1300-talet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mellomaldermanuskript frå 1300-talet som syner korleis verda er rund.

< 1300-talet > viser til hundreåret frå 1300 til 1399 i den julianske kalenderen. Hundreåret hadde klimaendringar med overgangen frå den varme perioden i mellomalderen til den vesle istida. Eurasia opplevde hungersnaud, pest, religiøse og nasjonale konfliktar, men også vekst og nyvinningar, byrjinga på Ming-dynastiet, Det osmanske riket og den europeiske renessansen.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Ruinar etter steinbyggverka i Stor-Zimbabwe.

Maliriket nådde si stordomstid under Mansa Musa rundt 1307. Riket spreidde seg vestover og erobra Tekrur

Hausafolk grunnla fleire bystatar i dagen Sør-Niger.

Bygginga av ein bymur av stein tok til rundt Store Zimbabwe i Munhumutapariket. Hovudstaden hadde no mellom 10 000 og 40 000 innbyggjarar.

Amerika[endre | endre wikiteksten]

Tenochtitlan, hovudstaden i det veksande Aztekarriket, blei grunnlagd i 1325.

Eurasia[endre | endre wikiteksten]

Kart over Yuan-riket, og andre rike i Asia, i 1345.

I Kina blei Slaget på Poyang, det største sjøslaget i mellomalderen og etter nokre mål også det største i historia, utkjempa mellom marinestyrker for Yuan- og Ming-dynastiet i 1363. Ming-styrkane sigra. I 1368 blei det mongolske Yuan-dynastiet erstatta av Ming-dynastiet.

Wang Dayuan blei den første kinesaren som segla inn i Middelhavet då han vitja Nord-Afrika 1334-1339.

Vidjayanagarariket blei grunnlagd i Sør-India av Harihara i 1336.

Svartedauden. Bibelillustrasjon frå 1411.

Svolt og pest[endre | endre wikiteksten]

Eit overbefolka Europa blei ramma av sviktande avlingar og den store hungersnauden 1315–1317. I 1344 braut det ut epidemiar av byllepest i Asia. I 1347 nådde pesten Genova og Italia og speidde seg vestover. Frå 1347 til 1352 herja pesten, kjend som Svartedauden, mykje av Europa. Medan folk flykta frå smittefarlege byar, blei delar av landsbygda folketomme. Opptil 20 millionar menneske, rundt ein tredjedel av innbyggjarane, døydde av pesten i Europa.

Jomfru Maria sin bryllaupsprosesjon måla av Giotto di Bondone. Frå Scrovegni-kapellet, som stod ferdig rundt 1305.

Kunst og vitskap[endre | endre wikiteksten]

Abbeden Richard av Wallingford utvikla ei mekanisk astronomisk klokke i 1330-åra.

Renessansen tok til i Italia med kunstnarar som Dante Alighieri (1265–1321), Giotto di Bondone (1267–1337) og Francesco Petrarca (1304–1374), som innførte omgrepet om «mørket» mellom antikken og samtida.

Ars nova-musikken hadde ei stordomstid i Europa.

Astrolabium, armillarsfære, kompassrose og kombinert kompass og solur blei utvikla av arabarar.

Krutvåpen, som eldspyd, rakettar, land- og sjøminer, muskettar, bombardar, kanonar og kanonkuler fylde med krut er skildra i den kinesiske teksten Huolongjing frå dette hundreåret. Også i Europa tok ein i bruk skytevåpen frå 1320-talet. Kanonar og armbrøstar minska tydinga av riddarar, noko som i sin tur svekka føydalismen.

Handel[endre | endre wikiteksten]

Hansaen nådde eit høgdepunkt i makt og utstrekking, med handelsmonopol i mykje av Nord-Europa. England fekk ei økonomisk stordomstid gjennom ullhandel. Byar som hadde tent seg rike på handelen bygde store kyrkjer. I 1377 hadde London minst 50 laug og eit folketal på over 35 000.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Koranside frå Iran på 1300-talet.

Pavesetet låg i Avignon i store delar av hundreåret. Det vestlege skismaet frå 1378 førte til at den katolske kyrkja ei tid hadde tre stridande pavar. Den reformkrevjande lollardismen voks fram i England mot slutten av hundreåret.

Islam nådde TerengganuMalayahalvøya.

Krig[endre | endre wikiteksten]

Den skotske fridomskrigen ende med skotsk sjølvstende tidleg i hundreåret. I 1337 braut Hundreårskrigen ut då Edvard III av England gjorde krav på den franske trona. Fleire folkelege opprør fann stad i Europa: Bondeopprør i Frankrike i 1358, Ciompi-opprøret av ullkardarar i Firenze i 1378 og bondeopprøret i England i 1381.

Bysantarriket opplevde borgarkrig. Det osmanske riket blei danna og tok til å breia seg inn i Balkan. I 1389 fann slaget ved Kosovosletta stad, der osmanhæren sigra.

Samling[endre | endre wikiteksten]

Polen blei gjenforeint under Vladislav I i 1320. I 1385 gjekk landet inn i ein polsk-litauisk union.

I Skandinavia ende hundreåret med sameining i Kalmarunionen, skapt av dronning Margrete Valdemarsdotter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: 1300-talet
<<   1300-talet   >>

<< 1300 | 1301 | 1302 | 1303 | 1304 | 1305 | 1306 | 1307 | 1308 | 1309 | 1310 | 1311 | 1312 | 1313 | 1314 | 1315 | 1316 | 1317 | 1318 | 1319 | 1320 | 1321 | 1322 | 1323 | 1324 | 1325 | 1326 | 1327 | 1328 | 1329 | 1330 | 1331 | 1332 | 1333 | 1334 | 1335 | 1336 | 1337 | 1338 | 1339 | 1340 | 1341 | 1342 | 1343 | 1344 | 1345 | 1346 | 1347 | 1348 | 1349 | 1350 | 1351 | 1352 | 1353 | 1354 | 1355 | 1356 | 1357 | 1358 | 1359 | 1360 | 1361 | 1362 | 1363 | 1364 | 1365 | 1366 | 1367 | 1368 | 1369 | 1370 | 1371 | 1372 | 1373 | 1374 | 1375 | 1376 | 1377 | 1378 | 1379 | 1380 | 1381 | 1382 | 1383 | 1384 | 1385 | 1386 | 1387 | 1388 | 1389 | 1390 | 1391 | 1392 | 1393 | 1394 | 1395 | 1396 | 1397 | 1398 | 1399 >>