Sjiraff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjiraff
Sjiraff
Sjiraff
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av sjiraff
Utbreiinga av sjiraff
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Giraffidae
Stamme: Giraffini
Understamme: Giraffina
Slekt: Giraffa
Art: Sjiraff G. camelopardalis
Vitskapleg namn
Giraffa camelopardalis

Sjiraff (Giraffa camelopardalis) er eit afrikansk, partåa klauvdyr som tygg drøv. Det finst berre éin nolevande art, men ein reknar med 8–9 underartar. Sjiraffamilien består av sjiraffar og den næraste slektningen deira okapien.

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Område der sjiraffen lever

Sjiraffar finst berre i Afrika, men der er dei utbreidde over eit ganske stort område. Dyra lever på savannane sør for Sahara. Sjiraffen er ikkje rekna som truga, men nokre underartar er sjeldne.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Sjiraffen er det høgaste landdyret i verda. Hannane kan verta 4,8 til 5,5 meter høge og vega opptil 1930 kilo, medan hoene vanlegvis er mindre og lettare.

Sjølv om halsen er ekstra lang, har han sju virvlar, slik som andre pattedyr. Sjiraffane har lange, tynne bein som kan vera over to meter høge. Ryggen skrånar bakover. Skinnet er lyst med flekkar, og dei ulike rasane og underartane kan ha forskjellig mønster.

På grunn av høgda kunne sjiraffane ha fått problem med blodtrykket. Derfor har dei ein spesiell ventil i kroppen. Denne styrer blodtilføringa. På hovudet har dei to eller fire små, avrunda horn.

Sjiraffane har ei lang, tynn tunge med mørk farge. Dyra brukar ho til å ta blad av greiner.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Sjiraffar i Aalborg Zoo.

Sjølv om sjiraffar vanlegvis er stille, kan dei både laga gryntelydar og ein slags fløytelydar.

Sjiraffar kan springa fort. Dei er oppmerksame på farar, og kan varsla kvarandre ved hjelp av lydar. Dei kviler gjerne med hovudet mot bakken eller lent bakover mot ryggen, men kan raskt reisa seg opp viss dei vert forstyrra.

Dyra held saman i flokkar som i nokre tilfelle kan bestå av hundre eller fleire dyr. Langt mindre grupper er vanlegare.

Om namnet[endre | endre wikiteksten]

Artsnamnet camelopardalis stammar frå det tidlegare romerske namnet på dyret, der det vart skildra som ein mellomting mellom kamel og leopard. Namnet sjiraff er lånt frå arabisk zurafa som igjen truleg kjem frå eit lokalt språk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjiraff