Georgij Malenkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Georgij Maksimilianovitsj Malenkov (8. januar 190214. januar 1988) var ein sovjetisk politikar. Han gjekk inn i Den raude armeen under borgarkrigen i 1919. Han melde seg så inn i kommunistpartiet i 1920, steig snøgt i gradene, og vart ein av Josef Stalins nærmaste medarbeidarar. Under krigen var han ein del av forsvarskomiteen, som leidde Sovjetunionens krig mot Nazi-Tyskland. Etter krigen var han visestatsminister i perioden 19461953. Stutt tid etter at Stalin døydde i 1953, vart han statsminister og generalsekretær i kommunistpariet, men måtte gje frå seg stillinga som generalsekretær til Nikita Khrusjtsjov i september same året. Grunnen til dette var, attåt ein maktkamp med rivalar innad i partiet, at han offentleg tok til orde for ein meir restriktiv atomvåpenpolitikk.[1] I 1955 vart han også tvungen til å gå av som statsminister. I 1957 deltok han i eit mislukka forsøk på å organisere ein opposisjon mot Khrusjtsjov, og mista derfor alle tillitsverv i partiet og staten. Dei siste snaue tretti åra av livet sitt var han leiar av eit vasskraftverk i Kasakhstan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pelle Stampe (2009) «Sovjetunionens røde tsarer» – Illustrert Vitenskap Historie, nr. 11, s. 72-73.