Georgi Stojkovski
Georgi Stojkovski | |
Statsborgarskap | Bulgaria |
Fødd | 10. mai 1941 Bata |
Død | |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Georgi Stojkovski (bulgarsk:Георги Иванов Стойковски) (fødd 10. mai 1941) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i tresteghopp. Han vart europameister i øvinga i 1966 med sitt livs lengste hopp; 16,67 meter.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964 sette Stojkovski personleg rekord med 16,21 m i kvalifiseringa. I finalen stoppa han på 16,10 m og vart nummer sju. To år seinare forbetra han den bulgarske rekorden til 16,67 m då han vann gullmedaljen i friidretts-EM i Budapest. Han vann tittelen med ein centimeters forsprang på Hans-Jürgen Rückborn frå DDR, som også sette landsrekord.
I Mexico-byen vart Stojkovski nummer ni under OL 1968 med 16,46 meter i sluttprotokollen. Han presterte eit hopp på 16,39 meter i kvalifiseringa i EM 1969, men det vart berre 15,14 m og ein tolvte og sisteplass i finalen.
Stojkovski var bulgarsk meister i tresteghopp 1964-66 og 1968-71.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 1964 i Tokyo: Nr 7 – 16,10
- EM 1966 i Budapest: Gullmedalje – 16,67 m, framom Hans-Jürgen Rückborn (16,66 m)
- OL 1968 i Mexico by: Nr 9 – 16,46 m
- EM 1969 i Athen: Nr 12 - 15,14 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Friidrott-65 og Friidrott-69
- Denne artikkelen bygger på «Georgi Stojkowski» frå Wikipedia på tysk, den 15. august 2014.