Friedrich Schlegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Schlegel

Statsborgarskap Kongedømet Hannover, Kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg
Fødd 10. mars 1772
Hannover
Død

12. januar 1829, 11. januar 1829 (56 år)
Dresden

Yrke filosof, omsetjar, skribent, romanforfattar, litteraturkritikar, universitetslærar, lyrikar, redaktør, historikar, litteraturteoretiker, kunstteoretiker, kunsthistorikar
Sjanger roman, essay
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Johann Adolf Schlegel
Ektefelle Dorothea Schlegel, Dorothea Schlegel
Friedrich Schlegel på Commons

Karl Wilhelm Friedrich von Schlegel (10. mars 177211. januar 1829) var ein tysk forfattar og filosof. Saman med broren August Wilhelm von Schlegel og Novalis (Friedrich von Hardenberg) var han frontfigur for Jena-romantikken.

Friedrich Schlegel var fødd i Hannover og studerte ei tid jus i Göttingen og i Leipzig. Ganske snøgt gjekk han over til å arbeide som frittståande forfattar og filosof. Særleg var han oppteken av litteraturen. Han er mest kjend for sine tankar om «progressiv universalpoesie» – om «Mischgedicht»et, som han også gjerne kalla det – ein slags altomfattande sjanger, som i seg sjølv var den einaste og beste leia mot å nå det evige i det flyktige. Det er denne indre trongen som knyter Schlegel til det romantiske kunst- og livssynet.

Romantikk er for Schlegel nærare bestemt kjernen i det, som skil seg frå det antikke, og det nyantikke; det klassisistiske og nyklassisistiske – ved ikkje å ha noko eintydig mål eller ideal. Eintydige mål og ideal er uvesentlege for Schlegel, for han er det det som stiler mot det ikkje-eksisterande, det umåtelege og mangleta, kunsten skal streve mot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]