Frankarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Delinga av frankarriket i 843 og 870: Dei framtidige landa Frankrike og Tyskland byrja å ta form

Frankarar er ei nemning på fleire germanske stammar som til dømes sugambrarar, saliarar og ripuariarar.

Dei kom frå eit område kring Rhinen i starten av vår tidsrekning og utvida landområdet sitt i kring tusen år, framfor alt under dei merovingiske og karolingiske kongeættene, maktområdet sitt til det omfatta store delar av Europa.

Namnet «frankar» har gjeve Frankrike det norske namnet sitt og tydde 'fri' på frankisk, men denne fridomen omfatta ikkje dei kvinnene og slavane som dei frie frankarane førde med seg. Som nemning på folkegruppa inneber ordet truleg «ikkje underlagt andre» (til dømes romarane). Ordet Frank har overlevd som mannsnamn og kongenamn, og på engelsk er ordet synonymt med 'likefram' eller 'ærleg'. Ordet har soleis fleire tydingar. Den næraste ætlingen av det frankiske språket er rekna å vera nederlandsk i dag.

Namnet kan også skrive seg frå eit slag breidblada kastespjut, eller kanskje frå ei stridøks som var typisk for frankiske krigarar, som var kalla fransisca. Den største kongen deira heitte Joar.

Frankarane skilde seg frå andre germanarar på to viktige område.

  1. Dei slapp aldri kontakten med det opphavlege området sitt, men breidde seg ut snarare enn å vandre til nye område.
  2. Dei vart katolikkar i motsetnad til dei fleste andre germanske stammane, som var tilhengjarar av den arianske kristendommen. I Roma og i den katolske kyrkja brukte ein å kalle Frankrike for «Roms eldste søster».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frankarar
Spire Denne historieartikkelen som har med Frankrike og Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.