Fuornpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn nordover frå passhøgda åt Fuornpasset

Fuornpasset eller Ofenpasset er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellvegen, som går opp i 2 149 meter over havet, knyter saman Val Müstair med Nedre Engadin. Vegen er også ei viktig ferdselsåre mellom Graubünden og Vinschgau i Sør-Tirol.

Fjellvegen over Fuornpasset er open heile året.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av at ein i området i tidlegare tider dreiv med smelting av jarn. Ruinar av smelteomnar (retoromansk; fuorn, og tysk; ofen) kan ein sjå fleire stader nær køyrevegen. Allereie i mellomalderen var fjellovergangen mykje brukt i handelen mellom Sveits og Venezia. Køyrevegen over Fuornpasset stod ferdig i 1871.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ofenpass