Georg Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Andersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1963 (61 år)
Arendal
Idrett friidrett, kulestøyt
Tok del i

Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Kongepokal, Kongepokal

Georg Arnfinn Andersen (fødd 7. januar 1963) er ein norsk politimann og tidlegare kulestøytar og diskoskastar frå Arendal. Han vann bronsemedaljen i kulestøyt under EM i friidrett 1990. Mellom 1987 og 1995 vart han fire gongar noregsmeister i kulestøyt, både i 1988 og 1990 fekk han kongepokalen for beste prestasjon under meisterskapen. I sine år som friidrettsutøvar representerte han både Idrettsklubben Grane, Idrettsklubben Tjalve og Urædd. Han er far til friidrettsutøvaren Stian Andersen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Andersen deltok i fleire internasjonale meisterskap frå 1986 av. Etter gode plasseringar i innandørsmeisterskap, tok han bronsemedaljen under EM i friidrett i Split på seinsommaren 1990. Med eit kast på 20,71 m var han nær sitt toppnivå og kunne lite gjere med austtyskarane Ulf Timmermann og Oliver-Sven Buder.

Under VM i friidrett 1991 i Tokyo vart Andersen tildelt sølvmedaljen i kulestøyt, men mista medaljen då han testa positivt for doping. Den positive testen på anabole steriodar kom etter ei prøve han gav over ein måned før VM-tevlingane i Tokyo.

Han gjorde comeback etter at utestenginga var over og kvalifiserte seg til VM i Göteborg i 1995, men makta ikkje kvalfisere seg til finalen. Etter 1996-sesongen la han opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986: Nr 10 i kulestøyt
  • OL 1988: Nr 10 i kulestøyt
  • EM 1990: Bronsemedalje i kulestøyt
  • VM 1991: Diskvalifisert frå sølvplass i kulestøyr
  • EM 1995: Utslått i kvalifiseringa

Medaljar norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Bronse i diskos
  • 1984: Bronse både i kule og i diskos
  • 1985: Sølv i diskos
  • 1986: Sølv i diskos og bronse i kule
  • 1987: Gull i kule og bronse i diskos
  • 1988: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,63 m
  • 1989: Sølv i kule
  • 1990: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,80 m
  • 1995: Gull i kule

Sin personlege rekord i kulestøyt på 20,86 meter sette Andersen i Malmö i 1990, men innandørs har han støytt 20,98 m. Hans pers i diskoskast er på 62,10 meter og frå 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • «Georg Andersen» (på engelsk). olympedia.org. Henta 23. februar 2023. 
  • (en) Georg Andersen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.