Struts
| Struts | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Struthioniformes | |
| Familie: | Struthionidae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Struthio camelus | ||
Struts (Struthio camelus) er ein stor flygeudyktig fugl som er heimehørande i Afrika (tidlegare også Midtausten). Han er einaste medlem i den biologiske familien Struthionidae. Strutsen har ein svært karakteristisk utsjånad, med lang hals og lange føter og kan løpe opp mot 75 km/t. Dette gjør han til den raskaste landlevande fuglen. Strutsen er også den største fuglen i verda og legg dei største fugleegga.
Strutsen veger frå 93 til 130 kg, enkelte hannar har blitt målt til over 150 kg. Hannane kan bli rundt 2,5 meter høge, mens hoene er frå 1,7 til 2 meter høge. Fjørdrakta hos hannane er for det meste svart, og kvit ved endane av venger og stjert. Hoene og unge hannar er gråbrune og kvite. Hovudet og halsen er nesten utan fjør, bare med eit tynt lag dun.
[endre] Bakgrunnsstoff