Stewart Island/Rakiura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjå også: Stewart-øya i Chile.

Stewart Island/Rakiura
Stewart Island-Rakiura.png
Geografi


Stad
Koordinatar 47°0′S 167°50′EKoordinatar: 47°0′S 167°50′E
Areal 1 746 km²
Administrasjon
Land New Zealand
Region Southland
Demografi
Folketal 670

Stewart Island/Rakiura er den tredje største øya på New Zealand. Ho ligg 30 km sør for Sørøya, og er skild frå henne ved Foveaux-sundet. Folketalet er vel 600 menneske, dei fleste av desse bur i byen Oban.

Oppdaging og namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Kaptein James Cook vart i 1770 den første europearen som nådde øya. Han trudde ho var landfast med Sørøya, så han gav henne namnet South Cape (Sørkapp). Stewart-namnet kjem frå kaptein William Stewart, ein sel- og kvalfangar som kartla øya nøyaktig i 1809.

Det opphavlege maorinamnet, Te Punga o Te Waka a Maui, plasserer Stewart Island/Rakiura sentralt i maorisk mytologi. Omsett som «ankersteinen til Maui sin kano», viser det til den rolla øya spelar i legenda om halvguden Maui og mennene hans, som fanga og drog opp or havet den store fisken, Nordøya, frå kanoen sin, Sørøya.

Det mest kjende og vanleg brukte maorinamnet på øya er likevel Rakiura. Namnet vert til vanleg omsett som «glødande himmel», noko som kan visa til dei lange, vakre solnedgangane øya er kjend for, eller kanskje sørlyset, som ofte er synleg frå øya, og som tilsvarar nordlyset på den nordlege halvkula.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Stewart Island/Rakiura

Øya har ei flatevidd på 1 746 km². Den nordlegaste delen av øya er dominert av det fuktige dalføret, Freshwater valley som leier elva Freshwater River. Elva startar nær nordvestkysten til øya og renn søraust ut i den store havbukta som heiter Paterson Inlet. Det høgaste punktet på øya er Mount Anglem som ligg nær nordkysten og som er 979 meter høgt. Det er ein av toppane i ei fjellrekkje som omkransar Freshwater valley.

På den sørlege halvdelen av øya er landskapet meir jamnt kupert og hevar seg til ei åsrekkje som strekkjer seg sørover frå dalen der elva, Rakeahua River, går. Denne elva tømmer seg også i Paterson Inlet. Det sørlegaste punktet i denne åsrekkja er Mount Allen, 750 meter høgt. I søraust er landet noko lågare, og her ligg dalføra som leier elvene Toitoi River, Lords River og Heron River. South West Cape heilt sørvest på Stewart Island/Rakiura er det sørlegaste punktet på hovudøyene på New Zealand.

Kart over Stewart Island/Rakiura

Mason Bay, på vestsida av Stewart Island/Rakiura, er ei uvanleg lang sandstrand på ei øy der strendene for det meste er mykje meir steinete. Ein teori om korleis denne stranda vart til, er at ho er danna av sjokkbølgjene etter eit meteornedslag i Tasmanhavet.

Tre større og talrike mindre øyer ligg rundt kysten av Stewart Island/Rakiura. Desse tre største er Ruapuke Island, som ligg i Foveaux-sundet 32 kilometer nordaust for Oban, Codfish Island, som ligg nær nordvestkysten til øya og Big South Cape Island som ligg utanfor sørvestspissen til øya.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Den einaste byen på Stewart Island/Rakiura er Oban, som ligg ved Half Moon Bay.

Ein tidlegare busetnad, Point Pegasus, som ein gong hadde fleire butikkar og eit postkontor, låg ved sørkysten på øya. Han er no fråflytta og berre tilgjengeleg med båt eller ein strabasiøs fottur over øya.

Kommunikasjonar og næring[endre | endre wikiteksten]

Det er ei regelmessig ferjerute for passasjerar mellom byen Bluff på Sørøya og Oban. Det er flysamband med Invercargill, og fly kan også landa på sandstranda Mason Bay.

Sjølv om det vert drive ein del skogsdrift, jordbruk og turisme på Stewart Island/Rakiura, er hovudnæringsvegen fiske. Meir enn 80 % av øya er gjort til nasjonalpark, Rakiura National Park, den yngste på New Zealand.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Administrasjonsmessig er øya ein del av Southland District. Saman med nokre andre øyer har Stewart Island/Rakiura visse unntak i reglar som grip inn i daglege aktivitetar, til dømes når det gjeld transport, der sjåførar mellom anna ikkje er pålagde å føra loggbøker over køyretid. Det same gjeld på øyene Great Barrier Island og Chathamøyene.

Sørlys ved 41 grader sør (nær Wellington).

Jordmagnetisk avvik[endre | endre wikiteksten]

På grunn av eit avvik i jordmagnetismen, ligg øya godt til for observasjonar av sørlyset (Aurora australis).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stewart Island/Rakiura

Fleire bilete av sørlys her: