richard og The Everly Brothers. Høvet til å studere desse artistane var ein viktig læreprosess for korleis det unge bandet tedde seg på scenen.[16][17][18]

Før denne turneen, i juli 1963, gav bandet ut den første singelen sin, ei utgåve av Chuck Berry-songen «Come On», som nådde 21. plass i Storbritannia. I november 1963 fekk the Rolling Stones ein større hit med ei utgåve av Lennon/McCartney-songen «I Wanna Be Your Man», som gjekk til 12. plass på den britiske salslista.

Oldham skapte imaget til bandet som langhåra bråkmakarar for å vere det motsette av det the Beatles gjorde.[5] Bandet turnerte kontinuerleg Storbritannia og hadde fleire framsyningar på TV. Den neste singelen deira, ei oppjaga utgåve av Buddy Holly-songen «Not Fade Away», nådde tredjeplassen i Storbritannia.

Det første albumet deira The Rolling Stones, (i USA gjeve ut som England's Newest Hit Makers) bestod hovudsakleg av songar frå andre artistar som dei brukte å spele på konsertane på denne tida. LP-en inneheldt òg Jagger/Richards-songen «Tell Me (You're Coming Back)» - og to songar tilskriven Nanker Phelge, namnet dei nytta for songar laga av heile gruppa.

Den første amerikanske turneen til The Rolling Stones i juni 1964 var i følgje Bill Wyman ei katastrofe, sidan dei ikkje hadde gjeve ut musikk i landet enno.[19] Då dei spelte på TV-showet til Dean Martin, The Hollywood Palace, gjorde Martin narr av både håret og framføringa deira.[20] Under turneen fekk dei tid til ei to dagar lang innspeling i Chess Studios i Chicago, der mange av dei musikalske heltane deira spelte inn musikken sin.[21] Her spelte dei inn det som skulle verte den første songen til The Rolling Stones på toppen av den britiske salslista, utgåva deira av Bobby og Shirley Womack sin «It's All Over Now».[22]

På den andre amerikanske turneen deira hausten 1964, spelte bandet like etter James BrownThe TAMI Show som vart filma og vist på kino. Her var fleire band som medverka i den britiske invasjonen. Den 25. oktober spelte bandet òg på The Ed Sullivan Show. Sullivan reagerte på kaoset the Stones skapte og lovde å aldri la dei spele på showet igjen,[23] men hadde dei likevel med på showet fleire gonger seinare.[5] Det andre albumet deira, som berre kom ut i USA, 12 X 5, vart gjeve ut under denne turneen.[24] Dette albumet inneheldt òg hovudsakleg coverversjonar, samt eit par songar av Jagger/Richards og Nanker Phelge.

Den femte singelen til The Rolling Stones i heimlandet, ei utgåve av Willie Dixon sin «Little Red Rooster» med «Off the Hook» (Nanker Phelge) på baksida, kom ut i november 1964 og vart den andre førsteplassen deira i Storbritannia, noko som var ei bragd for ein bluessong. Det amerikanske distribusjonsselskapet til bandet (London Records) nekta å gje ut «Little Red Rooster» som singel der, truleg på grunn av dei seksuelle overtonane i songen.[25] I desember 1964 gav London Records ut den første singelen med Jagger/Richards-songar på begge sidene: «Heart of Stone» med «What a Shame» som B-side. Singelen gjekk til 19. plass i USA.[26]

1965–1969[endre | endre wikiteksten]

Det andre albumet til bandet i Storbritannia, The Rolling Stones No. 2, kom ut i januar 1965 - og gjekk til toppen av albumlista. Den amerikanske utgåva, som kom i februar vart kalla The Rolling Stones, Now! og gjekk til femteplass her. Det meste av innhaldet på albuma vart spelt inn i Chess Studios i Chicago og RCA Studios i Los Angeles.[27] I januar-februar 1965 turnerte bandet i Australia og New Zealand for første gong, i alt 34 konsertar for om lag 100 000 tilhengjarar.[28]

Den første Jagger/Richards-songen som nådde førsteplassen i heimlandet var «The Last Time» (februar 1965). Singelen gjekk til niandeplass i USA og var den første singelen av tre som nådde førsteplassen på VG-lista i Noreg. Den første internasjonale hitten deira, som nådde førsteplassen i fleire land, mellom anna Noreg, var «(I Can't Get No) Satisfaction». Han var spelt inn i mai 1965 under den tredje nordamerikanske turneen til bandet. Singelen kom ut i juni 1965 og etablerte the Stones som eit verdskjend band.[29] Den amerikanske utgåva av albumet Out of Our Heads (juli 1965) nådde òg førsteplassen. Han inneheldt sju originale songar (tre av Jagger/Richards og fire tilskriven Nanker Phelge).[30] Den andre internasjonale hitten deira, «Get Off of My Cloud» kom ut hausten 1965,[5] etterfølgd av eit album, som berre kom ut i USA, December's Children.[24]

Aftermath (#1 i Storbritannia, #2 i USA) kom ut seint på våren 1966 og var det første Rolling Stones-albumet som berre inneheldt songar komponert av Jagger/Richards. Jones medverka med eksotiske instrument og la mykje nytt til bandet sitt lydbilete. Den amerikanske utgåva av albumet inneheldt bestseljaren «Paint It Black», som var påverka av arabisk musikk, balladen «Lady Jane» og den nesten 12 minuttar lange «Going Home», den første lange jammen på eit bestseljande rockealbum. Seinare skulle Jimi Hendrix, Cream og andre band utover 60- og 70-åra gje ut slike lange songar regelmessig.

Salet av singlar nådde eit høgdepunkt for the Stones i 1966. «19th Nervous Breakdown» (februar 1966, #2 i Storbritannia og USA) vart etterfølgd av den første transatlantiske førsteplassen deira, «Paint It Black» (mai 1966). «Mother's Little Helper» (juni 1966) vart gjeve ut på singel i USA, der han nådde åttandeplass. Han var ein av dei første popsongane som tok opp temaet narkotikamisbruk, og er òg kjend for at Jagger song teksten med den naturlege London-aksenten sin, i motsetnad til den meir amerikanske aksenten han nytta på tidlegare innspelingar.

