Vilhelm August, hertug av Cumberland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hertugen av Cumberland

Vilhelm August (26. april 172131. oktober 1765) var hertug av Cumberland, ein yngre son av Georg II av Storbritannia og Karoline av Ansbach og ein militærleiar.

Han starta si militære karriere i marinen, men gjekk rask over i hæren i 1742. I desember 1742 vart han generalmajor, og året etter kom han i strid første gong i Persia. I lag med faren, Georg II, deltok han i slaget ved Dettingen (27. juni 1743), der han vart skadd. I heimlandet vart han for dette ein stor helt, og etter slaget vart han generalløytnant.

I 1745 hadde han vorte generalkaptein for den britiske hæren og han vart kommandør for dei allierte britiske, hannoveranske, austerrikske og nederlandske troppane. Tournai var omleira av franskmennene under marskalk Moritz av Sachsen, og 11. mai 1745 møtte dei kvarandre i det store slaget ved Fonteonoy, der han vart grundig slått av marskalken av Sachsen.

Same året vart han sendt heim for å stoppe Charles Edward Stuart, kjend som den unge pretendenten, og Jacobittaropprøret. Etter å ha trent opp styrkane i Aberdeen møtt ehan Stuart til kamp i slaget ved Culloden den 8. april 1746, der han vann ein avgjerande siger. I 1747 møtte han Marskalken av Sachsen igjen i Flandern og gjekk på eit nytt stortap i slaget ved Lauffeld nær Maastricht.

Under sjuårskrigen, som starta i 1757, fekk Cumberland i oppgåve å forsvare Hannover. I slaget ved Hastenbeck vart han slått den 26. juli 1757 av dei langt større styrkane til d'Estrées. I september same år gjekk han på fleire nederlag og vart driven frå stad til stad av franskmennene under Richelieu. Han kapitulerte ved klosteret Zeven den 8. september 1757.

Hertugen døydde midt på Upper Grosvenor Street i London den 31. oktober 1765, truleg av hjarteåtak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]