Gilbert Stuart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1778
George Washington, ukjent år

Gilbert Charles Stuart (3. desember 17559. juli 1828) var ein US-amerikansk kunstmålar. Stuart var ein leiande kunstmålar i tida etter den amerikanske revolusjonen og er særleg kjend for sine mange portrett av George Washington. Eitt av portretta er gjengitt på den US-amerikanske dollarsetelen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stuart var fødd i Saunderstown i Rhode Island. Faren var ein skotsk immigrant som arbeidde snusindustrien, og som frå 1762 dreiv handelsverksemd i Newport i Rhode Island.

Sonen Gilbert fekk opplæring i kunstmåling av ein skotsk kunstmålar frå 1770. Året etter reiste Stuart til England. Der prøvde han å livnære seg som kunstmålar, men gav opp og reiste heim i 1773.

Han reiste på ny til London i 1775. Der møtte han landsmannen Benjamin West og gjekk dei neste seks åra i lære hos han. På 1780-talet naut Stuart godt av store inntekter og stønad, dels på grunn av å vere ein sjarmerande person. Han tok høge prisar for verka sine, men sløste vekk pengane og stod ei tid i fare for å hamne i gjeldsfengsel.

År 1793 vende han tilbake til USA i håp om å skape seg ein formue gjennom å portrettere George Washington. Han lukkast og var nærast å rekne for ein hoffmålar for det samtidige USA. Stuart måla alle dei seks første US-amerikanske presidentane.

Stuart levde frå 1805 i Boston i Massachusetts, der han døydde i armod.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gilbert Stuart

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon