Gassmotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biogassmotor.

Gassmotor er ein forbrenningsmotor som nyttar gass som drivstoff. Nokre typar gass gjev reinare eksos enn flytande drivstoff og verd difor nytta når det er naudsynt å nytta køyretøy innomhus.

Skilnadar frå forgassarmotorar[endre | endre wikiteksten]

Gassmotorar skil seg lite frå forgassarmotorar, men ettersom drivstoffet alt er i gassform trengst det ingen forgassar. I staden har dei eit blandekammer (blandebatteri) på innsugingsmanifolden, som syt for rett tilhøve mellom drivstoff og luft. Om gassen som vert soge inn i sylinderen ikkje har rett blandingsforhold får ein dårleg forbrenning. Gassen som vert nytta som drivstoff vert lagra under trykk på ein gasstank og på grunn av det høge trykket er han i flytande form. Det trengst likevel ingen forgassar, ettersom veska går over i gassform når gassen vert slepp ut og trykket vert redusert.

Termodynamsik er den ingen skilnad på gassmotorar og forgassarmotorar. Begge arbeider etter Beau de Rochas-syklusen.

Drivstoff[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste drivstofftypen har vore ulike typar naturgass, men i dei siste åra har det vorte aktuelt å nytta ulike former for biogass, frå til dømes søppelfyllingar og husdyrgjødsel.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Gaffeltruckar som vert nytta både utandørs og i lagerbygningar nyttar ofte propan som drivstoff, men elektrisk drift er òg utbreidd. Industrielle gassmotorar vert òg nytta der det er lett tilgang på gass. Typiske bruksområde er drift av generatorar, pumpeer, og liknande. Dei vert produserte i storleikar frå 50 kW og opp til nokre MW.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Med unnatak av tidlege eksperiment med krutmotorar nytta dei fyrste motorane med innvendig forbrenning gass som drivstoff. Barsanti og Matteucci nytta hydrogen og Lenoir nytta lampegass. I 1863 laga Lenoir ein forgassar og dei fleste som eksperimenteret med «motorvogner» gjekk over til å nytta flytande drivstoff. Men vidare ut over siste halvdel av 1800-talet vart det installert mange stasjonærmotorar som nytta lampegass [1]. Denne trenden heldt fram etter århundreskiftet og framleis vert det produsert stasjonære gassmotorar.

Under 2. verdskrig vart mange forgassarmotorar, og nokre glødehovudmotorar, ombygde til å nytta vedgass som drivstoff. Vedgass er ikkje like bankefast som bensin, så topplokket på dei fleste bensinmotorar måtte skiftast for å redusera kompresjonsforholdet. Parafinmotorar, derimot, hadde ofte låg nok kompresjon til at dei kunne køyrast på vedgass.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mathot, R.E., Gas-engines & producer gas plants, Munn & Company, 1905. Nyutgjeven på engelsk av Linsay Publications, 2001.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]