Georg II av Storbritannia
| George II Augustus | |
| Konge av Storbritannia og Irland | |
| Regjeringstid | 11. juni 1727-25. oktober 1760 |
|---|---|
| Fødd | 10. november 1683 i Schloss Herrenhausen i Hannover |
| Død | 11. juni 1727 i Osnabrück |
| Føregjengar | Georg I |
| Gift med | Caroline av Brandenburg-Ansbach |
| Born | Fredrik Ludvig (1707-1751).
|
Georg II Augustus (10. november 1683–25. oktober 1760) var konge av Storbritannia og Irland frå 1727 til 1760. I tillegg var han hertug av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) og tysk kurfyrste. Han var den andre britiske monarken av det tyske fyrstehuset Hannover, og den siste britiske monarken som personleg leidde styrkar i krig. Ulikt føregangaren Georg I snakka han flytande engelsk, i tillegg til fleire andre språk.
Georg II var son av arveprinsen av Braunschweig-Lüneburg, den seinare kong Georg I av Storbritannia, og kona Sophie av Celle. Då faren vart hertug av Braunschweig-Lüneburg vart Georg sjølv arveprins. Georg II gifta seg med prinsesse Caroline av Brandenburg-Ansbach i 1705.
Georg grunnla mellom anna Georg-August-Universität i Göttingen.
Etterfølgjar som konge og fyrste var sonesonen Georg III av Storbritannia.