Fritt fall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Fritt fall er rørsle der tyngdekrafta står for all akselerasjon.

Når ein gjenstand A berre er påverka av tyngdekrafta frå ein gjenstand B, seier ein at gjenstand A fell fritt i tyngdefeltet til B. Då har A ein akselerasjon lik tyngdeakselerasjonen i feltet til B. Denne akselerasjonen er også lik gravitasjonsfeltstyrken.

a = g = (γ * M) / r2

der M er massen til B og r er avstanden mellom tyngdepunkta til A og B.

Nær havoverflata på jorda, har g gjennomsnittsverdien g = 9,80665. Denne kan reknast ut numerisk ved å finne integralet av ein harmonisk varierande funksjon for g med breiddegrad som uavhengig variabel, og dele på 180°.

Sjølv om definisjonen ekskluderar andre krefter som luftmotstand, nyttast også uttrykket fritt fall om fall gjennom ein atmosfære. I fallskjermhopping og BASE-hopping kallas aktiviteten mellom utsprang og skjermåpning «frittfall».