I september 1966 kom singelen «Have You Seen Your Mother, Baby, Standing In The Shadow?» (#5 i Storbritannia, #9 USA). Dette var den første songen til Stones der det vart nytta blåsarar, baksidebilete på omslaget viste gruppa satirisk kledd som transvestittar og det vart laga ein av dei første musikkvideoane nokon gong, regissert av Peter Whitehead.

I januar 1967 kom Between the Buttons (#3 i Storbritannia, #2 i USA og Noreg). Albumet var det siste Andrew Oldham gjorde for The Rolling Stones, her som produsent. Managerrolla i bandet hadde Allen Klein teke over i 1965. Den amerikanske utgåva av albumet inneheldt den doble A-sida «Let's Spend the Night Together» og «Ruby Tuesday», som gjekk til førsteplass i USA, tredjeplass i Storbritannia og andreplass i Noreg. Då bandet reiste til New York for å spele desse songane på The Ed Sullivan Show endra Jagger teksten i refrenget til «let's spend some time together» for å unngå at framføringa på showet vart kansellert.[3][31]

Jagger, Richards og Jones starta no å verte forfølgd av styresmaktene på grunn av narkotikabruken deira. Tidleg i 1967 trykte News of the World ein artikkel i tre delar som heitte «Pop Stars and Drugs: Facts That Will Shock You», det dei kom med påstandar om LSD-festar organisert av The Moody Blues med stjerner som Pete Townshend frå The Who og Ginger Baker frå Cream, og at alle dei leiande popstjernene nytta narkotika. Den første artikkelen anklagde Donovan (som like etter vart utsett for razzia og sikta), medan den andre var retta mot the Rolling Stones.

Ein reporter som medverka til artikkelen hadde ein kveld vore på den eksklusive London-klubben Blaise's, der fleire medlemmar av the Stones visstnok tok fleire fenedrin-piller, viste fram hasj og inviterte vener tilbake til heimen sin for ein «røyk». Artikkelen hevda at dette var Mick Jagger, men det viste seg at det i staden for hadde vore Brian Jones. Kvelden då artikkelen kom ut var Jagger på prateprogrammet til Eammon Andrews og annonserte at han var i ferd med å saksøke avisa for ærekrenking.[32]

Ei veke seinare, søndag 12. februar, utførte politiet i Sussex (tipsa av News of the World) ein razzia mot heimen til Keith Richards i Redlands. Ingen vart arresterte, men Jagger, Richards og venen deira, kunsthandlaren Robert Fraser, vart sikta for narkotikamisbruk. Richards sa i 2003, «Då me vart tekne i Redlands, skjønte med at dette var eit heilt anna spel, og det var då moroa stoppa. Fram til då hadde London vore ein vakker stad der du kunne gjere kva du ville.»[33]

I mars, medan dei venta på konsekvensane etter politirazziaen, valde Jagger, Richards og Jones å dra ein kort tur til Marokko, i lag med Marianne Faithfull, Anita Pallenberg som var kjærasten til Jones og andre vener. På turen vart det stormfulle forholdet mellom Jones og Pallenberg så dårleg at Pallenberg forlét Marokko i lag med Richards.[34] Richards sa seinare: «Det var spikaren i kista for meg og Brian. Han kunne aldri tilgje meg for dette og eg klandrar han ikkje, men men, shit happens.»[35] Richards og Pallenberg vart verande eit par i tolv år. Trass i komplikasjonane drog The Rolling Stones på turne i Europa i mars og april 1967. På turneen spelte dei mellom anna i Polen, Hellas og Italia for første gong.[36]

9. mai 1967, same dag som Jagger, Richard og Fraser vart sikta i Redlands, gjorde politiet razzia i heimen til Brian Jones og han vart arrestert og sikta for å ha cannabis.[3] Med tre av fem medlemmar i Rolling Stones sikta for lovbrot, møtte Jagger og Richards for retten i slutten av juni. Den 29. juni vart dei begge dømd til fengsel, men vart sleppte fri mot kausjon dagen etter i påvente av ankesaka.[37] The Times trykte no ein kjend artikkel kalla «Who breaks a butterfly on a wheel?», der redaktøren William Rees-Mogg var sterkt kritisk til dommen, og påpeikte at Jagger hadde vorte behandla langt strengare for eit førstegongslovbrot enn det som ville vore for ein «anonym ung mann».

Medan dei venta på ankesaka spelte bandet no inn ein ny singel, «We Love You», som ein takk til dei lojale tilhengjarane deira. Han startar med lyden av fengselsdører som lukkar seg og videoen som følgde viser antydingar til rettssaka til Oscar Wilde.[38] I juli omgjorde ankedomstolen dommen til Richards, medan Jagger fekk straffa si redusert til betinga fengsel. Rettssaka til Brian Jones fann stad i november 1967, som òg vart dømd til fengsel, men etter ankesaka i desember vart han i staden dømd til å betale £1000 med tre års prøvetid. I tillegg vart han dømd til å søke profesjonell hjelp.[39]

I desember 1967 kom albumet Their Satanic Majesties Request (#3 i Storbritannia, #2 i USA og Noreg), som kom like etter The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.[3] Satanic Majesties vart spelt inn under vanskeleg tilhøve, medan Jagger, Richards og Jones var opptekne med rettssakene sine. Bandet og produsent Andrew Oldham gjekk òg kvar sin veg under denne innspelinga. Oppløysinga var fredeleg, i det minste offentleg;[40] men i 2003 sa Jagger at årsaka var at Oldham meinte dei ikkje var konsentrerte og oppførte seg barnsleg.[3]

Satanic Majesties vart derfor det første albumet The Rolling Stones produserte på eiga hand. Det var òg det første albumet deira som hadde identiske versjonar på begge sider av Atlanteren. Det psykedeliske lydbilete stod i stil med plateomslaget, som viste eit tredimensjonalt bilete teken av Michael Cooper, som òg hadde teke bilete på omslaget til Sgt. Pepper. Bill Wyman skreiv og song eit spor på albumet: «In Another Land», som vart gjeven ut som den første Rolling Stones-singelen utan Jagger på vokal.[41]

Bandet brukte dei første månadane av 1968 på det neste albumet sitt. Denne perioden resulterte i songen «Jumpin' Jack Flash», som kom ut som singel i mai. Songen og det påfølgjande albumet Beggars Banquet (#3 i Storbritannia, #5 i USA, #2 i Noreg) markerte eit steg tilbake til bluesrøtene til bandet og starten på eit samarbeid med produsenten Jimmy Miller. Albumet inneheldt singelen «Street Fighting Man» (som omhandla den politiske uroa i mai 1968) og opningssporet «Sympathy for the Devil». Beggars Banquet var ei blanding av country- og bluesinspirerte songar og vart hylla då det kom ut. Det er eit musikalsk skilje mellom Satanic Majesties og Beggars Banquet. Bandet hadde gått lei den musikalske eksperimenteringa og ønskte å gå tilbake til røtene sine. I følgje Richards var han sint etter arresteringa og seier at det var mykje sinne i musikken deira på denne tida.[42] På denne tida starta Richards å nytte open stemming på gitaren, som ein kan høyre på mange av songane deira på denne tida. Dette vart eit varemerke for gitarlyden til Stones (og Richards).

Mot slutten av 1968 vart The Rolling Stones Rock and Roll Circus filma. Filmen inneheldt John Lennon, Yoko Ono, The Dirty Mac, The Who, Jethro Tull, Marianne Faithfull og Taj Mahal. Opptaka vart skrinlagde i 28 år, sidan Rolling Stones visstnok var misnøgde med framføringa si, men vart til slutt gjevne ut i 1996.

Beggars Banquet kom ut var Brian Jones uroleg og medverka berre sporadisk til bandet. Jagger sa at Jones ikkje passa psykologisk til denne levemåten.[43] Narkotikabruken hans hadde vorte ei hindring og han fekk ikkje visum til USA. I juni hadde Jagger, Richards og Watts eit møte heime hos Jones, der Jones innrømde at han ikkje ville klare å dra ut på turne igjen. I følgje Richards let alle Jones få sei at han forlét bandet og at han kunne kome tilbake kor tid han ville.[4] Erstatninga hans var den 20 år gamle Mick Taylor frå John Mayall's Bluesbreakers og han vart raskt med på innspelingane til bandet. 3. juli 1969, mindre enn ein månad seinare, vart Jones funne drukna i bassenget sitt i heimen sin på Cotchford Farm i Sussex.

1969–1974[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones hadde planlagt ein gratiskonsert i Hyde Park i London to dagar etter Brian Jones omkom, og dei valde å gjennomføre konserten som ei hyllest til Jones. Den første konserten med Mick Taylor vart spelt føre om lag 250 000 tilhengjarar.[3] Framføringa vart filma av Granada Television for eit program på britisk fjernsyn kalla Stones in the Park. Jagger las eit utdrag frå Percy Bysshe Shelley sin elegi Adonais og sleppte ut tusenvis av sommarfuglar til minne om Jones.[3] På konserten vart songen «Honky Tonk Women» spelt for første gong. Manageren deira Sam Cutler introduserte dei som «det største rock and roll-bandet i verda»[44] - ei skildring han heldt fram med gjennom den amerikanske turneen deira i 1969, og som har halde ved dei heilt fram til i dag.

Let It Bleed (#1 i Storbritannia, #2 i Noreg og #3 i USA) kom ut i desember. Det siste albumet deira på 60-talet. Let It Bleed inneheldt songen «Gimmie Shelter» med korvokal frå den kvinnelege songarinna Merry Clayton, «You Can't Always Get What You Want», «Midnight Rambler». Jones og Taylor er med på to spor kvar. Mange av desse songane vart spelte på den amerikanske turneen deira i november 1969, den første dei hadde her på tre år. Like etter turneen arrangerte bandet Altamont Free ConcertAltamont Speedway, om lag 60 km aust for San Francisco. Motorsykkelgjengen Hells Angels vart leigd inn som vakter, noko som førte til at ein tilhengjar, Meredith Hunter, vart knivstukken og slått i hel av ei av vaktene.[45] Delar av turneen og Altamont-konserten vart dokumentert i Albert og David Maysles-filmen Gimme Shelter. Som svar på at det stadig dukka opp fleire bootlegplater gav bandet ut albumet Get Yer Ya-Yas Out! (#1 i Storbritannia, #3 i Noreg og #6 i USA) i 1970. Kritikar Lester Bangs hylla det som det beste konsertalbumet nokon gong.[46]

In 1970 gjekk kontraktane med både Allen Klein og Decca Records ut og under ein kontraktstrid med Klein, oppretta dei sitt eige plateselskap, Rolling Stones Records. Sticky Fingers (#1 i Storbritannia, Noreg og USA) kom ut i mars 1971, det første albumet på deira eige plateselskap. Omslaget vart utforma av Andy Warhol. Albumet inneheldt nokre av dei mest kjende songane til Stones, som «Brown Sugar»" og den countryaktige «Wild Horses»". Begge vart spelt inn i Muscle Shoals Sound Studio i Alabama under turneen deira i 1969. Albumet inneheldt òg songar som var særs bluesladde. Albumet er kjend for den «lause, falleferdige stemninga»[47] og var det første albumet som Mick Taylor var med på frå starten av.

Etter Sticky Fingers fekk The Rolling Stones råd frå dei økonomiske rådgjevarane sine om å forlate England. Bandet flytta til det sørlege Frankrike, der Richards leigde Villa Nellcôte og vidare leigde ut rom til bandmedlemmane og følgjet deira. Med Rolling Stones Mobile Studio spelte dei inn songar i kjellaren, som dei gjorde ferdige i Sunset Studios i Los Angeles. Resultatet vart dobbeltalbumet Exile on Main St. (#1 i Storbritannia, Noreg og USA) som kom ut i mai 1972. Albumet vart hylla av kritikar Robert Christgau[48] og slakta av Lester Bangs, som endra meining etter nokre månader. Exile vert i dag ofte trekt fram som eit av dei beste albuma til Rolling Stones.[49] Filmane Cocksucker Blues (ikkje offisiell) og Ladies and Gentlemen: The Rolling Stones (frå 1974) dokumenterte den påfølgjande amerikanske turneen.

I november 1972 spelte bandet inn songar i KingstonJamaica, for det som skulle verte Goats Head Soup (#1 i Storbritannia, USA og Noreg) i 1973. Albumet gav den store hitten «Angie», men sjølv om albumet selde bra, vart det ikkje så godt teken i mot av kritikarane, noko dei komande albuma òg var prega av.[50] Innspelinga av Goats Head Soup gav mange songar, som til dømes den populære balladen «Waiting on a Friend» som ikkje kom ut før åtte år seinare på Tattoo You.

Innspelinga av albumet vart forstyrra av ei annan strid om narkotika, som starta under opphaldet deira i Frankrike. Ein arrestordre for Richards kom ut og dei andre bandmedlemmane måtte tilbake til Frankrike for avhøyr.[51] Dette, i lag med narkotikadommane til Jagger frå 1967 og 1970,[52] gjorde planane deira om ein Stillehavsturne i 1973 kompliserte. Dei vart nekta innreise til Japan og vart nesten bannlyste frå Australia. Etter dette reiste Stones på turne i Europa (der dei unngjekk Frankrike) i september-oktober 1973, før Richards igjen vart arrestert for narkotikamisbruk, denne gongen i England.[53]

Bandet drog til Musicland studio i München for å spele inn det neste albumet sitt, It's Only Rock 'n' Roll frå 1974 (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg), men Jimmy Miller, som no hadde narkotikaproblem, var ikkje lenger produsent. I staden produserte Jagger og Richards albumet, tilskriven «the Glimmer Twins». Både albumet og singelen med same namn vart hittar.

Nær slutten av 1974 starta Taylor å verte utolmodig.[54] Situasjonen til bandet gjorde det vanskeleg å fungere som band. Dei forskjellige bandmedlemmane budde i forskjellige land, i tillegg til at dei hadde forskjellige restriksjonar for innreise til fleire land, slik at det vart vanskeleg å turnere. Samstundes gjekk narkotikabruken til Richards ut over kreativiteten og produktiviteten hans, medan Taylor følte at hans eigne kreative bidrag vart oversett.[55] Mot slutten av 1974 forlet Taylor The Rolling Stones.[56]

1974–1982[endre | endre wikiteksten]

The Stones nytta innspelingane i München til å finne ein erstatning for Taylor. Gitaristar så varierte som Peter Frampton frå Humble Pie og virtuosen Jeff Beck frå tidlegare Yardbirds var og prøvespelte. Rory Gallagher og Shuggie Otis var òg på prøvespeling. Dei amerikanske studiomusikarane Wayne Perkins og Harvey Mandel var medverkande på albumet, men Richards og Jagger ønskte å halde the Stones reint britisk. Då Ron Wood kom inn i studio og jamma med bandet, visste Richards og alle medlemmane at han var den rette. Han hadde alt spelt på og vore med skrive songen «It's Only Rock 'n Roll» i lag med Richards. Albumet Black and Blue (#2 i Storbritannia og Noreg, #1 i USA) kom i 1976 og inneheld bidrag frå alle saman. Ron Wood måtte først avslå tilbodet om å verte med i Rolling Stones sidan han var bunden til The Faces. Wood gjekk inn i the Stones i 1976 då Faces vart oppløyst, men var berre ein betalt musikar til Wyman forlét bandet nesten tjue år seinare, då han vart eit fullt medlem av partnarskapet Rolling Stones.

I 1975 la Rolling Stones ut på turne i Amerika, som starta med at bandet spelte bakpå ein trailer som køyrte nedover Broadway i New York City.

Jagger fekk bandet inn på El Mocambo i Toronto for å spele inn eit konsertalbum i 1977, Love You Live (#3 i Storbritannia, #5 i USA, #10 i Noreg), det første sidan Get Yer Ya-Ya's Out! tidleg i 70-åra. Richard var avhengig av heroin og han vart derfor forseinka til Toronto, medan dei andre medlemmane alt var framme. Dei sendte eit telegram til Richards og lurte på kvar han var. Den 24. februar 1977 kom Richards og familien hans frå London og vart halde tilbake av tollvesenet i Canada etter at det vart funne ei brend skei og restar av hasj på Richards. 4. mars sa kjærasten til Richards, Anita Pallenberg, seg skuldig i å ha på seg narkotika og fekk bot for lovbrotet.[57] Søndag 27. februar, etter to dagar med øvingar, kom det kanadiske politiet inn i lokalet med ein arrestordre på Pallenberg. Då fann dei 22 gram heroin[58] på rommet til Richards. Richards vart sikta for å ha ført narkotika inn i Canada, noko som hadde ei strafferamme på minst sju år i Canada.[59] Seinare innsåg påtalemakta at Richards hadde fått tak i dopet etter han kom inn i landet.[60] Trass i arrestasjonen, spelte bandet to konsertar i Toronto, men skapte meir kontrovers då Margaret Trudeau, den dåverande kona til den kanadiske statsministeren Pierre Trudeau, vart sett på fest med bandet etter konserten. Dei to konsertane vart haldne hemmelege for ålmenta og El Mocambo hadde vorte bestilt heile veka for April Wine som skulle gjere ei innspeling her. Ein lokal radiostasjon hadde ein konkurranse der premien var gratis billettar til April Wine og vinnarane fekk sjølv velje kva kveld dei ville sjå bandet. Vinnarane som valde billettar for fredag og laurdag kveld fekk seg ei stor overrasking då det var Rolling Stones som spelte i staden.[57]

