Tyske kanslarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kanslaren er leiaren for den tyske sentralregjeringa. Kvar delstat har òg si eiga regjering, leidd av ein statsminister.

Kanslarposisjonen har ein lang tradisjon og går tilbake til det tysk-romerske riket. Ei stilling som forbundskanslar (Bundeskanzler) blei oppretta allereie med det nordtyske forbundet i 1867. Etter at nasjonalstaten Tyskland blei samla i 1871 blei den offisielle nemninga rikskanslar (Reichskanzler), og posisjonen fekk stort sett den forma han har hatt sidan. Sidan 1949 har den offisielle nemninga igjen vore forbundskanslar.

Liste over tyske kanslarar[endre | endre wikiteksten]

Keisertida

1871-1890 Fyrst Otto von Bismarck
1890-1894 Grev Leo von Caprivi
1894-1900 Fyrst Chlodwig zu Hohenlohe-Schillingsfürst
1900-1909 Fyrst Bernhard von Bülow
1909-1917 Theobald von Bethmann-Hollweg
1917 Georg Michaelis
1917-1918 Grev Georg von Hertling
1918 Prins Maximilian von Baden
1918 Friedrich Ebert (SPD)

Weimarrepublikken

1919 Philipp Scheidemann (SPD)
1919-1920 Gustav Bauer (SPD)
1920 Hermann Müller (SPD)
1920-1921 Konstantin Fehrenbach (Det katolske senterpartiet)
1921-1922 Karl Joseph Wirth (Det katolske senterpartiet)
1922-1923 Wilhelm Cuno
1923 Gustav Stresemann (DVP)
1923-1925 Wilhelm Marx (Det katolske senterpartiet)
1925-1926 Hans Luther
1926-1928 Wilhelm Marx (Det katolske senterpartiet)
1928-1930 Hermann Müller (SPD)
1930-1932 Heinrich Brüning (Det katolske senterpartiet)
1932      Franz von Papen (Det katolske senterpartiet)
1932-1933 Kurt von Schleicher (upolitisk)

Tredje riket

1933-1945 Adolf Hitler (NSDAP)
1945      Joseph Goebbels (formelt ein dag) (NSDAP)
1945 Grev Lutz Schwerin von Krosigk (upolitisk)

Etterkrigstida

1949-1963 Konrad Adenauer (CDU)
1963-1966 Ludwig Erhard (CDU)
1966-1969 Kurt Georg Kiesinger (CDU)
1969-1974 Willy Brandt (SPD)
1974-1982 Helmut Schmidt (SPD)
1982-1998 Helmut Kohl (CDU)
1998-2005 Gerhard Schröder (SPD)
2005–     Angela Merkel (CDU)
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.