Foveaux-sundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foveaux-sundet is located in New Zealand
Oversiktskart over Foveaux-sundet

Foveaux-sundet er sundet mellom Sørøya og Stewart Island/RakiuraNew Zealand. Den første europearen som oppdaga sundet, var Owen Folger Smith i 1804, og det fekk namn etter Joseph Foveaux som var guvernørløytnant i New South Wales på den tida.

Stewart Island/Rakiura og Foveaux-sundet sett frå Bluff Hill. Foveaux-sundet ligg midt i «dei stormfulle førti» (ved 40. breiddegrad) og er sjeldan så stille som på biletet.

På nordsida av sundet ligg hamna til byen Bluff, på sørsida Stewart Island/Rakiura.

Sundet er eit røft og ofte fårefullt havstykke å segla i, og det har gått med fleire menneskeliv her, også det siste tiåret.

Koordinatar: 46°40′ S 168°11′ E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.