Narkotikasaken varte over eit år, før Richards fekk betinga dom og ordre om å halde to gratis konsertar for CNIB i Oshawa i Ontario.[60] Begge konsertane vart haldne av the Rolling Stones og The New Barbarians, ei gruppe Wood hadde sett saman for å reklamere for det nyaste soloalbumet sitt. Richards var òg med i dette bandet. Episoden motiverte Richards til å kvitte seg med narkotikaproblemet sitt.[3] Dette skjedde samstundes med at forholdet til Pallenberg tok slutt. Forholdet hadde særleg vorte dårleg etter det tredje barnet deira, ei lita jente som heitte Tara, døydde som spedbarn og Pallenberg framleis ikkje synte vilje til å kvitte seg med heroinproblemet sitt.[61] Medan Richards var i ferd med å løyse dei rettslege og personlege problema sine, heldt Jagger fram jet-set-livet. Han var ofte å sjå på Studio 54, ein discoklubb i New York, i lag med modellen Jerry Hall. Ekteskapet hans til Bianca Jagger enda i 1977.

Sjølv om The Rolling Stones framleis var populære på første halvdel av 70-åra, fekk musikken deira stadig dårlegare kritikk, og etter kvart gjekk det òg nedover med platesalet.[5] Seint i 70-åra hadde punkrock kome til overflata, og the Stones vart kritiserte for å vere dekadente, aldrande millionærar,[3] og musikken deira vart av mange rekna som stilleståande eller irrelevant.[62] Dette endra seg i 1978, då bandet gav ut Some Girls (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg), som inneheldt hitsingelen «Miss You», countryballaden «Far Away Eyes», «Beast of Burden» og «Shattered». Delvis som eit svar til pønken var mange songane raske, enkle og gitardrivne rock and roll-songar.[62] Albumet gjorde the Stones igjen populære hos ungdommen, og bandet deltok på fjernsynsshowet Saturday Night Live. I 1978 turnerte dei berre i Amerika og ikkje i Europa, og brøyt dermed ein tradisjon dei hadde halde kvart tredje år sidan 1967.

Bandet gjekk inn i 1980-åra med ny kommersiell suksess og gav ut det neste albumet sitt, Emotional Rescue (#1 i Storbritannia og USA, #4 i Noreg) i 1980. Innspelinga av albumet var visstnok plaga av uro, og forholdet mellom Jagger og Richards var dårleg. Richards, som var meir edru enn han hadde vore dei siste ti åra, starta å ta meir kontroll i studio - meir enn Jagger hadde vorte vand med - og det oppstod ein strid då Richards følte han kjempa for «sin halvdel av the Glimmer Twins». Emotional Rescue vart ein kommersiell suksess, men vart av kritikarane kalla matt og inkonsistent.

Tidleg i 1981 tredde gruppa saman igjen og valde å turnere USA dette året, slik at dei ikkje fekk mykje tid til å spele inn eit nytt album. Dette året kom albumet Tattoo You (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg) og inneheldt songar som ikkje hadde vorte gjevne ut før, mellom anna singelen «Start Me Up». To songar («Waiting on a Friend» og «Tops») var frå tida då Mick Taylor spelte gitar. Den amerikanske turneen deira i 1981 var den største, lengste og mest fargerike dei hadde gjort til no, og dei spelte frå slutten av september til opp under jul. Det var den mest innbringande turneen i verda dette året. Enkelte konsertar vart tatt opp på band, og i 1982 kom konsertalbumet Still Life (American Concert 1981) (#4 i Storbritannia, #5 i USA, #3 i Noreg) og i 1983 konsertfilmen Let's Spend the Night Together, som var filma i Phoenix i Arizona og Meadowlands i New Jersey.

I midten av 1982 hadde Rolling Stones 20-årsjubileum, og Stones tok det amerikanske sceneshowet til Europa. Dette var den første europeiske turneen deira på seks år, og han var i hovudsak ein kopi av den amerikanske turneen året før. Med på turneen var tidlegare pianist i Allman Brothers Band, Chuck Leavell, som framleis spelar med the Stones. Mot slutten av året signerte bandet ein ny platekontrakt på fire album, verdt 28 millionar dollar, med selskapet CBS Records.

1983–1991[endre | endre wikiteksten]

Før dei forlét plateselskapet Atlantic, gav Stones ut Undercover (#3 i Storbritannia, #4 i USA, #3 i Noreg) seint i 1983. Trass i god kritikk, selde albumet langt mindre enn venta og det vart heller ikkje noko turne til albumet.

På denne tida vart forholdet mellom Jagger og Richards stadig dårlegare. Jagger hadde signert ein soloavtale med CBS, noko som sette ein støkk i Richards. Jagger nytta det meste av 1984 til å skrive songar til det første soloalbumet sitt. I 1985 brukte Jagger meir tid på solomaterialet sitt, så det meste av innhaldet på Dirty Work frå 1986 (#4 i Storbritannia, #4 i USA, #3 i Noreg) vart skriven av Keith Richards, med fleire bidrag frå Ron Wood enn på noko tidlegare Rolling Stones-album. Det gjekk rykte om at Jagger og Richards sjeldan var i studio samstundes.

