Orenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orenburg
Оренбу́рг
Jernbanestasjonen i Orenburg
Jernbanestasjonen i Orenburg
Flagget til Orenburg Byvåpenet til Orenburg
Flagget til Orenburg Byvåpenet til Orenburg


Plassering
Orenburg is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Orenburg oblast
Grunnlagd
Bystatus
1743
1743
Borgarmeister Jurij Misjtsjerjakov
Geografi
Flatevidd
 - By

300 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

529 600
  1 765,3 /km²
Koordinatar 51°46′″N 55°6′″EKoordinatar: 51°46′″N 55°6′″E
Høgd over havet 150 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 460xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)3532
Bilnummer 56
Nettstad: www.admin.orenburg.ru
Den gamle uralbrua
Boulevard ved breidda av Ural

Orenburg (russisk Оренбу́рг) er ein by og administrativt senter i Orenburg oblast i Russland. Han ligg ved elva Ural, rundt 1250 km søraust for Moskva, nær grensa til Kasakhstan. Han har om lag 530 000 innbyggjarar (folketeljinga i 2002 549 361).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Russland starta å planlegge bygginga av ei austleg grensefestning og by i Sør-Ural, kalla Orenburg, i 1734. Kolonistar grunnla opphavleg ein busetnad i 1735 ved samløpet mellom elvane Ural og Or. Bynamnet tyder «festninga ved Or», sidan Burg er tysk for festning. Denne busetnaden endra i 1739 namn til Orsk. Eit forsøk vart gjort på å grunnlegge et nytt Orenburg på ein stad kalla Krasnogar, eller «Raud ås», i 1741, men denne busetnaden var mislukka. Eit tredje Orenburg vart endeleg etablert av Ivan Nepljujev der byen ligg i dag, rundt 250 km nedanfor Orsk langs Ural i 1743.

Denne tredje Orenburg fungerte som ein viktig militær utpost på grensa mot dei nomadiske kasakhane og han vart eit senter for Orenburg-kosakkane.

Orenburg spelte ei hovudrolle i opprøret til Pugatsjov (1773–1774). Byen var på den tida hovudstad i eit enormt distrikt og sete for guvernøren. Pugatsjov omleira byen og festninga frå den nærliggande Berda frå oktober 1773 til 26. mars 1774. Forsvaret vart organisert av generalløytnant Reinsdorp. General Golytsin sigra over Pugatsjov ved Berda og seinare igjen ved Kargala, nord for Orenburg. Mesteparten av byen låg i ruinar og fleire tusen av innbyggjarane omkom under omleiringa.

Den kjende russiske forfattaren Aleksander Pusjkin vitja Orenburg i 1833 under ein tur for å samle materiale til bøkene sine Pugatsjovs historie og den kjende romanen Kommandantens datter. Han møtte her venen Vladimir Dal, som seinare skulle skrive den første seriøse russiske ordboka.

Orenburg var base for general Vasilij Perovskij sine ekspedisjonar mot Khiva-khanatet frå 1830- til 1850-talet. Etter innlemminga av Sentral-Asia i Det russiske keisarriket, vart Orenburg ein handelsstasjon og etter fullføringa av Transaral-jernbanen eit viktig knutepunkt på ruta til dei nye sentralasiatiske områda og til Sibir.

Orenburg fungerte som hovudstad i Kirgisiske Autonome Sovjetiske Sosialistrepublikk (i dagens Kasakhstan) innan Russland frå 1920–1925. Då den republikken i 1925 vart omdanna til Kasakhiske Autonome Sovjetiske Sosialistrepublikk vart Orenburg innlemma i Russland og den nye hovudstaden vart Qyzylorda og seinare (i 1929) Almaty.

Frå 1938 til 1957 heitte byen Tsjkalov (russisk: Чка́лов) (etter testpiloten Valerij Tsjkalov). Sidan byen låg langt unna den tyske invasjonen under den andre verdskrigen førte dette til at mange sovjetiske verksemder vart flytta hit medverka til den økonomiske veksten i byen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Selskapet Orenburgenergy er eit av de største energiselskapa i Russland[treng kjelde]. Andre store lokale selskap er naturgasselskapet Orenburggazprom og oljeselskapet Orenburgneft.

Orenburg lufthamn ligg 25 km aust for byen.

Utdanning og kultur[endre | endre wikiteksten]

Av dei høgare utdanningsinstitusjonane i byen finn ein Orenburg statlege universitet, Orenburg statlege medisinske akademi, Orenburg statlege pedagogiske universitet, Orenburg statlege Jordbruksuniversitet, Orenburg-avdelinga av Moskva statlege juridiske akademi, Orenburg institutt for økonomi og kultur og Orenburg statlege universitet for leiing.

I Orenburg ligg fleire teater og museum.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein kjend boulevard ved breidda av Ural er av dei største attraksjonane i Orenburg.

Kjende personar frå Orenburg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Orenburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]