Geoide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgdeskilnader i EGM96-geoiden i forhold til WGS84-ellipsoiden.

Ein geoide (av gresk: geo, jord og eides, liknande) er ei ekvipotensiell overflate (overflata som motsvarar ein spesifikk verdi) som omtrent fell saman med det gjennomsnittlege nivået til havoverflata. Han blir ofte sagt å vere ein nær attgjeving eller fysisk modell av den ekte forma til jorda, og ifølgje Carl Friedrich Gauss er geoiden eit «matematisk bilete av jorda» eller, eigenleg, av gravitasjonsfeltet til jorda.

Overflata til geoiden er meir uregelmessig enn den rotasjonsellipsoiden som ofte blir nytta for omtrentleg å skildre den fysiske forma til jorda, men langt jamnare enn den fysiske overflata til jorda. Medan den sistnemnde har toppar på over 8 000 meter (Mount Everest) og dalar på under 11 000 meter (Marianergropa), varierer geoiden berre med omkring ±100 m frå ein nøyaktig fastlagt rotasjonsellipsoide.

1. Hav
2. Ellipsoide
3. Lokal loddlinje (overflatenormalen)
4. Land
5. Geoiden

Ein konsekvens av at geoiden er ei ekvipotensiell flate er at tyngdekrafta er vinkelrett mot geoiden i kvart og eit punkt. Dette gjer at havoverflata skulle ha ei form som fell saman med geoiden om havvatnet fekk virke fritt, uavhengig av andre krefter og kontinentale landmassar. Geodetar kan berekne høgda hos punkt på kontinenta ovanfor denne tenkte, men fysisk definerte overflata gjennom ein teknikk som blir kalla avveging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]