Nikita Khrusjtsjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikita Khrusjtsjov

Nikita Sergejevitsj Khrusjtsjov (17. april 189411. september 1971), russisk Никита Сергеевич Хрущёв Høyr Høyr, var ein av leiarane i Sovjetunionen under den kalde krigen. Han var fyrstesekretær i Det sovjetiske kommunistpartiet frå 1953 til 1964, og leiar av ministerrådet, eller statsminister, frå 1958 til 1964. Khrusjtsjov var ansvarleg for den delvise avstaliniseringa av Sovjetunionen, for å følgje opp framgangen i det tidlege romprogrammet, og for fleire relativt liberale reformer i innanrikspolitikken i landet. Partikollegaene til Khrusjtsjov fjerna han frå makta i 1964, og erstatta han med Leonid Brezjnev.

Khrusjtsjov vart fødd i den russiske landsbyen Kalinovka i 1894. Han var metallarbeidar i ungdommen, og under den russiske borgarkrigen var han politisk kommissær. Med hjelp av Lazar Kaganovitsj, steig han i gradane i det sovjetiske hierarkiet. Han støtta utreinskinga til Stalin, og godkjende tusenvis av arrestasjonar. I 1939 sende Stalin han til Ukraina for å styre der, og han heldt fram utreinskinga. Under det som i Sovjetunionen var kjent som «den store fedrelandskrigen» (den andre verdskrigen), vart Khrusjtsjov igjen kommissær, og tente som mellommann mellom Stalin og generalane hans. Khrusjtsjov var med i det blodige slaget om Stalingrad, noko han var svært stolt av. Etter krigen vende han tilbake til Ukraina, før han vart kalla tilbake til Sovjetunionen og vart ein av dei nære rådgjevarane til Stalin.

Dei politiske arvingane til Stalin slåst om makta etter at han døydde i 1953, og Khrusjtsjov gjekk, etter fleire år, sigrande ut av kampen. 25. februar 1956, på den tjuande partikongressen, heldt han «den hemmelege talen», der han kritiserte Stalin og innleidde ein mindre undertrykkjande periode i USSR. Innanrikspolitikken hans, som tok sikte på å betre liva til vanlege sovjetborgarar, var ofte lite effektiv, spesielt når det gjaldt landbruk. Khrusjtsjov håpa etter kvart på å kunne stole på rakettar når det gjaldt forsvar av landet, og gav difor ordrar om kutt i vanlege militære styrkar. Trass i kutta var perioden under Khrusjtsjov den mest spente i den kalde krigen, og krigen nådde høgdepunktet sitt med Cubakrisa.

Uheldige sider ved politikken til Khrusjtsjov gjorde han mindre populær og potensielle motstandarar sterkare. Dei avsette han i oktober 1964, men han møtte ikkje den same døyelege lagnaden som tidlegare sovjetleiarar som hadde mista makta. Han vart pensjonert med ei leilegheit i Moskva og ein datsja på landet. Sjølvbiografien hans vart smugla ut i vest og delvis utgjeven i 1970. Khrusjtsjov døydde i 1971 av hjarteåtak.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Khrusjtsjov vart fødd 15. april 1894[1] i Kalinovka,[2] ein landsby som i dag ligg i Kursk oblast i Russland.[3] Foreldra hans, Sergej Khrusjtsjov og Ksenia Khrusjtsjova, var fattige bønder av russisk opphav[3] og hadde ei dotter som var to år yngre enn Nikita, Irina.[1] Sergej Khrusjtsjov var tilsett i ei rekkje stillingar i Donbas-området langt aust i Ukraina – han arbeidde som jernbanemann, som gruvearbeidar og på ein mursteinsfabrikk. Løningane var mykje høgare ved Donbas enn i Kursk-området, og Sergej Khrusjtsjov forlét stort sett familien sin i Kalinovka, og vende tilbake dit når han hadde nok pengar.[4]

Kalinovka var ein bondelandsby, og læraren til Khrusjtsjov, Lydia Sjevtsjenko, sa seinare at ho aldri hadde sett ein landsby så fattig som Kalinovka hadde vore.[5] Nikita arbeidde som gjetar frå han var liten av. Han gjekk på skule i til saman fire år, delvis på den kyrkjelege skulen i landsbyen og delvis hjå Sjevtsjenko på den offentlege skulen i Kalinovka. Ifølgje Khrusjtsjov i biografien sin, var Sjevtsjenko ein fritenkjar som irriterte landsbybuarane ved ikkje å gå i kyrkja, og då ho fekk besøk av broren, gav ho guten bøker som var forbodne av regjeringa.[6] Ho oppmoda Nikita om å ta vidare utdanning, men økonomien i familien tillét ikkje dette.[6]

I 1908 flytta Sergej Khrusjtsjov til Juzovka i Donbas-området. Fjorten år gamle Nikita flytta etter same året, medan Ksenia Khrusjtsjova og dottera hennar kom seinare.[7] Juzovka endra namn til Stalino i 1924, og til Donetsk i 1961, og låg i hjartet av eit av dei mest industrialiserte områda i Det russiske imperiet.[7] Etter at guten i korte periodar hadde prøvd seg i andre yrke, fann foreldra hans ein lærlingplass til han som metallarbeidar. Då han var ferdig som lærling, vart tenåringen Khrusjtsjov tilsett på ein fabrikk.[8] Han mista denne jobben då han samla inn pengar for familiane til offera for Lena-massakren, og vart tilsett i ei gruve i nærliggjande Rutsjenkovo, der han reparerte utstyr.[9] På same stad hjelpte han også til med å dele ut og organisere offentleg opplesing av Pravda.[10] Han har seinare sagt at han vurderte å emigerere til USA for å få betre løn, men gjorde det ikkje.[11]

den fyrste verdskrigen braut ut i 1914, var Khrusjtsjov, som faglærd metallarbeidar, unnateken frå verneplikt. Han var tilsett på ein verkstad som hadde oppdrag for ti gruver, og Khrusjtsjov var involvert i fleire streikar for høgare løn, betre arbeidsforhold og slutt på krigen.[12] I 1914 gifta han seg med Jefrosinia Pisareva, som var dotter av heisoperatøren i Rutsjenkovo-gruva. I 1915 fekk dei ei dotter, Julia, og i 1917 ein son, Leonid.[13]

Etter at tsar Nikolaj II abdiserte i 1917, fekk den nye provisoriske regjeringa i St. Petersburg liten innverknad over Ukraina. Khrusjtsjov vart vald inn i arbeidarrådet (eller sovjetet) i Rutsjenkovo, og i mai det året vart han leiar i rådet.[14] Han vart ikkje med bolsjevikane før i 1918, året då den russiske borgarkrigen, mellom bolsjevikane og ein samanslutnad av motstandarar under namnet den kvite armeen, byrja så smått. Biografen til Khrusjtsjov, William Taubman, føreslår at grunnen til at han vart med bolsjevikane så seint, var at han følte seg meir heime hjå mensjevikane, som prioriterte økonomisk framgang, medan bolsjevikane søkte politisk makt.[15] I sin eigen biografi, gjev Khrusjtsjov uttrykk for at han venta fordi det var mange grupper, og det var vanskeleg å halde styr på dei.[15]

I mars 1918, då bolsjevikregjeringa inngjekk ein eigen fredsavtale med sentralmaktene, okkuperte tyskarane Donbas, og Khrusjtsjov flykta til Kalinovka. Seint i 1918 eller tidleg i 1919, vart han mobilisert til Den raude armeen som politisk kommissær.[16] Denne posten hadde vorte introdusert etter kvart som bolsjevikane byrja å bruke færre arbeidaraktivistar og fleire militærrekruttar. Arbeidsoppgåvene omfatta opplæring av rekruttar i prinsippa for bolsjevismen og fremjing av troppsmoral og beredskap til kamp.[17] Etter å ha byrja som kommissær i ein opplæringstropp, vart Khrusjtsjov etter kvart kommissær for ein opplæringsbataljon, og han vart send frå fronten til eit tomånaders politisk kurs. Den unge kommissæren var mange gonger i skotlinja,[18] men likevel handla mange av krigshistoriene han fortalde seinare i livet meir om den kulturelle uvissa han (og troppen hans) opplevde, heller enn om kamp.[17] I 1921 var borgarkrigen over, og Khrusjtsjov vart demobilisert og tildelt ein arbeidsbrigade ved Donbas, der han og mennene hans måtte leve under dårlege forhold.[17]

Krigane hadde ført til vidfemnande øydeleggingar og hungersnaud, og eit av offera for svolt og sjukdom, var kona til Khrusjtsjov, Jefrosinia, som døydde av tyfus i Kalinovka medan Khrusjtsjov var i hæren. Kommissæren Khrusjtsjov vende tilbake ved gravferda hennar og nekta, lojal mot dei bolsjevikiske prinsippa, kista til kona si å verte boren inn i den lokale kyrkja. Sidan den einaste vegen til gravplassen gjekk gjennom kyrkja, vart kista løfta og send over gjerdet som gjekk rundt kyrkjegarden, noko som sjokkerte landsbybuarane.[17]

Partitilsett[endre | endre wikiteksten]

Åra i Donbas[endre | endre wikiteksten]

Med hjelp frå ein ven, vart Khrusjtsjov i 1921 assisterande direktør for politiske saker i Rutsjenkovo-gruva i Donbas-området, der han tidlegare hadde arbeidd.[19] På den tida var det få bolsjevikar i området, og rørsla var delt i synet på den nye økonomiske politikken til Lenin. Denne tillét til ein viss grad private føretak, og dette vart sett på som ein ideologisk tilbakegang av ein del bolsjevikar.[19] Sjølv om arbeidsområdet til Khrusjtsjov var politikk, involverte han seg også i det praktiske med å få opp att full drift i gruva etter kaoset i krigsåra. Han hjelpte til med å få i gang att maskinene (viktige delar og papir hadde vorte fjerna av dei som tidlegare hadde ått gruva), og han hadde på seg dei gamle gruvekleda sine når han gjekk på inspeksjon.[20]

Khrusjtsjev hadde ein framgangsrik karriere i Rutsjenkovo-gruva, og i midten av 1922 fekk han tilbod om å verte direktør for den nærliggjande Pastukhov-gruva. Men han tok ikkje imot jobbtilbodet, fordi han i staden ville prøve å knyte seg til den nyleg etablerte universitetsavdelinga for teknikk (tekhnikum) i Juzovka, sjølv om dei overordna i gruva hadde lite lyst til å gje slepp på han. Fordi han berre hadde fire års formell utdanning, søkte han seg inn på opplæringsprogrammet (rabfak) for tekhnikum. Dette var oppretta for å få studentar med lite utdanning opp på eit vidaregåande nivå, noko som var kravd for å kome inn på tekhnikum.[21] Medan han gjennomførde rabfak, heldt Khrusjtsjov fram arbeidet sitt i Rutsjenkovo-gruva.[22] Ein av lærarane hans skildra han seinare som ein dårleg student.[21] Han hadde meir suksess når det gjaldt forfremjing i kommunistpartiet. Ikkje lenge etter at han vart med i raikom i august 1922, vart han utnemnd til partisekretær for heile tekhnikum og medlem av byrået – styrerådet – i partikomiteen for byen Juzovka (som endra namn til Stalino i 1924). Han var ei kort stund med i støttegruppa for Lev Trotskij mot Josef Stalin når det gjaldt spørsmålet om demokrati i partiet. Alle desse aktivitetane gav han lita tid til studia, og sjølv om han seinare hevda å ha fullført rabfak-studia, er det uklart om dette var sant.[23]

I 1922 møtte og gifta Khrusjtsjov seg med den andre kona si, Marusia (jentenamnet hennar er ukjent). Dei to vart ikkje lenge etter separerte, men Khrusjtsjov hjelpte seinare Marusia, spesielt då dottera Marusia hadde frå eit tidlegare forhold vart alvorleg sjuk. Ikkje lenge etter det mislukka ekteskapet, møtte Khrusjtsjov Nina Petrovna Kukhartsjuk, ein velutdanna partiorganisator og dotter av velståande ukrainske bønder.[24] Dei to levde saman som mann og kone resten av livet til Khrusjtsjov, sjølv om dei ikkje registrerte ekteskapet sitt før i 1965.[25]

Midt i 1925 vart Khrusjtsjov utnemnd til partisekretær for Petrovo-Marinskij raikom, eller distrikt, nær Stalino. Raikomet var om lag 1 000 km² stort, og Khrusjtsjov var konstant på reisefot i området sitt, og viste interesse for sjølv småsaker.[26] Seint i 1925 vart Khrusjtsjov vald til observatør til den fjortande kongressen i det sovjetiske kommunistpartiet i Moskva.[27]

Hjelp frå Kaganovitsj[endre | endre wikiteksten]

Khrusjtsjov møtte Lazar Kaganovitsj så tidleg som i 1917. I 1925 vart Kaganovitsj partileiar i Ukraina,[28] og Khrusjtsjov, som kom under hans vern,[29] steig fort i gradane. Han vart utnemnd til nestkommanderande for partiapparatet i Stalino seint i 1926, og før det hadde gått ni månader, organiserte Khrusjtsjov utstøytinga av den han var underordna, Konstantin Moisejenko.[28] Kaganovitsj overførde Khrusjtsjov til Kharkov, som då var hovudstaden i Ukraina, som leiar for den organisatoriske avdelinga i sentralkomiteen i det ukrainske partiet.[30] I 1928 vart Khrusjtsjov overførd til Kiev, der han tenestegjorde som nestkommanderande for partiet der.[31]

I 1929 ynskte Khrusjtsjov igjen å utvide utdanninga si, etter kvart som han følgde Kaganovitsj (som no var i Kreml som nær medarbeidar for Stalin) til Moskva og tok til på det industrielle akademiet til Stalin. Khrusjtsjov fullførde aldri studia sine der, men karrieren hans i partiet blomstra.[32] Då partigruppa på skulen valde ein del høgreorienterte elevar til å delta på ein komande distriktspartikonferanse, vart gruppa kritisert i Pravda.[33] Khrusjtsjov gjekk sigrande ut av den påfølgjande maktkampen, og vart partisekretær på skulen, sørgde for at delegatane vart trekte tilbake, og at dei høgreorienterte elevane vart fjerna frå partigruppa.[33] Khrusjtsjov gjekk snøgt gradane i partiet, og vart fyrst partileiar for Bauman-distriktet, der akademiet låg, før han fekk den same stillinga i Krasnopresnenskij-distriktet, det største og viktigaste i hovudstaden. Før 1932 var omme, hadde Khrusjtsjov vorte nestkommanderande, etter Kaganovitsj, for partiorganisasjonen i Moskva, og i 1934 vart han partileiar for byen[32] og medlem av sentralkomiteen i partiet.[34] Khrusjtsjov sa at han hadde medstudent Nadezjda Allilujeva å takke for den raske framgangen – ho var kona til Stalin. I biografien sin skreiv Khrusjtsjov at Allilujeva tala vel om han til mannen. Biografen hans, William Tompson, bagatelliserer denne utsegna, og meiner at Khrusjtsjov var for langt nede i partihierarkiet til å nyte godt av Stalin sine val, og at om det var nokon han hadde å takke for karrieren sin på denne tida, så måtte det vere Kaganovitsj.[35]

Medan han leidde partiorganisasjonen i Moskva, hadde Khrusjtsjov tilsyn med bygginga av metroen i Moskva, ein svært dyr affære med Kaganovitsj som hovudansvarleg. Med ein opningsdato som allereie var annonsert til 7. november 1934, tok Khrusjtsjov vesentlege risikoar i byggjeprosessen og brukte mykje tid nede i tunellane. Når dei uunngåelege ulukkene skjedde, vart dei omtala som heroiske ofringar for ei stor sak. Metroen opna ikkje før 1. mai 1935, men Khrusjtsjov fekk Leninordenen for den rolla han spela under bygginga.[36] Seinare det året vart han vald til partileiar for Moskva oblast, ein provins med eit folketal på elleve millionar.[32]

Medskuld i utreinskinga[endre | endre wikiteksten]

Dokument frå kontoret til Stalin viser møte der Khrusjtsjov var til stades så tidleg som i 1932. Dei to fekk i større og større grad eit godt forhold til kvarandre. Khrusjtsjov såg i stor grad opp til diktatoren, og verdsette uformelle møte med han og invitasjonare til datsjaen hans, medan Stalin på si side også hadde gode kjensler for denne unge underordna.[37]

Frå 1934 av, byrja Stalin ei mordarisk utreinsking i partiet, gjennom ein serie skodeprosessar. I 1936, etter kvart som prosessane gjekk sin gang, uttrykte Khrusjtsjov sterk støtte til dette:

Alle som gler seg over suksessen landet vårt har oppnådd, sigrane i partiet som er leidd av den store Stalin, vil berre finne eitt ord som er passande for dei eigennyttige fascistslubbertane i trotskist-zinovjevist-gjengen. Ordet er «avretting».[38]

