Gammalnorsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gammalnorsk eller gamalnorsk er språket som vart tala i Noreg frå vikingtida til andre halvdelen av 1300-talet.
Gammalnorsk har på norsk òg vore brukt om språket som vart tala i dei vestnordiske landa i høgmellomalderen. Sjå òg Noregsveldet. Sidan dei viktigaste skriftlege kjeldene til dette fellesspråket er funne på Island, vert det feil å kalle språket gammalnorsk. På norsk kallar vi no dette språket for norrønt.