Posthum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ladislaus Postumus, hertug av Austerrike og konge av Böhmen og Ungarn, var posthum son av Albrecht II av Det tysk-romerske riket.

Posthum (samanblanding av latinsk postumus, ‘sist (fødd)’, humus, ‘jord’ og humare, ‘gravlegga’) er eit uttrykk som blir nytta i samband med hendingar som hender etter at nokon er døde.[1]

Når ein person mottar ei utmerking eller pris etter at dei er døde, blir denne gitt posthumt. Ein kan også gje nokon amnesti, nåde eller oppreising posthumt, etter at personen er død. Eit barn kan bli fødd posthumt, etter at faren eller i nokre tilfelle mora er død.

Eit åndsverk, til dømes ein roman kan òg koma ut posthumt, dvs. etter at forfattaren er død. Eit døme på dette er Millennium-trilogien av den svenske forfattaren Stieg Larsson. Diktsamlinga Hverdagen av den norske diktaren Rudolf Nilsen blei òg gitt ut posthumt. Romanen Maurice av den britiske forfattaren E.M. Forster blei gitt ut posthumt med vilje sidan han handla om homofili, som var svært kontroversielt då romanen blei skriven.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. posthum (på norsk bokmål). 28. februar 2020.