Newport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Newport
Geografi
Areal
73,4 km²
Administrasjonsstad
Newport
Demografi
Folketal
- Totalt (2007)
- Folketettleik

140 200
1 910,1 /km²

Newport (walisisk Casnewydd) er den tredje største byen i Wales, etter Cardiff og Swansea. Han er tradisjonelt ein del av Monmouthshire, men utgjer no eit eige administrativt grevskap. Sjølve byen fekk status som city i samband med feiringa av 50-årsjubileet til dronning Elisabeth II som monark. Elva Usk renn ut i Bristolkanalen ved Newport.

Det fulle walisiske namnet er Casnewydd-ar-Wysg, som tyder «det nye slottet ved Usk». Dette viser til eit slott som vart bygt der på 1100-talet og som no er bevart som ruin i sentrum. Det vart kjent som det nye slottet på grunn av den mykje eldre romerske festninga ved Caerleon.

Fordi byen var ein viktig hamneby for handelstrafikk fekk han på engelsk namnet Newport i staden for Newcastle, som ein kunne ha venta. Under gravearbeid i samband med eit nytt kultursenter fann ein eit skip frå 1400-talet som låg godt bevart i mudderet ved hamna.

Newport er forbunde til resten av Storbritannia med motorvegen M4 og hovudjernbanelinja Great Western.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I bronsealderen var fiskarar busette langs elva og ved fjorden ho renn ut i. Seinare bygde silurane, ei keltisk stamme, fleire borger på åsryggar rundt fjorden. For romarane var staden ein utpost mot dei keltiskkontrollerte områda og ei festning vart bygd ved Caerleon for å forsvare vadestaden i elva.

Normannarar kom til staden i 1090 og starta å bygge ei borg som vart fullført på 1100-talet. Dei bygde òg ei bru over elva nedanfor slottet. Byen voks opp omkring dette og i 1385 fekk han eit charter frå Hugh, jarl av Stafford.

I 1839 var Newport eit sentrum for chartistrørsla. John Frost gjekk saman med 3000 opprørarar mot Westgate Hotel, der ein framleis kan sjå kulehol frå opptøyane ved inngangen. John Frost-plassen i sentrum er kalla opp etter han.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]