Gazetteer for Scotland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gazetteer for Scotland er eit nettleksikon som dekkjer geografi og historie i Skottland og skottar. I 2011 hadde det over 19 000 artiklar.

Ideen om å gje ut eit slikt leksikon blei utforma av Bruce Gittings frå University of Edinburgh og David Munro frå Royal Scottish Geographical Society i 1995. Det er dermed eit tidleg døme på eit oppslagsverk som blei gjeve ut på Internett med hyperlenkjer i staden for i bokform.

Gazetteer for Scotland inneheld nyskriven tekst, kart og statistikk, peikarar til andre nettstader som Historic Scotland, og tekst frå Ordnance Gazetteer of Scotland: A Survey of Scottish Topography, Statistical, Biographical and Historical (1882-1885) av Francis H. Groome for å gje historisk bakgrunn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]