Gerhard Schröder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gerhard Schröder | |
| Tysk forbundskanslar | |
| Regjeringstid | 1998–22. november 2005 |
|---|---|
| Fødd | 7. april 1944 i Mossenberg i Fristaten Lippe (no i Nordrhein-Westfalen)) |
| Føregjengar | Helmut Kohl |
Gerhard Fritz Kurt Schröder (fødd 7. april 1944) var tyske kanslar frå 1998 til 2005. Han representerer det sosialdemokratiske partiet SPD.
Schröder er utdanna jurist, og jobba i mange år som advokat, før han blei politikar. Mellom 1990 og 1998 var han statsminister i Niedersachsen. 27. oktober 1998 vart han innsatt som kanslar, og avløyste då Helmut Kohl.
I Forbundsdagsvalet 2005 fekk han sterk konkurranse om kanslarvervet frå Angela Merkel. Etter eit jamt val, tok ho over som kanslar i november 2005.