George Gordon Byron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Gordon Byron, 6th Baron Byron, i albansk drakt, malt av Thomas Phillips i 1813.

George Gordon Byron (22. januar 178819. april 1824), kjend som Lord Byron, var ein engelsk poet. Han var den sjette baron Byron.

Byron var født i London. Han var son av John «Mad Jack» Byron og den skotske arvingen Catherine Gordon av Gight. Faren hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap, Augusta. Faren forlét familien etter å ha brukt opp formuen til kona si; han døydde i Frankrike i 1791. Catherine og sonen busette seg i Aberdeen i 1790 der dei levde på det vesle ho endå hadde. Byron voks opp med ei ustabil mor og ei guvernante, May Gray, som mishandla han fysisk og, i følgje hint frå Byron sjølv, seksuelt.

Som tiåring arva George barontittelen og landeigedommen Newstead Abbey i Nottinghamshire i England. Denne eigedommen blei det meste leigd ut til andre medan han var ung. I august 1799 byrja Byron ved skulen til aberdeenaren William Glennie i Dulwich i London. Han gjekk også ved Aberdeen Grammar School. Frå 1801 til 1805 var han elev ved den ekslusive privatskulen Harrow. Han studerte ved Trinity College i Cambridge. Frå 1809 til 1811 drog han på ein Grand Tour, ei danningsreise i Europa. På grunn av Napoleonskrigane blei mesteparten av reisa lagt til middelhavslanda.

I ungdomstida hadde Byron fleire kjenslesterke tilhøve til gutar og jenter. Tilhøvet til den gifte Lady Caroline Lamb blei ein offentleg skandale. Seinare gjorde han kur til søster hennar, Anne Isabella Milbanke, og overtalte henne til å gifta seg med han i 1815. Dei fekk ei dotter, Augusta Ada (Lovelace), men ekteskapet var ikkje lukkeleg. I 1816 forlét Byron England etter ei skandaleomtala skilsmisse, og vendte sidan aldri tilbake.

Han besøkte Ali Pasha og skreiv om han i Childe Harolds pilegrimsferd. Han deltok i den greske sjøvstendekrigen i 1823, og døydde året etter av malaria i Mesolóngi. Han skreiv på sitt hovudverk, den store samfunnssatiren Don Juan i åra 1819-1824, men rakk ikkje å fullføre det.

Innhaldsliste

[endre] Viktige verk

[endre] Dikt

  • Childe Harold's Pilgrimage, 1812-18
  • The Giaour, 1813
  • The Corsair, 1814
  • Hebrew Melodies, 1815
  • Parisina, 1816
  • The Prisoner of Chillon, 1816
  • The Dream, 1816
  • Darkness , 1816
  • Beppo, 1818
  • Mazeppa , 1819
  • Don Juan, 1819-1823

[endre] Skuespill

  • Manfred, 1817
  • Cain, 1821
  • The Two Foscari, 1821
  • Sardanapulus, 1821

[endre] Tidsskrifter

  • English Bards and Scotch Reviewers, 1809

[endre] Byron på norsk

  • Childe Harolds pilgrimsferd. Første og annen sang; gjendikta av Geir Uthaug, 1995
  • Don Juan; gjendiktet av Geir Uthaug, 2 bind, Bokvennen forlag, 2006-09
Byron i antologier og i utvalg
  • Byron kvæde; ved Edvard Alme (parallell engelsk og norsk tekst), 1920
  • Sivfløiten. Dikte av E.B. Browning, Byron, Shelley, Tennyson; ved Karen Hanssen, 1930
  • Eldskrift. Dikt i utvalg av Lord Byron, 1977
  • Fyll mitt beger påny!, engelsk romantikk fra Burns til Byron i norske gjendiktninger fra Henrik Wergeland til idag. Redigert av Geir Uthaug. 1990
  • Engelsk romantikk. Redigert av Geir Uthaug. Lyrikkbokklubben, 2003.

[endre] Bakgrunnsstoff

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: George Gordon Byron


[endre] Kjelder

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk