Fota Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fota Island (Oileán Fhótairsk) er ei lita øy i Cork Harbour i Irland, like nord for den større øya Cóbh. Her ligg den einaste dyreparken på Irland og det historiske Fotahuset med dekorative hagar og ein golfbane med 18 hol.

Innhaldsliste

[endre] Fota dyrepark

Parken opna i 1983 med mål om å verne det globale dyrelivet. Parken har meir enn 70 artar av eksotiske dyr i opne naturlege omgjevnadar. Av dyr i parken finn ein struts, sjiraff, kenguru, sebra og antilope. Om lag alle dyra på øya kan gå fritt på det over 200 tusen kvadratmeter store området, bortsett frå geopardane og andre rovdyr som held til i inngjerda område. Mange av dyra i Fota er utryddingstrua.

[endre] Fotahuset og hagane

Fotahuset vart bygd på 1700-talet og ombygd fleire gonger på 1800-talet. I gjennom 1900-talet forfall huset heilt til taket fall saman. Huset vart restaurert ved hjelp av EU og private midlar og gjenopna for ålmenta i 2002. Huset har over 70 rom.

Fotahagane består av ein botanisk hage med tre og buskar, høge murar og terassar. Hagen har mange sjeldne og eksotiske buskar og tre, i tillegg til ein stor rosehage.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelde


Koordinatar: 51°53′57″N 8°17′54″W

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk