Georg I av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georg I
GeorgeIKneller1714.jpg
Konge av Storbritannia
Fødd 28. mai 1660 i Hannover
Død 11. juni 1727 i Osnabrück
Føregjengar Anne av Storbritannia
Gift med Sophie Dorothea av Braunschweig-Lüneburg
Born Georg August
Sophie Dorothea

Georg Ludwig, engelsk George Louis (28. mai 166011. juni 1727) var den første britiske kongen frå fyrstehuset Hannover. Frå 1698 var han hertug av Braunschweig-Lüneburg (Hannover), og dermed kurfyrste av det tysk-romerske riket, og frå 1714 konge av kongeriket Storbritannia og kongeriket Irland.

Tysk konge i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Då den britiske dronning Anne døydde i 1714 vart det teke ei avgjerd om at den næraste protestantiske arvingen skulle arva trona. Tanken var få hindra ein ny katolsk konge på den britiske trona. Dermed arva Georg Ludwig den britiske trona, og vart konge av Storbritannia som Georg I. Han lærte seg trass i dette aldri å tala flytande engelsk språk. Av den grunn vart han låtteleggjort av nokre av sine britiske undersåttar. Det vart berre snakka tysk ved hoffet under regjeringstida hans.

Gerog var den fyrste britiske monarken frå fyrstehuset Hannover, som regjerte Storbritannia fram til dronning Victoria døydde i 1901. Det innebar òg at Hannover og Storbritannia kom i personalunion, og tette band vart knytt mellom dei to landa. I løpet av regjeringstida hans vart det britiske monarkiet gradvis svekka og erstatta med eit meir demokratisk styre med meir makt til parlamentet. Dei siste åra før Georg Ludwig døydde vart Storbritannia eigentleg styrt av de facto-statsministeren Sir Robert Walpole.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Georg Ludwig vart fødd i 1660 som eldste son av kurfyrst Ernst August av Hannover og Sophie av Pfalz. Mora var dotter av Friedrich V av Pfalz og dronning Elisabeth av Bøhmen, som igjen var dotter av Jakob I av England.

Han gifta seg 21. november 1682 med Sophie Dorothea av Braunschweig-Lüneburg, og fekk sonen Georg August, seinare kong Georg II av Storbritannia, og Sophie Dorothea, seinare gift med kongen av Preussen.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Georg I var svært dårleg likt i det adopterte heimlandet sitt, særleg fordi han ikkje snakka engelsk (sjølv om han skal ha lært det etter som åra gjekk). Folket meinte òg at han behandla kona si dårleg ved å ha ei rekke tyske elskarinner. Likevel føretrekte dei ein slik konge, som trass alt var protestant, framfor å ha ein katolsk regent.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georg I av Storbritannia
Spire Denne historieartikkelen som har med Storbritannia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.