Khrusjtsjov hjelpte til med utreinsking av mange vener og kollegaer i Moskva oblast.[39] Av 38 partitoppar i byen og provinsen Moskva, vart 35 drepne[39] – dei tre overlevande vart overførde til andre delar av Sovjetunionen.[40] Av dei 146 partisekretærane i byane og distrikta utanfor Moskva, overlevde berre 10 personar utreinskingane.[39] I biografien sin konstaterte Khrusjtsjov at nesten alle han arbeidde saman med, vart arresterte.[41] Etter vedtektene i partiet var Khrusjtsjov nøydd til å godkjenne desse arrestasjonane, og han gjorde lite eller ingenting for å redde venene og kollegaene sine.[42]

Partileiarane fekk kvotar over «fiendar» som skulle dei skulle arrestere og overlevere.[42] I juni 1937 gjekk Politbyrået ut med ein kvote på 35 000 fiendar som skulle arresterast i Moskva-provinsen, og 5 000 av desse skulle avrettast. Som svar på dette, føreslo Khrusjtsjov at ein kunne drepe 2 000 velståande bønder, eller kulakar, som budde i Moskva for å oppfylle kvoten. Uansett korleis han gjorde det, kunne Khrusjtsjov berre to veker etter ordren frå Politbyrået rapportere til Stalin at 41 305 «kriminelle og kulak-element» hadde vorte arresterte. Av desse fortente, ifølgje Khrusjtsjov, 8 500 avretting.[42]

Khrusjtsjov hadde ingen grunn til å føle seg immun mot utreinskinga, og i 1937 tilstod han til Kaganovitsj å ha «flørta» med troskismen i 1923. Kaganovitsj dekte ifølgje Khrusjtsjov over dette (fordi dette også kunne skade stillinga hans), og rådde han til å fortelje det til Stalin. Diktatoren tok dette med fatning, og føreslo, etter fyrst å ha sagt at Khrusjtsjov skulle halde stilt om det, at han skulle fortelje historia si til partikonferansen i Moskva. Dette gjorde Khrusjtsjov, til rungande applaus, og han vart med ein gong attvald til vervet sitt.[43] Khrusjtsjov fortel i biografien sin at han også vart klaga inn av ein arrestert kollega. Stalin fortalde personleg dette til Khrusjtsjov, medan han såg han inn i auga og venta på reaksjonen. Khrusjtsjov spekulerte i at viss Stalin hadde mislikt reaksjonen, så ville han ha vorte kategorisert som folkefiende der og då.[44] Like fullt vart Khrusjtsjov kandidat til Politbyrået i januar 1938 og vanleg medlem i mars 1939.[45]

Seint i 1937 utpeikte Stalin Khrusjtsjov til sjef for kommunistpartiet i Ukraina, og Khrusjtsjov forlét pliktoppfyllande Moskva og reiste til Kiev, som igjen hadde vorte hovudstad i Ukraina, i januar 1938.[46] Ukraina hadde vore åstad for ei omfattande oppreinsking, der dei som vart morda mellom anna omfatta professorar i Stalino som Khrusjtsjov hadde stor respekt for. Dei med høge stillingar i partiet, var heller ikkje verna – sentralkomiteen i Ukraina var så redusert at han ikkje eingong var vedtaksdyktig. Etter at Khrusjtsjov kom, heldt arrestasjonane fram i auka tempo.[47] Alle unnateke éin av medlemmene av organisasjonsavdelinga og sekretariatet i det ukrainske politbyrået, vart arresterte. Nesten alle regjeringsmedlemmer og kommandørar i den raude armeen vart bytte ut.[48] Dei fyrste månadene etter at Khrusjtsjov hadde kome, fekk nesten alle som vart arresterte dødsstraff.[49]

Biograf William Taubman føreslår at sidan Khrusjtsjov igjen fekk uheldige klager mot seg medan han var i Kiev, må han ha visst at nokre av dei var usanne, og at uskuldige folk difor leid.[48] I 1939 vende Khrusjtsjov seg til den fjortande ukrainske partikongressen, og sa:

Kameratar, vi må avdekkje og nådelaust utslette alle folkefiendar. Men vi må ikkje la ein einaste ærleg bolsjevik kome til skade. Vi må leie ein kamp mot bakvaskarane.[50]

Den store fedrelandskrigen[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen invaderer Polen[endre | endre wikiteksten]

Då dei sovjetiske troppane følgde Molotov-Ribbentrop-pakta og invaderte den austlege delen av Polen 17. september 1939, var Khrusjtsjov med troppane, etter ordre frå Stalin. Mykje av området som vart invadert, var etnisk ukrainsk, og utgjer i dag den vestlege delen av Ukraina. Mange innbyggjarar hadde vorte handsama dårleg av polakkane og ynskte fyrst invasjonen velkommen, sjølv om dei etter kvart håpa å verte meir sjølvstendige. Oppgåva til Khrusjtsjov var å sørgje for at dei okkuperte områda stemde for å verte innlemma i Sovjetunionen. Gjennom ein kombinasjon av propaganda, lureri omkring kva dei stemde om og regelrett svindel, sørgde sovjetarane for at dei nye landområda valde forsamlingar som samrøystes ville gå inn for union med USSR. Då dei nye forsamlingane gjorde dette, vart innstillingane deira innvilga av Det øvste sovjetet, og Vest-Ukraina vart ein del av Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken (SSR) 1. november 1939.[51] Klønete handlingar av sovjetarane, som å forsyne vestukrainske organisasjonar med austukrainarar og å gje tidlegare inndrege land til kollektivbruk (kolkhozar) heller enn til bønder, framandgjorde vestukrainarane, trass i Khrusjtsjov sine forsøk på å oppnå einskap.[52]

Krigen mot Tyskland[endre | endre wikiteksten]

tyskarane invaderte Sovjetunionen, i juni 1941, var Khrusjtsjov framleis på posten sin i Kiev.[53] Stalin utnemnde han til politisk kommissær, og Khrusjtsjov verka på mange frontar som mellommann mellom dei lokale hærførarane og dei politiske leiarane i Moskva. Stalin brukte Khrusjtsjov for å halde hærførarane i tømme, medan hærførarane prøvde å få han til å påverke Stalin.[54] Etter kvart som tyskarane rykte framover, arbeidde Khrusjtsjov med militæret i eit forsøk på å forsvare og redde byen. Fordi dei var handlingslamma av ordrar frå Stalin om at byen ikkje under nokon omstende måtte forlatast, var den raude armeen snart omringa av tyskarane. Medan tyskarane hevda at dei tok 655 000 menneske til fange, kom, ifølgje sovjetarane, 150 541 av 677 085 seg fri.[55] Primærkjeldene skil seg frå kvarandre når det gjeld korleis Khrusjtsjov var involvert i dette. Ifølgje marskalk Georgij Zjukov nokre år etter at han hadde fått sparken og falle i unåde hjå Khrusjtsjov, overtala Khrusjtsjov Stalin til ikkje å evakuere troppane frå Kiev.[56] Khrusjtsjov, derimot, skriv i biografien sin at han og marskalk Semjon Budjonnyj føreslo å omplassere dei sovjetiske styrkane for å unngå omringinga fram til marskalk Semjon Timosjenko kom frå Moskva med ordrar om at troppane skulle vere der dei var.[57] Den tidlege Khrusjtsjov-biografen Mark Frankland føreslo at Khrusjtsjov si tru på leiaren byrja å verte svekt grunna tilbakeslaga for den raude armeen.[29] Om dette skreiv Khrusjtsjov i biografien sin:

Men la meg gå tilbake til fienden sitt gjennombrot i Kiev-området, omringinga av gruppa vår og øydelegginga av den trettisjuande armeen. Seinare gjekk også den femte armeen under. […] Alt dette var meiningslaust, og frå eit militært synspunkt ein demonstrasjon av manglande kunnskapar, inkompetanse og vankunne. […] Der ser ein resultatet av å ikkje kunne gå eit steg bakover. Vi kunne ikkje redde desse troppane, fordi vi ikkje trekte dei tilbake, og dermed mista vi dei rett og slett. […] Men det hadde vore mogleg å unngå dette.[58]

I 1942 var Khrusjtsjov stasjonert på sørvestfronten, og han og Timosjenko føreslo ein massiv motoffensiv i Kharkov-området. Stalin godkjende berre delar av planen, men heile 640 000 soldatar i den raude armeen ville likevel verte involvert i offensiven. Tyskarane, derimot, hadde tenkt at sovjetarane truleg ville gå til åtak ved Kharkov, og sette difor opp ei felle. Etter starten 12. mai 1942 såg den russiske offensiven ut til å vere ein suksess, men i løpet av fem dagar hadde tyskarane kome seg djupt inn i dei sovjetiske flankane, og troppane frå den raude armeen stod i fare for å verte avskorne. Stalin nekta å stoppe offensiven, og avdelinga frå den raude armeen var snart omringa av tyskarane. Sovjetunionen mista om lag 267 000 soldatar, inkludert meir enn 200 000 som vart fanga, og Stalin degraderte Timosjenko og kalla tilbake Khrusjtsjov til Moskva. Sjølv om Stalin hadde hatt arrestasjon og avretting av Khrusjtsjov i tankane, lét han kommissæren vende tilbak til fronten ved å sende han til Stalingrad.[59]

Røyk, brann og ruinane av ein by
Etterverknadene av eit bomberaid i Stalingrad

Khrusjtsjov nådde Stalingrad-fronten i august 1942, ikkje lenge etter at slaget om byen hadde byrja.[60] Rolla hans i forsvaret av Stalingrad var ikkje mellom dei viktigaste – general Vasilij Tsjujkov, som leidde forsvaret av byen, nemner berre Khrusjtsjov så vidt i ein biografi som kom ut medan Khrusjtsjov var statsminister – men mot slutten av livet sitt var han stolt over rolla han hadde hatt.[61] Sjølv om han ved enkelte høve besøkte Stalin i Moskva, vart han verande i Stalingrad under mesteparten av slaget, og var nær på å verte drepen minst éin gong. Han føreslo eit motåtak, men fann ut at Zjukov og andre generalar allereie hadde planlagt Operasjon Uranus, ein plan om å bryte ut av dei sovjetiske posisjonane og omringe og utslette tyskarane – operasjonen var hemmeleg. Før Uranus vart sett i verk, brukte Khrusjtsjov mykje tid på å sjå til at troppane var budde og at moralen var på topp, han avhøyrde nazifangar, og han rekrutterte nokre for å drive med propaganda.[60]

Ikkje lenge etter tida i Stalingrad opplevde Khrusjtsjov ein personleg tragedie, då sonen Leonid, som var jagarflypilot, skal ha vorte skoten ned og drepen i kamp 11. mars 1943. Omstenda rundt dødsfallet til Leonid er framleis lyssky og kontroversielle[62] sidan ingen av medflygarane hadde sett at han vart skoten ned, og ein fann heller ikkje flyet eller liket av han. Som eit resultat av dette har lagnaden til Leonid vorte offer for mykje spekulasjon. Ein teori er at Leonid overlevde krasjen og samarbeida med tyskarane, og at då han vart teken av sovjetarane igjen, gav Stalin ordre om at han skulle skytast, trass i at Nikita Khrusjtsjov bad om nåde for han.[62] Dette påståtte drapet vert brukt til å forklare kvifor Khrusjtsjov seinare retta klager mot Stalin i «den hemmelege talen».[62][63] Sjølv om det ikkje finst spor etter dette i nokon sovjetiske dokument, hevdar nokre Sovjet-historikarar at det vart tukla med dokumenta om Leonid Khrusjtsjov etter krigen.[64] Seinare har den næraste medflygaren til Leonid Khrusjtsjov sagt at han såg flyet hans gå i oppløysing, men rapporterte det ikkje. Khrusjtsjov-biograf Taubman spekulerer i om denne unnlatinga skuldast at han var redd for å verte sett på som medskuldig i at sonen til ein medlem av Politbyrået døydde.[65] Midt i 1943 vart kona til Leonid, Ljuba Khrusjtsjova, arrestert etter å ha vorte skulda for spionasje og dømd til fem år på ein arbeidsleir, og sonen hennar (frå eit anna forhold), Tolja, vart plassert på ei rekkje ulike barneheimar. Dottera til Leonid, Julija, vart oppdregen av Nikita Khrusjtsjov og kona hans.[66]

Etter at Uranus hadde tvinga tyskarane til å trekkje seg tilbake, tente Khrusjtsjov på andre frontar i krigen. Han vart knytt til sovjetiske troppar i slaget ved Kursk i juli 1943, der den siste store tyske troppen på sovjetisk jord måtte sjå seg slått.[67] Khrusjtsjov har fortalt at han hadde avhøyrt ein avhoppar frå SS og fått vite at tyskarane planla eit åtak, ein påstand som av biografen Taubman vart karakterisert som «nesten heilt sikkert overdriven».[68] Han følgde dei sovjetiske troppane etter kvart som dei tok over Kiev i november 1943, og kom til byen då dei sovjetiske troppane dreiv ut dei tyske troppane.[69] Etter kvart som dei sovjetiske styrkane fekk større suksess, gjennom å drive nazistane vestover mot Tyskland, vart Nikita Khrusjtsjov meir og meir involvert i arbeidet med å byggje opp att i Ukraina. Han vart utnemnd til statsminister for ukrainske SSR, i tillegg til den tidlegare stillinga han hadde hatt i partiet, eit av dei sjeldne tilfella der éin person var både partileiar og sivil leiar i det ukrainske partiet.[70]

Ifølgje Khrusjtsjov-biografen William Tompson er det vanskeleg å vurdere innsatsen til Khrusjtsjov under krigen, ettersom han oftast arbeidde under eit militærråd og det ikkje er mogleg å vite om han hadde innflytnad over avgjersler, eller om han berre følgde avgjerslene til dei militære offiserane. Likevel peikar Tompson på det faktumet at dei få gongene Khrusjtsjov er nemnd i militære biografiar i Brezjnev-åra, var dette generelt positiv omtale, i ei tid då det «nesten var umogleg å nemne Khrusjtsjov på trykk i nokon samanheng».[71] Tompson meiner at den positive omtalen kan tyde på at offiserane heldt mykje av Khrusjtsjov.[72]

Meir makt[endre | endre wikiteksten]

Tilbake til Ukraina[endre | endre wikiteksten]

Nesten heile Ukraina hadde vore okkupert av tyskarane, og då Khrusjtsjov vende tilbake til ansvarsområdet sitt seint i 1943, var det ein øydelagd sovjetrepublikk han fann. Indstrien i Ukraina hadde vorte øydelagd, og det var stor knappleik i landbruket. Sjølv om millionar av ukrainarar hadde vorte tekne av tyskarane, som arbeidarar eller krigsfangar, var det bustadmangel for dei som var att.[73] Kvar sjette ukrainar vart drepen i den andre verdskrigen.[74]

Khrusjtsjov ynskte å byggje opp att Ukraina, men ville også fullføre det avbrotne arbeidet med å innføre sovjetsystemet, sjølv om han håpa å sleppe utreinskingar som i 1930-åra.[75] Sidan Ukraine var vunne tilbake, vart det innført verneplikt, og 750 000 menn mellom nitten og femti år fekk eit minimum av militær opplæring, og vart sende til Den raude armeen.[76] Andre ukrainarar vart med i geriljastyrkar, og arbeidde for eit sjølvstendig Ukraina.[76] Khrusjtsjov hasta mellom dei ulike distrikta i Ukraina for å oppmode den reduserte arbeidsstokken til å yte meir. Han var ein kort tur innom fødestaden Kalinovka, der han fann innbyggjarane i svolt, for berre ein tredjedel av mennene som hadde vorte med i den raude armeen hadde vendt tilbake. Khrusjtsjov gjorde det kan kunne for å hjelpe heimbyen.[77] Trass i arbeidet til Khrusjtsjov, var den ukrainske industrien i 1945 berre ein fjerdedel av det han hadde vore før krigen, og avlinga var endå dårlegare enn i 1944, då ikkje heile Ukraina var vunne tilbake.[73]

I eit forsøk på å auke landbruksproduksjonen, fekk ein på kolkhozane (kollektivbruka) mynde til å forvise dei som ikkje gjorde sin del av arbeidet. Kolkhoz-leiarane brukte dette som eit påskot for å forvise personlege fiendar, funksjonshemma og eldre, og nær 12 000 personar vart sende til den austlege delen av Sovjetunionen. Khrusjtsjov såg på denne praksisen som svært effektiv, og rådde Stalin til å innføre han andre stader også.[73] Han arbeidde også for å innføre kollektivisering i Vest-Ukraina. Khrusjtsjov hadde håpa på å få til dette i løpet av 1947, men mangel på ressursar og væpna motstand frå geriljastyrkar forseinka prosessen.[78] Geriljastyrkane, mange av dei under namnet UPA, leid gradvis nederlag – sovjetpolitiet og -militæret kunne melde om 110 825 drepne «bandittar», og fekk teke endå ein kvart million mellom 1944 og 1946.[79] Rundt 600 000 vestukrainarar vart arresterte mellom 1944 og 1952. Ein tredjedel av dei vart avretta, og resten vart sette i fengsel eller sende i eksil i aust.[79]

Avlingane hadde vore dårlege i krigsåra 1944 og 1945, og i 1946 ramma ei intens tørke Ukraina og Vest-Russland. Trass i dette, måtte kollektiv- og statsbruka levere meir enn 52 % av avlinga til regjeringa.[80] Den sovjetiske regjeringa ville samle inn så mykje korn som mogleg for å støtte kommunistfellane i Aust-Europa.[81] Khrusjtsjov laga høge kvotar, og Stalin forventa dermed urealistisk mykje korn frå Ukraina.[82] Maten vart rasjonert, men folk som budde på landet og ikkje arbeidde med landbruk, fekk ikkje rasjonskort. Den uunngåelege hungersnauda var for det meste avgrensa til landsbygda, og vart merka lite til utanfor Sovjetunionen.[80] Khrusjtsjov, som innsåg den håplause situasjonen seint i 1946, bad fleire gonger Stalin om hjelp, men vart møtt med sinne og motstand av leiaren. Sidan det ikkje kom noko ut av breva til Stalin, flaug Khrusjtsjov til Moskva og la fram saka i eigen person. Stalin gav til slutt Ukraina ei avgrensa mathjelp, og pengar til å få i stand gratis suppekjøkken.[83] Men den politiske stillinga til Khrusjtsjov var svekt, og i februar 1947 føreslo Stalin å sende Lazar Kaganovitsj til Ukraina for å «hjelpe» Khrusjtsjov.[84] Den påfølgjande månaden fjerna den ukrainske sentralkomiteen Khrusjtsjov som partileiar til fordel for Kaganovitsj, men han fekk halde fram som statsminister.[85]

Kort tid etter at Kaganovitsj kom til Kiev, vart Khrusjtsjov sjuk, og heldt seg i bakgrunnen fram til september 1947. I biografien sin gjev Khrusjtsjov uttrykk for at han hadde lungebetennelse, men nokre biografar har sett fram teoriar om at sjukdommen til Khrusjtsjov var reint politisk, av frykt for at avsetjinga berre var fyrste steg på vegen mot undergang og død.[86] Ungane til Khrusjtsjov har derimot sagt at dei hugsar at han var alvorleg sjuk. Då Khrusjtsjov igjen vart oppegåande, tok han og familien den fyrste ferien dei hadde hatt sidan før krigen, til ein feriestad ved ei strand i Latvia.[85] Ikkje lenge etter avbraut Khrusjtsjov rutinane og andejakta på stranda for å ta seg ein tur til Kaliningrad, som nyleg hadde vorte sovjetisk, der han fekk omvising i fabrikkar og steinbrot.[87] Før 1947 var omme, hadde Kaganovitsj vorte kalla tilbake til Moskva, og den restituerte Khrusjtsjov hadde igjen vorte innsett som fyrstesekretær. Han trekte seg deretter som statsminister, til fordel for Demjan Korotsjenko, som hadde vore under Khrusjtsjov si kappe.[86]

Dei siste åra til Khrusjtsjov i Ukraina var stort sett fredelege, med ein industri som var på veg oppover,[88] sovjetiske styrkar som vann over geriljaen og betre avlingar enn forventa i 1947 og 1948.[89] Kollektiviseringa gjekk framover i Vest-Ukraina, og Khrusjtsjov sette i verk fleire tiltak som oppmuntra til kollektivisering og motverka private bruk. Desse verka likevel nokre gonger mot føremålet: ein skatt på husdyrhald førde til at bøndene slakta dyra sine.[90] Med målet om å utviske skilnadene mellom korleis ein oppførde seg i byen og på landet i tankane, og å gjere bøndene om til «landlege arbeidarar», fekk Khrusjtsjov ideen om «landbruksbyar».[91] Heller enn at jordbrukarane skulle bu i landsbyar nær gardane, skulle dei bu lenger vekke i større byar som kunne tilby offentlege tenester som straum og bibliotek, som ein ikkje hadde i landsbyane. Han sluttførde berre éin slik by før han i desember 1949 vende tilbake til Moskva, og denne «gav» han til Stalin sin syttiårsdag.[91]

I sjølvbiografien sin snakka Khrusjtsjov varmt om Ukraina, der han var i meir enn ti år:

Eg vil seie at ukrainarane stelte vel med meg. Eg har gode minne frå åra mine der. Det var ein periode med mykje ansvar, men han var hyggjeleg fordi han førde med seg mykje glede […] Men eg skal så visst ikkje overdrive mi rolle i dette. Heile det ukrainske folket tok i eit dugeleg tak […] Eg gjev det ukrainske folket som heilskap æra for framgangen i Ukraina. Eg vil ikkje gå nærare inn på dette, men i prinsippet er det svært enkelt å vise det. Eg er sjølv russisk, og eg vil ikkje fornærme russarane.[92]

Dei siste åra til Stalin[endre | endre wikiteksten]

Khrusjtsjov skulda sinnslidingane til Stalin for at han hadde vorte kalla tilbake til Moskva. Stalin frykta at same typen konspirasjonar skulle oppstå i Moskva som dei han trudde hadde funne stad i den oppdikta Leningrad-saka, der mange av partitoppane i byen feilaktig hadde vorte skulda for høgforråding.[93] Khrusjtsjov arbeidde igjen som partileiar i Moskva og området rundt. Khrusjtsjov-biograf Taubman skriv at Stalin mest truleg kalla Khrusjtsjov tilbake til Moskva for å avgrensen innflytnaden til Georgij Malenkov og tryggingssjef Lavrentij Beria, som mange såg på som etterfølgjarane til Stalin.[94]

På denne tida kalla den eldande diktatoren sjeldan inn til partimøte. I staden gjekk mykje av det tyngste regjeringsarbeidet føre seg på middagar som Stalin inviterte til. Desse øktene, som Beria, Malenkov, Khrusjtsjov, Kaganovitsj, Kliment Vorosjilov, Vjatsjeslav Molotov og Nikolaj Bulganin – den inste sirkelen til Stalin – var med på, byrja med at det vart vist villvestfilmar som Stalin likte.[95] Dei var stolne frå Vesten, og mangla difor teksting. Diktatoren fekk måltidet servert kring klokka eitt om natta, og insisterte på at dei underordna måtte vere igjen og drikke til sola stod opp att. Ved eitt høve fekk Stalin Khrusjtsjov, som då var nesten seksti år, til å danse ein tradisjonell ukrainsk dans. Khrusjtsjov gjorde det, og har seinare sagt: «Når stalin seier ‘dans!’, så gjer ein det om ein har vit».[96] Khrusjtsjov prøvde å få seg ein lur midt på dagen når han skulle til Stalin, slik at han ikkje skulle sovne medan han var der, og han skreiv i biografien sin at: «Det gjekk gale for dei som sovna ved middagsbordet hjå Stalin.»[97]

I 1950 starta Khrusjtsjov eit bustadprogram i stor skala for Moskva. Store delar av bustadene var fem- eller seksetasjars blokker, som vart utbreidde over heile Sovjetunionen, og nokre av dei er framleis i bruk i dag.[98] Khrusjtsjov hadde fått tak i ferdiglaga forsterka betong, noko som gjorde byggjeprosessen mykje raskare.[99] Desse bygningane vart sette opp tre gonger så fort som i åra 1946–1950, mangla heis og balkongar, og fekk kallenamnet khrusjtsjoby av folket, eit ordspel på det russiske ordet for slummar, trusjtsjoby. Nesten 60 000 000 av innbyggjarane frå dei tidlegare sovjetrepublikkane bur framleis i desse bygningane.[98]

I dei nye stillingane sine heldt Khrusjtsjov fram arbeidet med samanslåing av kolkhozar, og minska talet på kollektivbruk i Moskva-området med om lag 70 %. Dette gjorde til at dei vart for store for berre éin leiar.[100] Khrusjtsjov ville også innføre landbruksbyar, men då den lange utgreiinga hans om emnet vart utgjeven i Pravda i mars 1951, var Stalin imot det. Avisa var raskt ute med ein notis om at utgreiinga til Khrusjtsjov berre var eit framlegg, og ikkje vedteken politikk. I april same året stemde Politbyrået ned framlegget om landbruksbyar. Khrusjtsjov frykta at Stalin ville fjerne han frå makta, men leiaren gjorde narr av Khrusjtsjov, og gløymde deretter episoden.[101]

1. mars 1953 fekk Stalin eit alvorleg slag, truleg etter å ha stått opp. Stalin hadde gjeve ordrar om at han ikkje ville verte forstyrra, og det gjekk difor tolv timar før slaget vart oppdaga. Allereie medan legane prøvde å redde han, starta Khrusjtsjov og kollegaene diskusjonen om ei ny regjering. Den 5. mars døydde Stalin. Medan Khrusjtsjov og andre høgtståande partimedlemmer sørgde ved senga hans, styrta Beria ut av rommet, og ropte om bilen sin.[102]

Khrusjtsjov reflekterte over Stalin i sjølvbiografien sin, då ryktet til Stalin betra seg under Brezjnev:

Stalin kalla alle som ikkje var einige med han ein ‘folkefiende’. Han sa at dei ville ha det slik det var før, og at desse ‘folkefiendane’ difor hadde slått seg i lag med internasjonale reaksjonære krefter. Som eit resultat av dette, omkom fleire hundre tusen ærlege folk. Alle levde i frykt på den tida. Alle forventa at det kvar augneblink kunne banke på døra midt på natta, og at det ville vere eit dødeleg bank […] [F]olk som Stalin ikkje likte, vart utsletta – ærlege partimedlemmer, uskuldige folk, lojale og hardtarbeidande folk som har kjempa for vår sak og gått gjennom den revolusjonære kampen under Lenin. Det var rett og slett vilkårleg kven som vart tekne. Og no skal vi tilgje og gløyme alt dette? Aldri![103]

Maktkamp[endre | endre wikiteksten]

6. mars 1953 vart det kunngjort at Stalin var død, og det vart også den nye leiarskapen. Malenkov vart den nye leiaren av ministerrådet, med Beria (som fekk meir kontroll over tryggingsbyråa), Kaganovitsj, Bulganin og tidlegare utanriksminister Vjatsjeslav Molotov som fyrste nestleiarar (troika). Presidentskapet hadde på kort tid erstatta Politbyrået året før, og dei av medlemmene som nyleg hadde vorte forfremja av Stalin, vart degraderte. Khrusjtsjov vart avløyst som partileiar for Moskva for å konsentrere seg om ikkje kjende oppgåver i sentralkomiteen i partiet.[104] The New York Times hadde Malenkov og Beria som høvesvis nummer éin og to på lista over timanns-presidentskapet, og Khrusjtsjov til slutt.[105] Den 14. mars gav Malenkov frå seg posten som sjefssekretær i sentralkomiteen til Khrusjtsjov.[106] I september same året vart Khrusjtsjov vald av sentralkomiteen til fyrstesekretær i partiet.[107]

Allereie før Stalin var komen i jorda, sette Beria i gang ei lengre rekkje reformer som stod i motsetnad til det Khrusjtsjov hadde gjort då han hadde makta, og til og med til det Mikhail Gorbatsjov gjorde om lag tretti år seinare.[106] Framlegga til Beria skulle vanære Stalin og gje han skulda for Beria sine ugjerningar.[106] Eit av framlegga, som vart sett i verk, var ein nåding som etter kvart førde til at over ein million fangar vart sleppte fri.[108] Eit anna, som ikkje vart sett i verk, var å gje slepp på Aust-Tyskland, slik at det kunne verte ein del av eit sameint og nøytralt Tyskland, mot ein kompensasjon fro Vesten[109] – eit framlegg som Khrusjtsjov såg på som antikommunistisk.[110] Khrusjtsjov allierte seg med Malenkov for å setje ein stoppar for mange av framlegga til Beria medan dei to sakte, men sikkert samla støtte frå andre medlemmer av presidentskapet. Kampanjen deira mot Beria var styrkt av frykta for at Beria planla eit militærkupp,[111] og av overtydinga om at «Beria gjer knivane sine klare til å ta oss,» ifølgje Khrusjtsjov i sjølvbiografien sin.[112]

26. juni 1953 vart Beria arrrestert, under eit møte i presidentskapet, etter vidfemnande militære førebuingar for å avverje ein mogleg borgarkrig. Beria vart dømd i hemmelegheit, og avretta i desember 1953, saman med fem av dei nære medarbeidarane sine. Avrettinga av Beria vart det siste tilfellet der taparen i ein maktkamp på toppnivå i Sovjetunionen måtte bøte med livet.[113]

Maktkampen i presidentskapen vart ikkje løyst med avrettinga av Beria. Malenkov hadde makt i det sentrale statsapparatet, og denne ville han utvide gjennom omorganisering av regjeringa, og ved å gje hennne meir makt på kostnad av partiet. Han søkte også støtte hjå folk flest ved å gjere utsalsprisane lågare og gjorde fokuset på sal av statsobligasjonar, som det lenge hadde vore obligatorisk å kjøpe, mindre. Khrusjtsjov hadde på si side makta i partiet, og arbeidde for både å styrkje både sjølve partiet og sin eigen posisjon. Medan partiet hadde vore rådande i perioden med sovjeta, hadde det mista mykje makt under Staling, som hadde gjeve mykje av denne makta til seg sjølv og Politbyrået (seinare til presidentskapet). Khrusjtsjov såg at med konfliktar i presidentskapet, kunne partiet og sentralkomiteen igjen få mykje makt.[114] Khrusjtsjov fekk omhyggjeleg utvikla fleire partitoppar, og kunne difor gje desse støttespelarane verv som lokale partileiarar, og dei vart i sin tur vart medlemmer av sentralkomiteen.[115]

Khrusjtsjov presenterte seg sjølv som ein jordnær aktivist som var førebudd på kva som helst, i motsetnad til Malenkov, som, sjølv om han var sofistikert, stod fram som uinteressant.[115] Khrusjtsjov sørgde for at Kreml vart opna for folk flest, noko som gav «stor glede hjå folket».[116] Sjølv om både Malenkov og Khrusjtsjov ville reformere landbruket, var framlegga til Khrusjtsjov breiare, og omfatta jomfrulandplanen, der hundretusenvis av unge frivillig skulle slå seg ned og drive gardsbruk vest i Sibir og nord i Kasakhstan. Sjølv om planen etter kvart vart ein diger katastrofe for landbruket i Sovjetunionen,[117] fungerte han i byrjinga.[118] I tillegg sat Khrusjtsjov på informasjon om brotsverk Malenkov hadde gjort. Denne kom frå dei hemmelege dokumenta til Beria.[119] Då dei sovjetiske statsadvokatane gjekk gjennom ugjerningane Stalin hadde gjort dei siste leveåra sine, medrekna Leningrad-saka, kom dei over prov på at Malenkov hadde vore involvert.[120] Frå og med februar 1954 sat Khrusjtsjov fremst ved bordet under møta i presidentskapet, og i juni vart Malenkov fjerna frå toppen av lista over medlemmer i presidenskapet – ho vart frå då av sortert alfabetisk i staden. Innverknaden til Khrusjtsjov heldt fram med å auke etter kvart som han vann lojalitet hjå dei lokale partitoppane, og med kandidaten hans som leiar av KGB.[121]

På eit møte i sentralkomiteen i januar 1955 vart Malenkov skulda for ugjerningar, og komiteen vedtok ein resolusjon der han vart skulda for å ha vore involvert i Leningrad-saka, og for å ha lagt til rette for at Beria kom til makta. På eit møte i det hovudsakleg seremonielle øvste sovjetet den påfølgjande månaden, vart Malenkov degradert til fordel for Bulganin, til overrasking for dei som følgde med i Vesten.[122] Malenkov heldt fram i presidentskapet som «minister for elektriske kraftstasjonar».[123] Khrusjtsjov-biografen William Tompson skreiv at: «Posisjonen til Khrusjtsjov som den øvste av medlemmene i den kollektive leiarskapen, var no definitiv.»[124]

Leiar (1955–1964)[endre | endre wikiteksten]

Innanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Maktstyrking og «den hemmelege talen»[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den hemmelege talen.

