Galina Tsjistjakova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galina Tsjistjakova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland, Slovakia
Fødd 26. juli 1962 (61 år)
Izmajil
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Galina Tsjistjakova-Beskrovnaja (fødd 26. juli 1962) er ein tidlegare lengdehoppar og tresteghoppar frå Izmajil, sørvest i det noverande Ukraina. I størsteparten av karrieren sin tevla ho for Sovjetunionen. Galina Tsjistjakova held den gjeldande verdsrekorden i lengdehopp med 7,52 meter. Hennar personlege rekord i tresteg er på 14,76 meter.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Galina Tsjistjakova vann lengdehopptevlinga under innandørs-EM i Athen i 1985 med eit hopp på 7,02. Året etter vann ho sølv under EM i friidrett i Stuttgart. Tsjistjakova hoppa 7,09, men austtyske Heike Drechsler hoppa lengre. Den 11. juni 1988 deltok Tsjistjakova i ei tevling i Leningrad, der ho sette verdsrekord i lengdehopp med 7,52. Underleg nok fekk ho ikkje meir enn ein bronsemedalje under sommar-OL 1988 i Seoul seinare same året. Her hoppa ho 7,11 meter.

Tsjistjakova vann fleire medaljar i lengdehopp og tresteg under innandørs-meisterskap, inkludert ein gullmedalje frå innandørs-VM i Budapest i 1989. Etter ein kneoperasjon i 1990 fann ho aldri tilbake til toppformen sin. Fram til no hadde Tsjistjakova representert Sovjetunionen, men ho vart russisk statsborgar ved unionsoppløysinga før ho etter nokre år vart slovakisk statsborgar. I 1995 gjorde ho eit comeback, og representerte Slovakia under sommar-OL 1996 i Atlanta, men kvalifiserte seg ikkje til finalen korkje i lengdehopp eller tresteg. Ho er no busett i Slovakia saman med familien sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]