Foxesjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartplassering av Foxesjøen

Foxesjøen (engelsk Foxe Basin) er ein del av Hudsonbukta, i det nordlege Canada i territoriet Nunavut. Havet er omkransa av Baffinøya, Melville-halvøya og øya Salliq. I nordvest er Foxesjøen gjennom Fury-Hecla-sundet samanknytt med Boothiagolfen. I sør er sjøen gjennom Foxekanalen knytt til Hudsonsundet og Hudsonbukta. Øya Salliq skil Foxesjøen frå Hudsonbukta. Største øya i Foxesjøen er Charlesøya, viktigaste bustadsplassen er Sanirajak.

Sjødjupna er for størstedelen mindre enn 100 meter. Kystane består i sør i hovudsak av berg, medan dei i nord for det meste er flate. Foxesjøen er leveområde for den største bestanden av kvalross i Canada.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Foxesjøen