Etter at Malenkov hadde mista makta, samarbeidde Khrusjtsjov og Molotov i byrjinga godt. Sistnemnde, som lenge hadde vore utanriksminister, føreslo til og med at Khrusjtsjov skulle erstatte Malenkov som statsminister – i staden for Bulganin.[125] Men politikken til Khrusjtsjov og Molotov vart gradvis meir og meir ulik. Molotov var imot jomfrulandplanen, og føreslo i staden store investeringar for å auke produksjonen til dei allereie utvikla landbruksområda, noko Khrusjtsjov ikkje meinte var gjennomførbart grunna mangel på ressursar og brukande bønder.[126] Dei to hadde ulike meiningar om utanrikspolitikken også, for ikkje lenge etter at Khrusjtsjov tok makta, ynskte han å få til ein fredstraktat med Austerrike, slik at dei sovjetiske troppane, som då okkuperte delar av landet, kunne trekkje seg ut. Molotov var motstandar av dette, men Khrusjtsjov inviterte ein austerriksk delegasjon til Moskva for å forhandle om traktaten.[127] Khrusjtsjov og andre medlemmer av presidentskapet gjekk til angrep på Molotov under eit møte i sentralkomiteen midt i 1955, og skulda han for å drive ein utanrikspolitikk som snudde verda mot Sovjetunionen, men Molotov heldt likevel fram i stillinga si.[128]

Då 1955 var over, hadde tusenvis av politiske fangar vendt heim att, og fortalt om opplevingane dei hadde hatt i the gulag-arbeidsleirane.[129] Gjennom den vidare etterforskinga kring mishandlingane kom den heile og fulle sanninga om ugjerningane til Stalin for dagen for etterfølgjarane hans. Khrusjtsjov meinte at når restane av stalinismen var fjerna, ville partiet igjen inspirere til lojalitet hjå folket.[130] Frå oktober 1955 kjempa Khrusjtsjov for å få fortelje delegatane til den komande 20. partikongressen om ugjerningane til Stalin. Nokre av kollegaene hans, mellom andre Molotov og Malenkov, var imot denne avsløringa, og klarte å overtale han til å kome med denne informasjonen på eit lukka møte.[131]

Den 20. partikongressen vart opna 14. februar 1956. I byrjinga av opningstalen sin vanæra Khrusjtsjov Stalin ved å be delegatane om å reise seg til ære for dei kommunistleiarane som hadde gått bort sidan førre kongress, for så å nemne Stalin saman med drukkenbolten Klement Gottwald og den lite kjende Kyuichi Tokuda.[132] I morgontimane den 25. februar heldt Khrusjtsjov det som skulle verte kjent som «Den hemmelege talen» til eit lukka møte for delegatane frå Sovjetunionen. På fire timar raserte han Stalin sitt ettermæle. Khrusjtsjov skreiv seinare i sjølvbiografien sin at: «kongressen lytta stilt til meg. Som ein seier, ein kunne ha høyrt ei nål falle. Det var alt saman så brått og uventa.»[133] Khrusjtsjov fortalde delegatane at:

Det var her at Stalin, i ei heil rekkje tilfelle, viste intoleransen sin, brutaliteten sin og maktmisbruken sin […] han valde ofte vegen mot undertrykking og fysisk utsletting, ikkje berre mot faktiske fiendar, men også mot enkeltpersonar som ikkje hadde forbrote seg mot verken partiet eller dei sovjetiske styresmaktene.[134]

Den hemmelege talen endra ikkje det sovjetiske samfunnet i avgjerande retning, men fekk likevel vidfemnande følgjer.

Arv og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

På biletet ser ein restane av eit lågbygg mellom to høgbygg.
Ein khrusjtsjovka i Moskva vert øydelagd (2008).

Mange av nyskapingane til Khrusjtsjov vart fjerna etter at han fall. Kravet om at ein tredjedel av representantane måtte bytast ut ved kvart val vart fjerna, og det vart også skiljet i partistrukturen mellom den industrielle sektoren og landbrukssektoren. Yrkesskuleprogrammet hans vart også oppheva, og det same vart og planen med å flytte landbruksinstitusjonane lenger vekk frå sentruma. Likevel vart nye landbruksinstitusjonar og yrkesskular lagde utanfor dei største byane. Når nye bustader vart bygde, var mange av dei høgbygg i staden for dei gamle lågbygga til Khrusjtsjov som mangla heisar og balkongar.[135]

Nokre av landbruksprosjekta til Khrusjtsjov vart også raskt oppheva. Det vart så upopuært med korn i 1965 at plantinga var på det lågate sidan før den andre verdskrigen, sidan heller ikkje kolkhozane, som hadde hatt suksess med det i Ukraina og andre sørlege delar av Sovjetunionen ville plante det.[136] Lysenko vart fjerna frå maktposisjonane sine, men likevel var MTS-ane framleis stengde, og dei grunnleggjande problema i landbruket, som Khrusjtsjov hadde prøvd å gjere noko med, heldt fram.[135] Sjølv om levestandarden i Sovjetunionen auka kraftig dei ti åra etter at Khrusjtsjov fall, skuldast mykje av auken industriell framgang, og landbruket heldt fram med å henge etter. Dette førde til at det jamleg var landbrukskrise, spesielt i 1972 og 1975.[137] Brezjnev og etterfølgjarane hans heldt fram praksisen med å kjøpe korn frå Vesten heller enn å gjennomleve matmangel og hungersnaud.[135] Verken Brezjnev eller kollegaene hans var personleg populære, og den nye regjeringa tydde til autotitær makt for å halde på makta. KGB og den raude armeen fekk meir makt. Dei konservative tendensane i regjeringa leidde etter kvart øydeleggingane under «Prahavåren» i 1968.[138]

Sjølv om Khrusjtsjov ikkje oppnådde dei store måla sine med strategien sin, meinte Aleksandr Fursenko, som skreiv ei bok der han analyserte utanriks- og militærpolitikken til Khrusjtsjov, at strategien i eit avgrensa omfang la press på Vesten. Avtalen om at USA ikkje skulle invadere Cuba har vorte halden. Avslaget frå Vesten om å anerkjenne Aust-Tyskland vart gradvis svakare, og i 1975 signerte USA og dei andre NATO-medlemmene Helsingfors-erklæringa, som sette søkjelyset på menneskerettar i Europa, med Sovjetuinonen og Warszawa-paktlanda, medrekna Aust-Tyskland.[139]

Det russiske folket sitt syn på Khrusjtsjov er blanda.[140] Dei einaste periodane på 1900-talet russarane ser positivt på er, ifølgje ei større russisk spørjeundersøking, då Nikolaj II regjerte, og då Khrusjtsjov styrde landet.[140] Ei spørjeundersøking blant unge russarar viste at dei meinte Nikolaj II hadde gjort meir godt enn dårleg, og at alle andre russiske leiarar på 1900-talet – med unntak av Khrusjtsjov, som dei var delte i synet på.[140] Khrusjtsjov-biografen William Tompson samanliknar reformene til den tidlegare statsministeren med dei som kom seinare:

Gjennom Brezjnev-åra og det lange etterspelet, venta den då nyvaksne generasjonen frå «den fyrste russiske våren» i 1950-åra på å få makta. Etter kvart som Brezjnev og kollegaene hans døydde eller pensjonerte seg, vart dei erstatta av menn og kvinner som hadde vakse opp med «den hemmelege talen» og den fyrste bølgja av avstalinisering, og desse «tjuandekongressborna» tok over taumane under leiarskap av Mikhail Gorbatsjov og kollegaene hans. Khrusjtsjov-perioden gav denne andre generasjonen reformatorar både inspirasjon og evne til å vere forsiktige.[141]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tompson 1995, s. 2. Rapportar frå sovjettida fortel at fødselsdatoen hans er 17. april (5. april i den julianske kalenderen), men nyleg har ein funne fødselsattesten hans, og biografane har godteke 15. april som fødselsdatoen hans.
  2. Taubman 2003, s. 20.
  3. 3,0 3,1 Taubman 2003, s. 18.
  4. Tompson 1995, s. 2–3.
  5. Taubman 2003, s. 27.
  6. 6,0 6,1 Taubman 2003, s. 26.
  7. 7,0 7,1 Taubman 2003, s. 30.
  8. Tompson 1995, s. 6–7.
  9. Taubman 2003, s. 37–38.
  10. Tompson 1995, s. 8.
  11. Carlson 2009, s. 141.
  12. Tompson 1995, s. 8–9.
  13. Taubman 2003, s. 38–40.
  14. Taubman 2003, s. 47.
  15. 15,0 15,1 Taubman 2003, s. 47–48.
  16. Taubman 2003, s. 48–49.
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 Taubman 2003, s. 50.
  18. Tompson 1995, s. 12.
  19. 19,0 19,1 Taubman 2003, s. 52.
  20. Taubman 2003, s. 54–55.
  21. 21,0 21,1 Taubman 2003, s. 55.
  22. Tompson 1995, s. 14.
  23. Taubman 2003, s. 56–57.
  24. Taubman 2003, s. 58–59.
  25. Tompson 1995, s. 15–16.
  26. Tompson 1995, s. 16–17.
  27. Taubman 2003, s. 63.
  28. 28,0 28,1 Taubman 2003, s. 64–66.
  29. 29,0 29,1 «Khrushchev’s human dimensions brought him to power and to his downfall» av Alden Whitman i The New York Times (12.09.1971).
  30. Taubman 2003, s.66.
  31. Taubman 2003, s. 68.
  32. 32,0 32,1 32,2 Taubman 2003, s. 73.
  33. 33,0 33,1 Tompson 1995, s. 31–32.
  34. Taubman 2003, s. 78.
  35. Tompson 1995, s. 33–34.
  36. Taubman 2003, s. 94–95.
  37. Taubman 2003, s. 105–106.
  38. «Everyone who rejoices in the successes achieved in our country, the victories of our party led by the great Stalin, will find only one word suitable for the mercenary, fascist dogs of the Trotskyite-Zinovjevite gang. That word is execution.» – Taubman 2003, s. 98.
  39. 39,0 39,1 39,2 Taubman 2003, s. 99.
  40. Tompson 1995, s. 57.
  41. Taubman 2003, s. 99–100.
  42. 42,0 42,1 42,2 Taubman 2003, s. 100.
  43. Taubman 2003, s. 103–104.
  44. Taubman 2003, s. 104.
  45. Tompson 1995, s. 69.
  46. Taubman 2003, s. 114–115.
  47. Taubman 2003, s. 116.
  48. 48,0 48,1 Taubman 2003, s. 118.
  49. Tompson 1995, s. 60.
  50. «Comrades, we must unmask and relentlessly destroy all enemies of the people. But we must not allow a single honest Bolshevik to be harmed. We must conduct a struggle against slanderers.» – Taubman 2003, s. 118.
  51. Taubman 2003, s. 135–137.
  52. Tompson 1995, s. 72.
  53. Taubman 2003, s. 149.
  54. Taubman 2003, s. 150.
  55. Taubman 2003, s. 163.
  56. Taubman 2003, s. 162–164.
  57. Khrusjtsjov 2004, s. 347.
  58. «But let me return to the enemy breakthrough in the Kiev area, the encirclement of our group, and the destruction of the 37th Army. Later, the Fifth Army also perished. […] All of this was senseless, and from the military point of view, a display of ignorance, incompetence, and illiteracy. […] There you have the result of not taking a step backward. We were unable to save these troops because we didn't withdraw them, and as a result we simply lost them. […] And yet it was possible to allow this not to happen.» – Khrusjtsjov 2004, s. 349–350.
  59. Taubman 2003, 164–168.
  60. 60,0 60,1 Taubman 2003, s. 168–171.
  61. Tompson 1995, s. 81.
  62. 62,0 62,1 62,2 «Khrushchev kin allege family honor slurred» av Douglas Birch i USAToday (02.08.2008).
  63. Taubman 2003, s. 157–158.
  64. Tompson 1995, s. 82.
  65. Taubman 2003, s. 158.
  66. Taubman 2003, s. 158–162.
  67. Taubman 2003, s. 171–172.
  68. «[…] almost certainly exaggerated» – Taubman 2003, s. 177–78.
  69. Taubman 2003, s. 177–178.
  70. Tompson 1995, s. 81–82.
  71. «[…] barely possible to mention Khrushchev in print in any context» – Tompson 1995, s. 73.
  72. Tompson 1995, s. 73.
  73. 73,0 73,1 73,2 Tompson 1995, s. 86.
  74. Taubman 2003, s. 179.
  75. Taubman 2003, s. 180.
  76. 76,0 76,1 Taubman 2003, s. 181.
  77. Taubman 2003, s. 193–95.
  78. Tompson 1995, s. 87–88.
  79. 79,0 79,1 Taubman 2003, s. 195.
  80. 80,0 80,1 Tompson 1995, s. 91.
  81. Taubman 2003, s. 199.
  82. Taubman 2003, s. 199–200.
  83. Taubman 2003, s. 200–201.
  84. Tompson 1995, s. 92.
  85. 85,0 85,1 Taubman 2003, s. 203.
  86. 86,0 86,1 Tompson 1995, s. 93.
  87. Khrusjtsjov 2000, s. 27.
  88. Tompson 1995, s. 95.
  89. Taubman 2003, s. 205.
  90. Tompson 1995, s. 96.
  91. 91,0 91,1 Tompson 1995, s. 96–97.
  92. «I’ll say that the Ukrainian people treated me well. I recall warmly the years I spent there. This was a period full of responsibilities, but pleasant because it brought satisfaction […] But far be it from me to inflate my significance. The entire Ukrainian people was exerting great efforts […] I attribute Ukraine’s successes to the Ukrainian people as a whole. I won’t elaborate further on this theme, but in principle it’s very easy to demonstrate. I’m Russian myself, and I don’t want to offend the Russians.» – Khrusjtsjov 2006, s. 16–17.
  93. Khrusjtsjov 2006, s. 18–22.
  94. Taubman 2003, s. 210.
  95. Taubman 2003, s. 211–215.
  96. «When Stalin says dance, a wise man dances.» – Taubman 2003, s. 211–215.
  97. «Things went badly for those who dozed off at Stalin’s table.» – Khrusjtsjov 2006, s. 43.
  98. 98,0 98,1 Tompson 1995, s. 99.
  99. Taubman 2003, s. 226.
  100. Tompson 1995, s. 100–01.
  101. Taubman 2003, s. 228–30.
  102. Taubman 2003, s. 236–41.
  103. «Stalin called everyone who didn’t agree with him an “enemy of the people.” He said that they wanted to restore the old order, and for this purpose, “the enemies of the people” had linked up with the forces of reaction internationally. As a result, several hundred thousand honest people perished. Everyone lived in fear in those days. Everyone expected that at any moment there would be a knock on the door in the middle of the night and that knock on the door would prove fatal […] [P]eople not to Stalin’s liking were annihilated, honest party members, irreproachable people, loyal and hard workers for our cause who had gone through the school of revolutionary struggle under Lenin’s leadership. This was utter and complete arbitrariness. And now is all this to be forgiven and forgotten? Never!» – Khrusjtsjov 2006, s. 167–68.
  104. Tompson 1995, s. 114.
  105. «Vast Riddle» i The New York Times (10.03.1953).
  106. 106,0 106,1 106,2 Taubman 2003, s. 245.
  107. Taubman 2003, s. 258.
  108. Taubman 2003, s. 246.
  109. Taubman 2003, s. 247.
  110. Khrusjtsjov 2006, s. 184.
  111. Tompson 1995, s. 121.
  112. «Beria is getting his knives ready for us.» – Khrusjtsjov 2006, s. 186.
  113. Tompson 1995, s. 123.
  114. Tompson 1995, s. 125–126.
  115. 115,0 115,1 Taubman 2003, s. 259.
  116. «[…] great public resonance» – Taubman 2003, s. 263.
  117. Taubman 2003, s. 262–263.
  118. Tompson 1995, s. 174.
  119. Taubman 2003, s. 260.
  120. Taubman 2003, s. 263–64.
  121. Taubman 2003, s. 264.
  122. Fursenko 2006, s. 15–17.
  123. Tompson 1995, s. 141.
  124. «Khrushchev’s position as first among the members of the collective leadership was now beyond any reasonable doubt.» – Tompson 1995, s. 142.
  125. Taubman 2003, s. 266.
  126. Taubman 2003, s. 266–267.
  127. Fursenko 2006, s. 27.
  128. Taubman 2003, s. 268–269.
  129. Taubman 2003, s. 275.
  130. Taubman 2003, s. 276.
  131. Taubman 2003, s. 279–280.}
  132. Tompson 1995, s. 153.
  133. «[…] congress listened to me in silence. As the saying goes, you could have heard a pin drop. It was all so sudden and unexpected.» – Khrusjtsjov 2006, s. 212.
  134. «It is here that Stalin showed in a whole series of cases his intolerance, his brutality, and his abuse of power […] he often chose the path of repression and physical annihilation, not only against actual enemies, but also against individuals who had not committed any crimes against the party or the Soviet Government.» – frå artikkelen «Text of speech on Stalin by Khrushchev as released by the State Department» i The New York Times (06.05.1956).
  135. 135,0 135,1 135,2 Medvedev 1978, s. 180–82.
  136. Medvedev 1978, s. 128.
  137. Medvedev 1978, s. 185.
  138. Medvedev 1978, s. 184.
  139. Fursenko 2006, s. 544.
  140. 140,0 140,1 140,2 Taubman 2003, s. 650.
  141. «Throughout the Brezhnev years and the lengthy interregnum that followed, the generation which had come of age during the ‘first Russian spring’ of the 1950s awaited its turn in power. As Brezhnev and his colleagues died or were pensioned off, they were replaced by men and women for whom the Secret Speech and the first wave of de-Stalinization had been a formative experience, and these ‘Children of Twentieth Congress’ took up the reins of power under the leadership of Mikhail Gorbachev and his colleagues. The Khrushchev era provided this second generation of reformers with both an inspiration and a cautionary tale.» – Tompson 2005, s. 283–284.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikita Khrusjtsjov