I desember 1985 omkom Ian Stewart, som var med å starte bandet, spelte piano og var turnemanager, av hjarteattakk. The Rolling Stones spelte ein privat hyllestkonsert for han på 100 Club i London i februar 1986, to dagar før dei fekk Grammy Lifetime Achievement Award.[63]

Dirty Work kom ut i mars 1986 og fekk blanda kritikk. Jagger nekta å turnere for å reklamere for albumet, og har seinare sagt at fleire bandmedlemmar ikkje var i stand til å turnere. Richards vart rasande då Jagger i staden la ut på sin eigen soloturne og han har kalla denne perioden i forholdet til Jagger som «den tredje verdskrigen»[64] Soloplatene til Jagger She's the Boss (1985) og Primitive Cool (1987) oppnådde moderat suksess. Med the Rolling Stones inaktiv, gav Richards ut det første soloalbumet sitt i 1988, Talk Is Cheap. Det vart godt teken imot av både kritikarar og tilhengjarar, og selde til gull i USA.

Tidleg i 1989 vart The Rolling Stones, inkludert Mick Taylor, Ronnie Wood og Ian Stewart (posthumt) innlemma i det amerikanske Rock and Roll Hall of Fame. Jagger og Richards såg ut til å ha lagt striden bak seg og The Rolling Stones sette i gang arbeidet med albumet Steel Wheels (#1 i Noreg, #2 i Storbritannia, #3 i USA). Albumet vart hylla som eit band tilbake i form og inneheldt singlane «Mixed Emotions», «Rock and a Hard Place» og «Almost Hear You Sigh».

Etter albumet la the Rolling Stones ut på den første turneen sin på sju år som omfatta Nord-Amerika, Japan og Europa, og sceneshowet var det største dei hadde produsert så langt. Oppvarmingsband var Living Colour og Guns N' Roses. Med seg på scenen hadde dei blåsarar og korsongarar. Innspelingar frå turneen resulterte i konsertalbumet Flashpoint i 1991. Albumet inneheldt òg to studiospor spelt inn i 1991, singelen «Highwire» og «Sex Drive».

Dette var den siste Rolling Stones-turneen for Bill Wyman, som forlét bandet etter å ha gått og tenkt på dette i fleire år. Avgjersla vart ikkje gjort offisiell før i 1993. Han gav så ut Stone Alone, ein sjølvbiografi basert på memoarar han hadde skrive sidan dei første dagane i London. Eit par år seinare danna han Bill Wyman's Rhythm Kings og starta å spele inn plater og turnere igjen.

1992–1999[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med turneen tok bandet ein pause. Charlie Watts gav ut to jazzalbum, Ronnie Wood lagde sitt femte soloalbum, Keith Richards gav ut sitt andre soloalbum seint i 1992, Main Offender, og gjorde ein liten turne med store konsertar i Spania og Argentina. Mick Jagger fekk gode kritikk og salstal for det tredje soloalbumet, Wandering Spirit.

Etter at Wyman forlét bandet, nymastra det nye plateselskapet Virgin Records heile katalogen til bandet frå Sticky Fingers til Steel Wheels, bortsett frå tre konsertalbum. Samstundes kom det eit samlealbum i 1993 kalla Jump Back: The Best of The Rolling Stones. I 1993 starta the Stones arbeidet med det neste studioalbumet. Darryl Jones, som tidlegare hadde spelt med Miles Davis og Sting, vart vald av Charlie Watts som erstatning for Wyman på Voodoo Lounge (#1 i Storbritannia, #2 i USA) frå 1994. Albumet fekk god kritikk og selde bra, mellom anna dobbel platina i USA. I 1995 fekk albumet ein Grammy Award for beste rockealbum.

I 1994 starta òg Voodoo Lounge-turneen, som varte inn i 1995. Fleire songar frå konsertane og øvingane (hovudsakleg akustiske) kom ut på albumet Stripped, som inneheldt ei utgåve av Bob Dylan sin «Like A Rolling Stone».

The Rolling Stones enda 1990-åra med albumet Bridges To Babylon (#6 i Storbritannia, #3 i USA, #1 i Noreg), som kom i 1997 til blanda kritikk. Musikkvideoen til singelen «Anybody Seen My Baby?» hadde med Angelina Jolie som gjest og vart mykje vist på både MTV og VH1. Albumet selde nokså bra og turneen som følgde omfatta Europa, Nord-Amerika og andre stader og vart vitja av mange tilhengjarar. Nok ein gong vart det gjeve ut eit konsertalbum frå turneen, No Security, men denne gongen hadde berre to av songane vorte gjevne ut på konsertalbum tidlegare. I 1999 la the Stones ut på No Security-turneen i USA og heldt fram Bridges to Babylon-turneen i Europa. Denne delen av turneen hadde ein mykje enklare produksjon utan dei store sceneeffektane som hadde prega dei førre turneane.

2000–2004[endre | endre wikiteksten]

Seint i 2001 gav Mick Jagger ut det fjerde soloalbumet sitt, Goddess in the Doorway, som vart møtt med blanda kritikk.[65] Jagger og Richards tok del i The Concert for New York City, støttekonserte etter terriåtaket i New York 11. september 2001, og spelte «Salt of the Earth» og «Miss You» med eit støtteband.

I 2002 gav bandet ut samleplata Forty Licks (#2 i Storbritannia, USA og Noreg) som markerte 40-årsjubileumet deira som band. Samlinga inneheldt fire nye songar og selde meir enn sju millionar eksemplar. Same året kalla musikkmagasinet Q The Rolling Stones for eitt av «50 band du må sjå før du døyr»[66] og Licks-turneen 2002-2003 gav mange høvet.

Keith Richards i Hannover, 2006, under A Bigger Bang-turneen

I 2004 kom det doble konsertalbumet Live Licks, som selde til gull i USA.

