Frank McCourt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frank McCourt

Frank McCourt (19. august 193019. juli 2009) var ein irsk-amerikansk lærar og forfattar.

McCourt vart fødd i Brooklyn i New York, foreldra var irske immigrantar. På grunn av depresjonstidene flytta familien attende til Irland då Frank var fire år gammal, og han voks opp i byen Limerick.

I nittenårsalderen vende han attende til USA der han livnærte seg med tilfeldig arbeid inntil han vart innrullert i dei militære styrkane i samband med utbrotet av Koreakrigen. Den militære tenesta si hadde han i Tyskland. Etter krigen oppnådde han, delvis gjennom the G.I. Bill (ei særordning for studieplassar for tidlegare militært personell), å verta godteken som student ved New York University, sjølv om han ikkje hadde den formelle grunnutdanninga. Han underviste dei siste 18 åra som lærar i engelsk (creative writing) ved Stuyvesant High School i New York .

McCourt fekk Pulitzerprisen (1997) og National Book Critics Circle Awards (1996) for memoarromanen Angela's Ashes som han gav ut i 1997.

Bror hans, Malachy McCourt, er også forfattar.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Angela’s Ashes (1997, norsk utgåve: Engelen på det sjuende trinn : en irsk barndom, 2000)
  • ’Tis (1999, norsk utgåve: Ja så menn, 2001)
  • Teacher Man (2004, norsk utgåve: Lærer’n, 2006)
  • Ireland Ever (2004) (medforfattar saman med Jill Freedman og Malachy McCourt)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]