Gammaglimt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av den optiske ettergløden til gammaglimt GRB 990123.

Gammaglimt er dei mest kraftige eksplosjonane i universet sidan Big Bang og det mest lyssterke fenomenet ein kjenner til.[1] Gammaglimt skjer på avstandar av milliardar av lysår og består av ein kraftig utladning av gammastråling og ein seinare etterglød i synleg lys. Gammaglimt kan vara i alt ifrå millisekund til fleire minutt.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av ei massiv stjerna som kollapsar og dannar eit svart hòl.

Det finst ulike teoriar for kva som er opphavet til gammaglimt:

I det første scenarioet går kjernen til ei massiv stjerna tom for kjernar som kan fusjonerast med energigevinst.[3] Dette skjer når kjernen består av jern, og kjernen vil no kollapsa til eit svart hòl om stjerna er massiv nok.[3] Store mengder frigjord energi vil so skapa to jetstråler av partiklar med relativistisk fart som går ut frå polane til stjerna.[4] Dette vil kunna bli observert som eit gammaglimt om ei av jetstrålene peikar mot jorda.[4]

I det andre scenarioet vil samanslåinga av to nøytronstjerner eller ei nøytronstjerna og eit svart hòl føra til at store energimengder blir frigjorde og igjen gje opphav til to jetstråler som kan registrerast som gammaglimt.[4]

Historia[endre | endre wikiteksten]

Gammaglimt blei først observert i 1967 av dei amerikanske Vela-satellittane som leitte etter energirik gammastråling som skulle stamma frå sovjetiske atomprøvesprengningar på baksida av månen.[5] I staden oppdaga satellittane gammastråling frå andre stader i universet; utan at ein visste kor dei kom ifrå.[5] Seinare observasjonar har vist at gammaglimt skjer på svært store avstandar på milliardar av lysår.[5]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gammaglimt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Swift Explorer - News Media Kit» - PDF-dokument med informasjon om Swift-sonden på prosjektet si heimesida.
  2. «Gamma-Ray Bursts: Introduction to a Mystery» NASA's Imagine the Universe om gammaglimt.
  3. 3,0 3,1 [http://science.nasa.gov/newhome/headlines/ast02nov99_1.htm «Taking a ringside seat for a gamma-ray burst»] - Artikkel om gammaglimt frå 1999 hos NASA.
  4. 4,0 4,1 4,2 «Universets voldsomste hemmeligheter skal avsløres» - artikkel av Knut Jørgen Røed Ødegaard om oppskytinga av romteleskopet Swift.
  5. 5,0 5,1 5,2 «Tidenes kraftigste lysblaff fra gammaglimt» - artikkel av Knut Jørgen Røed Ødegaard om det krafigaste gammaglimtet registrert (2008).