2005-til i dag[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2005 annonserte bandet at det var eit nytt album på veg, A Bigger Bang (#2 i Storbritannia og Noreg, #3 i USA), det første albumet deira på nesten åtte år. A Bigger Bang vart gjeven ut 6. september og fekk god kritikk. Singelen «Streets of Love» nådde Topp 15 i Europa. Albumet inneheldt den mest kontroversielle songen frå the Stones på mange år, «Sweet Neo Con», som kritiserte amerikansk nykonservatisme.[67] Richards var kritisk til å ha med songen, fordi han var redd Rolling Stones ville møte dårlege sal i USA, på liknande måte som Dixie Chicks opplevde då dei kritiserte innblandinga til amerikanarane i Irak.[68]

Turneen som følgde albumet starta i august 2005, først i Nord-Amerika, Sør-Amerika og Aust-Asia, før dei tok ein pause våren 2006 og heldt fram turneen i Europa. Den europeiske delen av turneen vart utsett seks veker etter at Keith Richards på ferie fall ned frå eit tre på Fiji og måtte operere kraniet.[69][70] Fleire konsertar vart haldne i Nord-Amerika i september 2006, og i Europa sommaren 2007. I november 2006 hadde Bigger Bang-turneen vorte den mest innbringande turneen i verda gjennom tidene, og hadde til då tent inn $437 millionar.[71]

29. oktober og 1. november 2006 filma regissør Martin Scorsese the Rolling Stones då dei spelte på Beacon Theatre i New York City, som i 2008 resulterte i filmen Shine a Light, som vart vist på kino verda over. Med filmen følgde eit filmmusikkalbum med same namn. Dette debuterte på andreplass på den britiske albumlista, den høgaste plasseringa for eit konsertalbum av Rolling Stones sidan Get Yer Ya-Ya's Out! i 1970.

Sommaren 2007 la bandet ut på ein turne i Europa kalla «Bigger Bang 2007». Den siste konserten på turneen vart halde i august 2007.

Charlie Watts i Hannover, 2006

Musikalsk utvikling[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones er kjende for å ha vandra over i forskjellige musikksjangrar gjennom karrieren sin, og til slutt gjort desse stilane til sine eigne. Gjennom heile karrieren har bandet referert til musikkstilar som amerikansk blues, country, folkemusikk, reggae, dansemusikk, verdsmusikk, samt engelske stilar som nyttar strengeinstrument som harpe. Bandet starta karrieren med å spele tidlege rock and roll- og bluessongar av andre artistar, og har aldri stoppa å spele andre sine songar verken på konsertar eller på plate.

Amerikansk blues[endre | endre wikiteksten]

Jagger og Richards delte ei interesse for amerikanske bluesartistar som Jimmy Reed, Muddy Waters og Little Walter, som igjen påverka Brian Jones, som meir eller mindre leia bandet i starten. I følgje Richards var Jones meir inn i T-Bone Walker og jazzblues, men dei fekk han interessert i musikken til Chuck Berry[4] Charlie Watts var òg ein tradisjonell jazztrommeslagar, men vart leia inn mot blues etter å ha vorte med i the Stones.[72]

Tidleg låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Trass i Stones godt likte å spele blues- og R&B-songar på konsertane sine dei førte åra, var dei første songane dei skreiv sjølve av ei langt breiare musikalsk interesse. Den første Jagger/Richards-singelen, «Tell Me (You're Coming Back)» er av kritikar Richie Unterberger kalla ein pop/rock-ballade, og han seier vidare at dei første songane dei skreiv sjølve ikkje var så sterkt prega av blues, men var ofte saktegåande Merseybeat-aktige popsongar.[73] «As Tears Go By», balladen som vart skriven for Marianne Faithfull, var ein av dei første songane skriven av Jagger og Richards, og ein av mange dei skulle skrive for andre artistar.

Om denne første tida sa Richards, «Det som er utruleg er at sjølv om Mick og eg tenkte på desse songane som verkeleg barnslege og barnehageaktige, gjorde alle det godt på listene. Dette gav oss særs god tiltru på å halde fram å lage songar, fordi i starten var låtskrivinga vår berre noko me gjorde for å kunne sei til Andrew (Loog Oldham) at 'Jaja, i det minste så gjorde me eit forsøk...'»[74] Jagger sa at dei var veldig poporienterte, og at dei ikkje berre høyrte på Muddy Waters, men alt mogeleg.[74]

Singelen «The Last Time», som vart den første store singelen til the Stones, vart eit vendepunkt. I følgje Richards gav dette dei stor tiltru på sine eigne låtskrivartalent og synte dei korleis dei skulle gjere det[75] Songen vart bygd rundt eit riff spelt av Brian Jones og var elles basert på ein tradisjonell gospelsong som The Staples Singers gjorde populær. Songen vart eit symbol på den særs gitarbaserte stilen som skulle kome.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

1962

med

Januar - april 1963
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, perkusjon
  • Brian Jones - gitarar, korvokal, munnspel, perkusjon
  • Keith Richards - gitarar, korvokal
  • Ian Stewart - piano, perkusjon
  • Charlie Watts - trommer
  • Bill Wyman - bass, korvokal
Mai 1963 - mai 1969
Mai 1969 - desember 1974
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, tangentinstrument, perkusjon, gitar
  • Keith Richards - gitarar, vokal, bass, tangentinstrument
  • Mick Taylor - gitarar, bass, synthesizer, perkusjon, korvokal
  • Charlie Watts - trommer, perkusjon
  • Bill Wyman - bass, synthesizer
Mai 1975 - 1993
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, tangentinstrument, gitar
  • Keith Richards - gitarar, vokal, bass, tangentinstrument, perkusjon
  • Charlie Watts - trommer, perkusjon
  • Ronnie Wood - gitarar, korvokal, bass, trommer, perkusjon
  • Bill Wyman - bass, synthesizer
26. januar 1993- idag
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, perkusjon, gitar, bass, tangentinstrument
  • Keith Richards - gitarar, vokal, bass, tangentinstrument
  • Charlie Watts - trommer, perkusjon
  • Ronnie Wood - gitarar, korvokal, bass

