Girringun nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wallaman-fossen i Girringun nasjonalpark.

Girringun nasjonalpark (engelsk Girringun National Park, tidlegare Lumholtz nasjonalpark, engelsk Lumholtz National Park) er ein nasjonalpark i Queensland i Australia, om lag 50 km sør-vest for Ingham, 110 km nord for Townsville og 1290 km nord-vest for Brisbane.

Då nasjonalparken vart oppretta i 1994 fekk han namnet Lumholtz, eit namn han hadde fram til 2003. Området rundt Blencoe-fossane blei del av Lumholtz nasjonalpark i 2000. Tre år seinare fekk parken aboriginarnamnet Girringun.

Girringun nasjonalpark har eit flatemål 1538 km² og består i hovudsak av skogar med hardlauvtre, med små lommer av regnskog langs austskråningane og på åstoppane. Tre fjellkjeder dominerer landskapet, som er overstrødd av granittrestar etter eit vulkanutbrot som fann stad for ei 100 000 år sidan. Girringun er mest kjend for den 268 meter høge Wallaman-fossen, høgste fossen i fritt fall i Australia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Girringun nasjonalpark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]