Giuseppe Peano
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giuseppe Peano (27. august 1858–20. april 1932) var ein italiensk matematikar, logikar og lingvist.
Han var professor ved universitetet i Torino frå 1890. Namnet til Peano først og fremst knytt til Peano-aksioma, som gjev ein aksiomatisk definisjon av dei heile positive tala, samt den såkalla Peano-kurva, som gjev ei kontinuerleg avbilding av eit linjestykke på eit kvadratisk flatestykke, slik at eit kvart punkt i kvadratet kjem fram som biletet av nøyaktig eitt punkt på det gjevne linjestykket. Kurva fyller derfor heile kvadratet. Peano skapte òg det internasjonale hjelpespråket Latino sine flexione, som han sjølv nytta i skriftene sine.
Kjelder [endre]
- Giuseppe Peano. (2011-11-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Giuseppe_Peano