med

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå diskografien til The Rolling Stones.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everything is turning to gold», Platesalet til The Rolling Stones.
  2. "Biography of the Stones", arkivert frå originalen 21. januar 2010, henta 13. februar 2009 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 «The Rolling Stones Biography». Rolling Stone. Henta 13. februar 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Greenfield, Robert (1981). The Rolling Stone Interviews - Keith Richards. New York: St. Martin's Press/Rolling Stone Press. ISBN 0-312-68954-3. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «The Rolling Stones Biography». Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Henta 13. februar 2009. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «Rolling Stones Biography». Allmusic. Henta 13. februar 2009. 
  7. «Muddy Waters:Rollin' Stone». Rolling Stone. Rolling Stone.com. Henta 13. februar 2009. 
  8. Bill Wyman (2002). Rolling With the Stones. DK Publishing. s. 36–37. ISBN 0-7894-9998-3. 
  9. Bockris, Victor (1992). Keith Richards - The Biography. Poseidon Press. s. 42–43. ISBN 0-671-70061-8. 
  10. Wyman 2002. s. 40-41, s. 44-45
  11. Wyman 2002. s. 56-57
  12. http://picture.stockton.gov.uk/photos/t9532.aspx[daud lenkje]
  13. Middlesbrough Evening Gazette, Fredag 12. juli 1963, side 10
  14. "Outlook Club Advertisement"[daud lenkje], Picture Stockton.
  15. Andrew Loog Oldham (2000). Stoned. St. Martin's Griffin. s. 212–213. ISBN 0-312-27094-1. 
  16. Wyman 2002. s. 80-83
  17. Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Ronnie Wood (2003). According to the Rolling Stones. Chronicle Books. s. 68. ISBN 0-8118-4060-3. 
  18. Fricke, David (2008). «Blues Brothers». Rolling Stone. Henta 13. februar 2009. 
  19. Wyman 2002. s. 126
  20. «The Hollywood Palace» Arkivert 2008-12-28 ved Wayback Machine., TV.com
  21. Wyman 2002. s. 128-129
  22. Wyman 2002. s. 137
  23. Wyman 2002. s. 154
  24. 24,0 24,1 Ian McPherson. «The Rolling Stones' Complete Discography». Henta 30. mars 2008. 
  25. Wyman 2002. s. 158
  26. Wyman 2002. s. 159
  27. Wyman 2002. s. 164-165, s. 171
  28. Wyman 2002. s. 166
  29. Wyman 2002. s. 187
  30. Wyman 2002. s. 195
  31. Wyman 2002. s. 256
  32. Mark Paytress: 'The Rolling Stones: Off The Record' (Omnibus Press, 2003), s. 116
  33. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 112
  34. Wyman 2002. s. 264-265
  35. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 113
  36. Wyman 2002. s. 268
  37. Wyman 2002. s. 278-282
  38. Janovitz, Bill. The Rolling Stones "We Love You". allmusic. 2007
  39. Wyman 2002. s. 292-293, s. 299
  40. Wyman 2002. s. 290
  41. Wyman 2002. s. 296-298
  42. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 114
  43. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 128
  44. The Stones in the Park - DVD - Network Studios (1969)
  45. Burks, John, "Rock & Roll's Worst Day: The aftermath of Altamont" Arkivert 2007-11-01 ved Wayback Machine., Rolling Stone, 1970
  46. Bangs, Lester. "The Rolling Stones: Get Yer Ya-Ya's Out" Arkivert 2006-11-09 ved Wayback Machine.. Rolling Stone. 12. november 1970
  47. "Sticky Fingers" allmusic
  48. "Reviews - The Rolling Stones" Robert Christgau
  49. "Exile on Main St." Arkivert 2021-02-17 ved Wayback Machine. AMG, 2007.
  50. Erlewine, Stephen Thomas. The Rolling Stones "Goats Head Soup". allmusic. 2007
  51. Wyman 2002. s. 408
  52. Wyman 2002. s. 361
  53. Wyman 2002. s. 412
  54. "Mick Taylor Biography" allmusic
  55. Gary James. «Gary James' Interview With Mick Taylor of the Rolling Stones». Henta 13. februar 2009. 
  56. Smith, Curtis. "Why Mick Taylor Quit the Stones" Arkivert 2017-08-16 ved Wayback Machine. micktaylor.net
  57. 57,0 57,1 Sandford, Christopher. Keith Richards: Satisfaction, Caroll & Graf: New York, 2003, s. 227
  58. Greenspan, Edward (editor), Regina v. Richards 49 C.C.C. (2d), Canadian Criminal Cases (1980), Canada Law Book. s. 518
  59. Sandford, Christopher. Keith Richards: Satisfaction, Caroll & Graf: New York, 2003, s. 225
  60. 60,0 60,1 Greenspan, Edward (editor), Regina v. Richards 49 C.C.C. (2d), Canadian Criminal Cases (1980), Canada Law Book. s.517-527
  61. Sandford, Christopher. Keith Richards: Satisfaction, Caroll & Graf: New York, 2003, s. 232-3, 248-250
  62. 62,0 62,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Some Girls». AMG. Henta 13. februar 2009. 
  63. Nico Zentgraf. «The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008». Henta 23. februar 2008. 
  64. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 247
  65. Alive and kicking
  66. "Q - 50 Bands You Must See Before You Die"rocklist.net, september 2002
  67. "Stones 'slate Bush' in album song"BBC News, 2005.
  68. [1]CNN News, 2005
  69. "Keith Richards og the Fiji Fall The mystery deepens" Arkivert 2006-09-29 ved Wayback Machine.Uncut
  70. «Kiwi Doctor Rolls with the Stones». Sunday Star Times. 10. februar 2008. 
  71. "Stones Roll Over U2 To Claim Highest Grossing Concert Tour" Arkivert 2012-01-18 ved Wayback Machine.All Headline News, 29. november 2006
  72. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. pg. 41
  73. «Tell Me»allmusic
  74. 74,0 74,1 Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 85
  75. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 95

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]