Gangartar hos dyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gangart er dyr sine ulike måtar å gå eller løpe på. Ein skil for eksempel mellom passgang og diagonalgang. Ordet gangart blir særlig brukt om hestar og korleis dei bevegar seg.

Menneska sine viktigste gangartar er å gå og å løpe. Det blir i så måte arrangert konkurransar både i kappgang og løp.

[endre] Gangartar hos hestar

Alle hestar har dei tre hovedgangartene skritt, trav og galopp. I tillegg til desse har islandshestar tølt («flygande skritt») og pass. Amerikanske hesterasar har mange ulike gangartar, blant anna «fox trott» og «running walk».

Hestar konkurrerer i mange ulike gangartar.

Det blir arrangert kappriding i galopp, galoppløp. Det blir også arrangert køyrekonkurransar, mellom anna som travløp. Både galoppsport og travsport er populære som veddeløp.

I dressurriding skal hesten vise at den meistrar dei tre hovudgangartane, i tillegg til å utføre andre moment.

For islandshestar blir det arrangert konkurransar som går ut på å vise fram dei 5 ulike gangartane som islandshesten har.

[endre] Sjå også

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk