Sørøya på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørøya på New Zealand
øy
Land  New Zealand
Del av New Zealand
Areal 150 437 km²
Folketal 1 115 800 (juni 2017)
Kart
Sørøya på New Zealand
43°58′0″ S 170°27′0″ E
Wikimedia Commons: South Island, New Zealand
Sørøya på New Zealand

Sørøya er ei av dei to hovudøyene på New Zealand, den andre er Nordøya. Namnet maoriane brukar om Sørøya er Te Wai Pounamu, som tyder ‘Grønsteinsvatnet’ (‘grønstein’ er jade og liknande), eller Te Waka a Māui, som tyder ‘båten til Māui’.

På 1800-talet vart Sørøya på somme kart kalla Middle Island eller New Ulster, og namnet Sørøya eller New Leinster vart bruka på øya som i dag heiter Stewart Island/Rakiura.

Sørøya har ei flatevidd på 151 215 km², dette gjer henne til den 12. største øya i verda. Langs vestkysten går fjellkjeda som er kalla Søralpane (Southern Alps). Aoraki/Mount Cook er det høgaste fjellet på New Zealand, 3 754 moh.

Sørøya vert ofte skjemtsamt kalla «fastlandet», fordi ho er større enn Nordøya, og fordi ho er den eldste øya i følgje mytologiske forteljingar til māoriane. Nordøya er den mest folkerike, tre av landet sine fire millionar innbyggjarar bur der, Sørøya hyser den fjerde millionen.

Regionar på Sørøya[endre | endre wikiteksten]

Større og mindre byar på Sørøya[endre | endre wikiteksten]

Geografiske landemerke[endre | endre wikiteksten]

Fargebilete av Sørøya, teke av NASA-satellitten Terra den 23. oktober 2002.

Filminnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Store delar av fleire kjende filmar er spelte inn på Sørøya, t.d. trilogien Ringenes herre (The Lord of the Rings) og i 2005 Legenden om Narnia: Løven, heksa og klesskapet (The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe).