Gabriele Tergit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriele Tergit
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 4. mars 1894
Berlin
Død

25. juli 1982 (88 år)
London

Yrke journalist, skribent
Born Ernst Robert Reifenberg

Gabriele Tergit (pseudonym for Elise Reifenberg, fødd Hirschmann, 4. mars 189425. juli 1982) var ein tyskfødd engelsk skribent og journalist. Ho blei kjend for rapportane sine frå rettsaker, og som forfattar for romanen sin Käsebier erobert den Kurfürstendamm; i engelsk omsetjing Käsebier Takes Berlin)[1] Tergit var sekretarar for PEN-Center for tysktalande forfattarar i utlandet.[2] Ho var mor til matematikaren Ernst Robert Reifenberg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Elise Hirschmann var fødd i ei jødisk familie i Berlin i 1894. Då ho var 19 år fekk ho sin fyrste avisartikkel på trykk i eit bilag til Berliner Tageblatt i 1915.[2] Det var ein tekst om vanskane til kvinner i krigstid.[2] Ho avbrot det fyrste forsøket sitt på å koma inn i avisindustrien fordi pressa generelt var oppfatta som å ikkje vera ein stad for unge kvinner av betre klasse.[3] I staden studerte ho historie og filosofi ved fleire tyske universitet, og fekk til slutt doktorgraden i 1925 ved Universitetet i Frankfurt am Main med historikarane Freidrich Meinecke og Erich Marcks som rettleiarar.[2][4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 1920 gav Tergit ut tekstar i feuilletonbilaga til Vossische Zeitung og Berliner Tageblatt.[2] I løpet av denne tida blei Tergit kjent for den tyske nyheitslesaren som juseporter i Berliner Tageblatt. Ho var ein av dei som introduserte litterære verkemiddel til denne typen reportasje.[5] Ho skreiv òg artiklar som kritiserte urettvise eller reaksjonære domarar, trykte i tidsskriftet Die Weltbühne, som blei gjeve ut av Carl von Ossietzky.[2] I 1928 gifta ho seg med arkitekten Heinz Reifenberg.[2]

Debutromanen hennar Käsebier erobert den Kurfürstendamm kom ut i 1932 og gjorde henne berømt.[2] På grunn av den kritiske omtalen hennar av prosessane som involverte nazistane, prøvde ei stor mengd SA-menn å tvinga seg inn i leilegheiten hennar i mars 1933.[6][2][7] Etter dette flykta ho til Spindlermühle, og drog seinare til Palestina.[2] Frå 1938 budde ho i London.[2] Ho hadde allereie byrja å skriva den historiske romanen Effingers, som handlar om fleire generasjonar av ein tysk-jødisk familie og som til tider er blitt kalla den «jødiske Buddenbrooks». Romanen blei gjeven ut i 1951, men hadde berre avgrensa suksess då han blei utgjeven.[2][7]

Gabriele Tergit Promenade i Berlin

Tergit døydde i London, 25. juli 1982. Etter at ho døydde blei det gjeve ut ei samling av minna hennar, Etwas Seltenes überhaupt, i 1983.[2] Ei gate i Berlin er oppkalla etter henne.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Käsebier erobert den Kurfürstendamm. Rowohlt 1932, Neuausgaben Krüger 1977, Arani 1988, Das Neue Berlin, Berlin 2004, Berliner Verlag 2007. Neuausgabe 2016: Schöffling, Frankfurt am Main 2016, ISBN 978-3-89561-484-2
  • Effingers. Hammerich & Lesser, Hamburg 1951.
  • with Wilhelm Sternfeld: Autobiographien und Bibliographien. (Bibliographie unserer toten Mitglieder. Autobiographien unserer jetzigen Mitglieder). Hrsg. P.E.N.-Zentrum deutschsprachiger Autoren im Ausland. Expedite Duplicating Co.: London, 1959.
  • Wagener, Hans. Gabriele Tergit: Gestohlene Jahre. Göttingen: 2013.
  • Tergit, Gabriele. Etwas Seltenes Überhaupt: Erinnerungen. Berlin: 1983.
  • Sutton, Fiona. «Weimar’s Forgotten Cassandra: the Writings of Gabriele Tergit  in the Weimar Republic» i German Novelists of the Weimar Republic: Intersections of Literature and Politics edited by Karl Leydecker. Suffolk: 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gabriele Tergit». New York Review Books (på engelsk). Henta 17. mars 2019. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 «Gabriele Tergit». www.fembio.org (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. mars 2019. Henta 22. mars 2019. 
  3. Tergit, Gabriele (2018). Etwas Seltenes überhaupt : Erinnerungen (Erste Auflage utg.). Frankfurt am Main. ISBN 978-3-89561-492-7. LCCN 2018393711. OCLC 1041604672. 
  4. Wagener, Hans (24. april 2013). Gabriele Tergit. ISBN 978-3-8471-0114-7. doi:10.14220/9783737001144. 
  5. Leydecker, Karl (2007). German novelists of the Weimar Republic: intersections of literature and politics (på engelsk). Rochester, NY: Camden House. ISBN 978-1-57113-288-8. LCCN 2006003308. OCLC 315816019. OL 8730411M. 
  6. ZEIT (Archiv), D. I. E. (4. mars 1994). «Die Quasselstrippe». Die Zeit (på tysk). ISSN 0044-2070. Henta 22. mars 2019. 
  7. 7,0 7,1 «Tergit, Gabriele - Die Geschichte Berlins - Verein für die Geschichte Berlins e.V. - gegr. 1865». www.diegeschichteberlins.de. Arkivert frå originalen 22. mars 2019. Henta 22. mars 2019.