Gare Loch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gare Loch.

Gare Loch eller Gareloch (skotsk-gælisk An Gearr Loch) er ein sea loch eller fjord i Argyll and Bute i Skottland.

Fjorden strekkjer seg 10 km nordover frå Firth of Clyde og har ei breidde på 1,5 km. Fjorden går gjennom eit smalt område kalla Rhu. Landsbyen Rosneath ligg på vestsida like nord for Rosneath Point og har gjeve namn til Rosneathhalvøya som skil Gare Loch frå Loch Long lenger vest. Området ligg i det tidlegare grevskapet Dunbartonshire.

Byen Helensburgh ligg på austsida av fjorden. Lenger nord på austsida ligg Faslane marinebase, basen til den britiske atomubåten Trident. Fjorden var òg ein stor marinebase under den andre verdskrigen og vart nytta som ankringsplass for skip i opplag i 1950-åra. Eit skipsopphoggerverft låg her fram til 1980-åra og er i dag ein del av marinebasen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°2′0″N 4°49′0″W